Dette heilage evangeliet står skrive hos evangelisten Matteus i det 5. kapitlet:
Då Jesus såg folkemengda, gjekk han opp i fjellet. Han sette seg, og disiplane samla seg om han. Då tok han til orde og lærde dei:
«Sæle dei som er fattige i si ånd,
himmelriket er deira.
Sæle dei som sørgjer,
dei skal bli trøysta.
Sæle dei audmjuke,
dei skal arva jorda.
Sæle dei som hungrar og tørstar etter rettferda,
dei skal bli metta.
Sæle dei miskunnsame,
dei skal få miskunn.
Sæle dei reine i hjartet,
dei skal sjå Gud.
Sæle dei som skaper fred,
dei skal kallast Guds born.
Sæle dei som blir forfølgde for rettferd skuld,
himmelriket er deira.
Ja, sæle er de når folk for mi skuld spottar og forfølgjer dykk, lyg og talar vondt om dykk på alle vis. Gled dykk og jubla, for stor er løna dykkar i himmelen! Slik forfølgde dei òg profetane før dykk.
Slik lyder Herrens ord.
På sundag er det allehelgensdag. På denne dagen er det i mange kyrkjer ei god sedvane å minnast dei som døde i løpet av det siste året.
Eg står ofte ved graver og eg må innrømme at eg liker å være med menneske når dei har mista ein av sine kjære. Eg liker å hjelpe. Uansett om det er ei gamal oldemor på rundt hundre år som døyr, ein bestefar i sine beste år, ei ung mor eller eit barn som ein må tar avskjed med: Døden er alltid ei utfordring for livet. Det er nok tyngast og mest vanskeleg å ta avskjed med ein som døyr ung, men det er heller ikkje enkelt å ta avskjed med eit gamalt menneske som har vært der så lenge alle dei andre klarer å huske. Døden er ein avskjed frå livet her på denne jorda. Eg var i familien min med i gravferdar utan eit perspektiv utover dette livet utan tru. Og det er noko av det mest triste eg veit om: ein avskjed for all æve. Men om vi har den kristne trua, då har vi også eit håp. Vi har lovnaden om det evige livet.
Joh 3:16
For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.
Det er ikkje den store trua som må til, men at vi trur. Trua på den krossfeste og oppstadne Jesus Kristus. Og han skal ta vare på oss.
Eg veit ikkje heilt nøyaktig korleis dette evige livet, dette livet hjå gud blir, men eg veit at det blir bra. Eg veit at det blir betre enn dette livet her på jorda. Sundagenspreiketekst, saligprisingane fordømmer ingen, men dei gir ein smakebit om korleis det blir i guds rike, i ei ny røynd hjå gud.
Mine tankar er på denne sundagen likevel med dei som måtte ta avskjed:
Herre Jesus være du med alle dei som måtte ta avskjed med ein av sine kjære. Herre, ber deg for alle dei som sørgjer, dei som hungrar og tørstar etter rettferda. Herre gi dei og oss ein sterk tru slik at vi kan stole på lovnadane dine. Herre hjelp oss å leve vidare i dette livet etter din gode vilje.