Det er måndag. Ei veke til jul. På onsdag førre veke var det framføringa av ”Den store kongen” i Haram kyrkje. Også i dag har eg vært nede i kyrkja. Eg satt fram juletreet. No skal kyrkjetenaren pynte den. På torsdag er det skulegudsteneste. Det blir jul igjen. Men jula i år er ikkje heilt slik jula skal være. Det blir nok ikkje den rette julefreden dette året i alle fall ikkje på Haramsøy. Det er noko som har skjedd på torsdag. To menneske er død. To barn har mista foreldra sine.

Venner og kollegar er borte. Menneske sitt der og spør seg: Kva kunne vi har gjord annleis? Kva ansvar har vi? Etter alt eg veit har folket på Haramsøy prøvd sitt beste for å integrere denne familien. Dei har prøvd sitt og om ein skal leite etter eit ansvar for ei betre integrering så må det skje i støtteapparatet.

Vi skal feire jul. Vi har eit ansvar overfor borna våre. Ansvaret vårt er at vi ikkje tar jula frå borna våre. Sjølv om det kanskje  ikkje blir same høgstemninga denne gongen, så skal vi feire likevel. Vi skal feire jul, vi skal feire at Guds son blei menneske, for å være oss nær. I Jesus Kristus blei Gud menneske for å være oss nær i vår sorg, i alt det vonde vi må oppleve og for å frelse oss.

Over heile jorda og på nesten alle språk leses i det på nesten alle språk på jorda denne forteljinga som står skrive hos evangelisten Lukas i det 2. kapitlet:

I dei dagane lét keisar Augustus lysa ut at det skulle takast manntal over heile verda. Dette var første gongen dei tok manntal, og det hende medan Kvirinius var landshovding i Syria. Då fór alle heim, kvar til sin by, og skulle skriva seg i manntalet.

Også Josef drog då frå byen Nasaret i Galilea og opp til Judea, til Davidsbyen, som heiter Betlehem, for han høyrde til Davids hus og ætt, og skulle skriva seg der saman med Maria, som han var trulova med. Ho venta då barn. Og medan dei var der, kom tida då ho skulle føda, og ho fekk son sin, den førstefødde; ho sveipte han og la han i ei krubbe, for dei fann ikkje husrom nokon stad.

Det var nokre gjetarar der i området som var ute på markene og heldt vakt over flokken sin om natta. Med eitt stod ein Herrens engel framfor dei, og Herrens herlegdom lyste kringom dei. Då vart dei gripne av stor redsle. Men engelen sa til dei: «Ver ikkje redde! Sjå, eg kjem til dykk med bod om ei stor glede, ei glede for heile folket. I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by. Han er Messias, Herren. Og det skal de ha til teikn: De skal finna eit barn som er sveipt og ligg i ei krubbe.» Brått var det ein stor himmelhær saman med engelen; dei lova Gud og song:

«Ære vere Gud i det høgste,

og fred på jorda

blant menneske som Gud har glede i!»

Slik lyder Herrens ord.

 

Situasjonen for Maria og Josef er ikkje enkelt. Den er vanskeleg, for å sei det mildt. Josef blei med Maria for å ta seg av ho, sjølv om han ikkje var faren til barnet. Barnet skulle jo bli Guds son. Og nå føder ho i ein stall og må prise seg lykkeleg for det. Dette er ei katastrofe! Jesus Guds son ligg i ei krybbe – det hadde Maria nok tenkt seg annleis.

Men så kjem gjetarane. Dei fortel om englane og det dei såg. Slik blir det glans over stallen. Jesus er ein konge. Men han er nok ein annleis konge. Han blir ikkje født i eit slott. Han blir født i ein stall. Han blir født under nok så uvanlege omstendigheitar. Han blir født blant vanlege menneske og for vanlege menneske, for deg og meg, for oss.

Gud blei menneske, han blei menneske for å være oss nær og for være med oss i gode og vonde dagar. I jula skal vi feire barnet som er Guds son og vi skal feire det for og med borna våre, sjølv om det kanskje ikkje er det einaste vi har i tankane.

Ei velsigna juletid og eit godt nytt år!

Michael Hoffmann (Sokneprest i Haram) på Haramsøy