Dette heilage evangeliet står skrive hos evangelisten Lukas i det 2. kapitlet:

I dei dagane lét keisar Augustus lysa ut at det skulle takast manntal over heile verda. Dette var første gongen dei tok manntal, og det hende medan Kvirinius var landshovding i Syria. Då fór alle heim, kvar til sin by, og skulle skriva seg i manntalet.

 

Også Josef drog då frå byen Nasaret i Galilea og opp til Judea, til Davidsbyen, som heiter Betlehem, for han høyrde til Davids hus og ætt, og skulle skriva seg der saman med Maria, som han var trulova med. Ho venta då barn. Og medan dei var der, kom tida då ho skulle føda, og ho fekk son sin, den førstefødde; ho sveipte han og la han i ei krubbe, for dei fann ikkje husrom nokon stad.

Det var nokre gjetarar der i området som var ute på markene og heldt vakt over flokken sin om natta. Med eitt stod ein Herrens engel framfor dei, og Herrens herlegdom lyste kringom dei. Då vart dei gripne av stor redsle. Men engelen sa til dei: «Ver ikkje redde! Sjå, eg kjem til dykk med bod om ei stor glede, ei glede for heile folket. I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by. Han er Messias, Herren. Og det skal de ha til teikn: De skal finna eit barn som er sveipt og ligg i ei krubbe.» Brått var det ein stor himmelhær saman med engelen; dei lova Gud og song:

«Ære vere Gud i det høgste,

og fred på jorda

blant menneske som Gud har glede i!»

Slik lyder Herrens ord.

 

Det skulle takast manntal i Palestina for 2000 år sidan. Maria og Josef gav seg difor på veg frå Nasaret til Betlehem. Maria er høggravid. Ho klarer ikkje å gå så rask. Difor har dei kanskje ein esel med seg. Den går nok ikkje raskare enn o men ho blir ikkje så sliten. Josef er tømmermann og difor har han kanskje  litt verktøy med seg. Elles eig det ikkje stort meir enn det dei har på seg.

Det er ingen løyndom at eg føljar nøye med kva som skjer i Midd-Austen. Eg har venner der på begge sider. Også i desse dagar skal det takast manntal i det heilage landet. Denne gongen hadde nok vært umogleg å kome seg fram til Betlehem for Maria og Josef. Det ei mur som er nesten like høg som kyrkja på Haramsøy som stenger av vegen frå Nasaret til Jerusalem. Det bur folk som snakkar same språket på begge sider av muren. Over ein fjerdedel av befolkninga i staten Israel er ikkje jødisk. Når ein har kome seg bak muren er det utallege skjekkpunkt. Eg har sjølv vært der nede. Ved desse skjekkpunkt er unge israelske soldatar som er redde. Jenter må 2 år i militæret og gutar 3 år. Mange av dei seier ”Vi kaster bort den beste tida av livet vårt, vi har mykje anna vi skulle gjøre.” Og dei er redde. Dei er redde for palestinske attakk, for rakettar og sjølvmordsbombarar.

På den andre sida er palestinarar  som er redde og som opplever dei unge usikre israelarane som sjikanerande. Mens økonomien hos oss og i Israel kjem seg opp i nye høgder har økonomien i dei palestinske områda stupa med over 40 prosent. Over ein fjerdedel av den palestinske befolkninga ynskjer å emigrere, ynskjer å forlate heimlandet sitt. I Gaza, i eit område der 1,5 millionar er avstengt frå verda rundt seg i over eit halvt år. Gaza er eit getto der ikkje lengre er mogleg å har eit verdig liv. Det nytter heller ikkje å ha opphaldsløyve for Noreg. Forlovaren min, ein venn som eg kjenner lengre enn kona mi, har opphaldsløyve for Noreg for både seg sjølv og kona si. Kona hans er gravid. Ho har allereie mista eit born og denne gongen er det ei fare at ho miste både barnet og livet sitt i noko som kunne være ein nesten vanleg fødsel i Noreg. Det nytter ikkje.

Eg hadde eit ynskje for jula i år. Eg ynskja å sitje ved krybba i lag med vennane mine. Eg ville feire i lag med Fatima og Abed. Eg får ikkje oppfylt ynsket mitt. Eg håer at det blir annleis for dykk. Det er få kristne som er att i det heilage landet, men dei som er att trenger forbøna våre.

For 2000 år sidan kunne Jesus bli født i ein stall i Betlehem. Gud blei menneske for å være oss nær. Gud blei menneske for å slette ut syndene våre i påsken, alt det som skaper avstand mellom oss og gud. Gud blei menneske for å dele livet med oss. Han ynskjer å dele både glede og sorg med oss. Han ynskjer å være med oss. Etter alt som har skjedd her i den siste tida er det viktig at vi ikkje gløymer det. Det er viktig at vi ikkje gløymer dette barnet i krybba i kvardagen vår og at vi husker å fortelje historia om dette barnet vidare borna våre. AMEN