Dette heilage evangelium står skrive hjå evangelisten Lukas i det 12. kapitlet:

Ein i folkehopen sa til Jesus: "Meister, sei til bror min at han skal skifta arven med meg!" Men Jesus svara: "Ven, kven har sett meg til å døma eller skifta mellom dykk?" Så sa han til dei alle: "Ta dykk i vare for all havesykje!

For det er ikkje det du eig, som gjev deg livet, om du har aldri så mykje."
Og han fortalde dei ei likning: Det var ein gong ein rik mann. Jorda hans hadde bore godt, og han tenkte med seg: "Kva skal eg gjera? Eg har ikkje rom åt grøda mi. Jau, no veit eg det: Eg vil riva ned løene mine og byggja dei større, og der vil eg samla kornet og alt det eg elles eig. Og så vil eg seia til meg sjølv: No har du mykje godt liggjande for mange år. Unn deg ro, et, drikk og ver glad!" Men Gud sa til han: "Du dåre! I denne natt krev dei livet ditt av deg. Kven skal då ha det du har samla?" Såleis går det med den som samlar seg skattar og ikkje er rik i Gud.

Slik lyder Herrens ord.

 

 

Det er nok litt merkeleg å få ein tekst som startar med ein arvekrangel som preiketekst til hausttakkefesten. Det er jo i dag vi skal takke for grøda på marka, fiskane i havet og maten på bordet.

Vi treng maten for å overleve. Og likninga om den rike bonden gjer det tydeleg kor forgjengeleg dette livet er og at del vi eig her på denne jorda. Og det er nok litt vel trist på ein sånn dag, der vi skal takke med glede og feire, det vi har fått.

Så kanskje det passer betre med ein anna start?

Som prest og far av snart 3 småbarn les eg ikkje berre i bibelen, men også i ein del andre bøker. Og eg reknar med at dokke veit kven som er Donald Duck, Onkel Skrue og Ole, Dole og Doffen?

Onkelen til Donald Skrue McDuck liker å symje i pengebingen sin slik som andre gjør det i Badelandet på Finnøya. Han er gjerrige og egoistisk og det er nok langt i frå alle som er glad i denne karen.

Dei fleste synes nok at nevøen hans, Donald er mykje mei sympatisk. Han har aldri pengar og det er nesten ingen som kan være så uheldig slik som han.

Kunne ikkje Skrue steppe inn og hjelpe han med ein liten grand pengar?  Kunne ikkje skrue dele litt? Eg har ennå ikkje klart å finne dette hefte der eg kunne finne denne historia. Alltid må Donald uføre dei verste jobbane for onkelen sin. Og han får ikkje ein gong sikkeleg lønn for det. Tvert i mot: av og til må han til å med nøye seg med  dei kloke råd frå onkelen sin om korleis han fekk pengane sine.

 

Det er Skrue McDuck eg tenkjer på når eg leser om den rike bonden i likninga. Ein mann som har alt og som ynskjer ennå meir. Han lever livet sitt for seg sjølv utan relasjon til samfunnet.

 

Det er i alle fall det bilete eg som far ser når eg leser denne teksten. Det er ingen skam å ha pengar, det er ingen skam å tene pengar. Også eg skal ha lønninga mi den 12. kvar månad og eg kan krangle med bispedømekontoret når ikkje alt er i orden med den. Eg jobbar ikkje berre for eit vennleg ord, men også for lønninga mi.

 

Også den rike bonden ser lønninga for arbeidet sitt når han ser hausten og når han ser på dei fulle låvane sine. Han har klart mykje og om han nå klarer å bygge ei ennå større låve, då er pensjonen sikra. Ikkje noko meir å bry seg om. Er ikkje det herleg?

Men som kriste kan vi ikkje glede oss heilt med han. Den som har, har nemleg også ei forplikting overfor fellesskapet. Og den rike bonden seier ikkje noko slik, han tenkjer det heller ikkje. Han tenkjer berre på sine eigene lommer, si tryggleik, utan å huske fellesskapet.
Den som har , har også eit ansvar for fellesskapet, samfunne rundt seg. Samstundes har vi også ein rett til å eige det som er vårt. Korleis kan ein få orden i dette ?

 

Eg skal prøve å gjer det ved hjelp av Skrue McDuck, ein rabbi og bestemora mi.

 

Rabbien sa ein gong:

Den rike bonden mister eksistensgrunnlaget sitt, fordi han kviler seg på overskotet sitt, pengane sine. Heile livet hans kviler på det han eig, på det forgjengelege.

Den rike bonden mister eksistensgrunnlaget sitt, fordi han kviler seg på overskotet sitt, pengane sine. Heile livet hans kviler på det han eig, på det forgjengelege.

Eg måtte lese det to gongar.

For rabbien forvekslar bonden Guds fred med materiell overskot. Han bygger livet sitte på noko forgjengeleg og mister gud. ”Det du henger hjertet ditt på, det er din gud.” seier Luther. Og det er den materielle velstanden som er gud for bonden.

Bonden tenkjer kanskje: Er eg rik? Gud elskar meg! Men han sluttar å tenkje der. Han tenkjer ikkje lengre enn fram til låvane sine. Han ser ikkje til gud og gløymer fellesskapet og det ansvaret og den forpliktingar som han har.

 

Skrue McDuck viser oss at det kan være gøy å ha rikeleg med pengar, å bade i det og å ta vare på det. Men heldigvis er han ikkje åleine. Heldigvis har han folk rundt seg slik som  Ole, Dole og Doffen eller bestemor Duck som minner han på det ansvaret han har for verda rundt seg. Og etter ein samtale med bestemor Duck kan det til og med hendet at han betaler gjelda til Donald, eller at han gir jobben tilbake til folk som han har sparka – han kjem i hug ansvaret sitt.

 

Likninga sluttar med at bonden får vite om at han må døy. Og det er her bestemora mi kjem inn i bilete. Ho har ingen stor pensjon, og er eit sparsamt menneske, men ho liker å gi. Og når vi sei til ho at vi tener vår eigne pengar og at ho kanskje heller bør kjøpe noko til seg sjølv. Då sei ho: Eg gir heller noko med den varme handa enn at dokke må ta det frå den kalde. Når eg har noko til overs gir eg heller i levande livet enn som arv. Den siste skjørta har ingen lommer.

Det er det den rike bonden har gløymd.

 

Det er ikkje feil å eige noko, men det er feil å gløyme folke rundt seg. Den som har, har også eit ansvar. Det skal huske på når vi i dag takker for alt det fine vi har fått.

AMEN