På sundag skal vi tenne det første lyset. Endeleg er adventtida i gong. Advent- det tyder framkomst.

Adventtida – tida før jul skal minne oss på at Jesus kjem att. Jesus kjem att i herlegdom, han skal halde dommedag og han skal opprette riket sitt. Og alle dei som trur på han, alle dei som går han i møte treng ikkje å være redde. Ingen av dei som trur på han skal gå fortapt.

Advent - Eg veit ikkje korleis det er med dykk, men for meg lukter dette ordet også og det smaker. Det lukter julegran og røykjelse og det smaker julebakst. Og det er ein ting det ikkje lukter for meg og det er grønsåpe. Advent og jula kan vi ikkje opptene oss, det er ei gåve . Eg fortrekker å tar DEN store vaskeaksjonen i huset på våren før vasketorsdagen – skjærtorsdag.

Advent – det er ei ti full av spenning. Eg veit ikkje korleis det er med dykk, men då eg var barn, då var gåvene i grunn det viktigaste. Vi hadde ikkje så mykje vi kunne handle, men vi lager gåver til både store og små. Og som born skreiv i også ynskjelister.

Når eg les evangelieteksten for sundagen, så finn eg inne i det noko som likner på ei ynskjeliste for vaksne – i alle fall for meg.

Dette heilage evangelium står skrive hjå evangelisten Lukas i det 4. kapitlet:

Han kom òg til Nasaret, der han var oppvaksen, og på sabbaten gjekk han inn i synagoga, som han var van med. Då han reiste seg og ville lesa frå Skrifta, gav dei han boka åt profeten Jesaja. Han opna bokrullen og fann den staden der det står:

Herrens Ande er over meg,
for han har salva meg til å forkynna
ein gledebodskap for fattige.
Han har sendt meg for å ropa ut
at fangar skal få fridom,
og at blinde skal få sjå,
for å løysa dei trælka or tvang
og ropa ut eit nådeår frå Herren.

Så rulla han bokrullen saman, gav han til tenaren og sette seg. Og alle som var i synagoga, heldt augo sine feste på han. Då tala han til dei og byrja såleis: "I dag vart dette skriftordet oppfylt medan de høyrde på." Alle lét vel om han og undra seg over dei herlege orda som kom frå hans munn.

Slik lyder Herrens ord.

”ein gledebodskap for fattige.
Han har sendt meg for å ropa ut
at fangar skal få fridom,
og at blinde skal få sjå,
for å løysa dei trælka or tvang
og ropa ut eit nådeår frå Herren.”

 

Glede for dei fattige, fridom for fattige, lys for blinde, frigjering – eit nådeår frå Herren. Det er nesten for godt til å være sant. Alt dette når vi nå går inn i eit nytt kyrkjeår.

Framleis er det fattige, framleis sitt folk uskyldig innestengt i fengslar og heile regionar – sånn som Gazastripen, framleis finns det sjukdom og folke som ikkje vill eller som ikkje klarer å sjå, framleis er det for mange som må oppleve naud, vold og tvang.

 

Kan det då være sant?

 

Ein dag fekk eg høyre ei forteljing:

Var det draum eller røynda, då eg kom heilt inne i tankane mine i ein by i ein butikk. Forhandlaren bak disken verka nok så framand og det kan hende gan gøymde to vingar under den snøkvite skjorta si. Hyllane var heilt til oppe under taket fylt med esker, pakker og poser. Men i mørket klarte eg ikkje å sjå kan som er inne id ei.  Og eg spurte forhandlaren: Kva er det de sel her? Jo alt det du ynskjer deg, det har vi her. Alt det du lengtar, det som du ikkje lengre håpa på  etter alt  det som gjer deg glad. Då kan du tenkje deg korleis eg hasta med å nemne ynskja for han: Du eg ynskjer fred på jord, ein full mage for alle, jobb etter emne, gjerrigskap av auga, meir hjerne  i hovuda, meir tid for borna, lyse hus for alle, respekt for dyra, glede for alle mann - då eg prøvde å puste, jo da  sa han: Nei, det går ikkje an. Nei eg sel ikkje frykt eg sel berre frø.

 

Og eg trur slik er det også med Jesus las i Nasaret. Han planta ei ny røynd men han haustar nok ikkje før han kjem att. I mellomtida er det vår oppgåve å være gode hushaldarar gode gartnar som får  frøet hans til å vokse å til bære gode frykt.

Jesus sa aldri at huset skal blinke til jul – han blei født i einstall utan støvsuger eller grønsåpe. Men han sa: Det de har gjord mot ein av desse miste brør, det har de gjord mot meg.

Sjølv i velferdsstaten vår er det mange som treng hjelp og det er ikkje alt ein kan kjøpe og betale heller. Dropp julevasken – det er reint nok, dropp kanskje nokre gåver – mange barn her veit ikkje kva dei skal gjer av leiketøyet sitt. Men ta deg tid: Tid til slakke ned farta og til å besøke folk. Kor mange er det som sitt åleine heime? Kor mange er det som er framand i dette landet og som aldri har blitt bedt inn ein norsk heim?

Det er for dei fleste ikkje pengar som er den knappaste ressursen, sjølv om vi ofte kan få eit slikt inntrykk. Den knappaste ressursen er tida. Og det er den Jesus trenger – tida vår.

Kast ikkje bort adventtida på Moa eller med julevask – bruk tida for han som skal kome!

 

Luk 10:27

Han svara: "Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarta og av heile di sjel og av all di makt og av alt ditt vit, og elska nesten din som deg sjølv."

 

AMEN