Det er KRIK – KRistent Idretts Kontakt som er temaet for denne gudstenesta.

I over 2000 prøver menneske prøvd å leve etter guds ord. Og når ein graver litt i kyrkjehistoria er det særleg nonner og munker som har vært ivrig med akkurat dette. Men tok desse folka også skikkleg vare på kroppen sin? Har vi fått vite om at dei trent eller pleia kroppen sin? Nei! Eller har nokon av dokke høyrt om det opne klostermesterskap for Noreg ?

Tvert imot. Og det gjorde dei fordi dei stod i ei gresk filosofisk tradisjon som skilja veldig mellom kropp og sjel. Og kroppen er der ikkje viktig i det heile tatt. Det er det kroppslege som står der for all synd. Og det skulle slettast ut. Og det utartar seg til dels nok så rart: Folk som tilfører seg sjølv smerte kvar einaste natt eller som ber om å bli mura inn i fleire veker eller månader.

Men har vi eit einaste Ord frå Jesus som gir grunnlag for det? Nei! Og det har vi ikkje fordi denne skilja mellom kropp og sjel har sitt utspring ikkje i Jesu ord, men hos den greske filosofen Platon som levde på 3 og 4hundretalet før Jeus fødsel.

 

På spørsmålet om kva som er eit menneske får vi nok så eintydige svar i bibelen:

Menneska som kvinne og mann er guds skapnad med både kropp og sjel. Og sjølv om guds ord fortel om både kropp og skjel så høyrar dei to saman. Dei kan være forskjellige dimensjonar eller aspektar av eit menneske, men dei høyrar saman, dei kan ikkje skiljast: 1 Mos 2:7 ”Og Herren Gud skapte mannen av mold frå marka og bles livsande inn i nasen hans, så mannen vart til ein levande skapning.”

”1 Mos 5:1 Den dagen Gud skapte mennesket, skapte han det i Guds bilete.” Menneska blei skapa i Guds bilete med både kropp og skjel. Og kor tett dette høyrar saman det kan ei lese mykje om i Høgsangen.

 

Apostelen Paulus sjølv har nok så sterke røter i den greske kulturen og likevel også hoss han finn vi mykje interessant særleg i første korinterbrev:

Veit de ikkje at dei som spring på stadion, dei er alle med i løpet, men berre éin får sigersprisen? Spring då slik at de vinn prisen! 1Kor9,24

Han bruker eit bilete frå den greske sportskulturen.

 

Paulus sliter med kroppen sin. Han er ofte sjuk og krev mykje av den. Men han veit også at ein må ta vare på kroppen. Det viktigaste for han  er kanskje: Alt har eg lov til, men ikkje alt tener til det gode.

Og han har eit interessant bilete: Kroppen som tempel for Jesus:

 

 

1 Kor 6,12-15+ 19-20

Alt har eg lov til, men ikkje alt tener til det gode. Alt har eg lov til, men eg skal ikkje la noko få makt over meg. Maten er til for magen, og magen for maten, men Gud skal gjera ende på dei begge. Kroppen er ikkje for hor; han er for Herren, og Herren er for kroppen. Gud reiste opp Herren, og ved si kraft skal han òg reisa oss opp. Veit de ikkje at kroppane dykkar er Kristi lemer?

Veit de ikkje at kroppen dykkar er eit tempel for Den heilage ande som bur i dykk, han som de har frå Gud? De er ikkje lenger dykkar eigne: De er kjøpte, og prisen er betalt. Difor skal de æra Gud med kroppen!

 

Difor skal de æra Gud med kroppen! Dette er ei utfordring.

 

Kroppen vår er ei gåve frå Gud.

Veit de ikkje at kroppane dykkar er Kristi lemer? Slik spør Paulus. Menneska og kvart einskild menneske Du og Du og Du, vi alle er skapt i Guds bilete. Vi er skapt som Mann og kvinne, som gut og jente.  Å ha ein kropp og å bli kroppsleg det tyder å være ekte: Og Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss. Joh 1,14 menneske står det i den norske oversettinga. Men det greske orde som står der tyder likemykje også kropp og kjøt. Ordet var kropp. I Jesus blei gud eit menneske med ein ekte kropp, med bein og kjøt, med armer , hender og alt som høyrer til. Eit menneske som ein kunne klemme, som ein kunne vaske føtene til. Også vi er menneske med kroppen vår. Det er med kroppen eller kanskje betre på kroppen vi kjenner livet. Vi er menneske med kroppen vår. Alt vi gjer, gjer vi med kroppen.

 

Kroppen vår ein bustad for gud:

Veit de ikkje at kroppen dykkar er eit tempel for Den heilage ande som bur i dykk, han som de har frå Gud?

Det gamle testamentet fortel om mange som får guds ande og som gud bruker som medarbeidarane sine. Og då vi blei døypt fekk også vi den Heilage Ande, Guds ande. Og han ynskjer å bruke oss som medarbeidaren sine. Dei hendene som gud har her på jorda er dei han har gitt oss. Vi er hendene og føtene hans her på jorda. Og det at han gir oss sin heilage Ande det seier at han stoler. Han vil bruke oss, men vi må gi han mogleik til dette. Han vil bruke oss med kroppen vår. Han vi bruke oss til å gi handa til kvarandre, til å gå medmenneska våre i møte, til å snakke med kvarandre, til å forsvare han og oss, til å elske kvarandre, til å gi kvarandre ein klemm, til å hjelpe med å pusse opp bedehuset eller , eller, eller

Guds Ande ynskjer å setje oss i sving og kroppen vår kan være ein plass der vi kjenner gud slik som i ein tempel.

 

Vår kropp – til å prise Gud

De er kjøpte, og prisen er betalt. Difor skal de æra Gud med kroppen!

Vi skal bruke kroppen vår til å ære gud. Og til dette må vi halde kroppen  i stand. Det er viktig at vi tar vare på både kropp og skjel. Og det kan nok hende att menn og kvinner gjer det på ein litt forskjellig måte. Vi har jo heldigvis også litt forskjellige kroppar. Men kvinnene er nok for det meste litt flinkare med det. Vi skal ta vare på kroppen vår. Kroppen skal ikkje være det viktigaste, men vi skal ta vare på den. Vi skal ikkje være fiskerte på den, men vi skal ta vare på den. Idrett skal ikkje være det einaste i  livet, særeleg når ein kjører til både trening og kamp, men det er godt med litt trim for å ta vare på kroppen.

Vi skal ta vare på kroppen, vi skal ikkje skade den. Vi skal halde den  i form slik at gud får bruke den. Vi skal ta vare på kroppen og di for bør ein igjen halde seg til Paulus: Alt har eg lov til, men ikkje alt tener til det gode. Det er difor vi ikkje skal bruke doping og det difor vi ikkje skal slite kroppen meir enn han tåler. Vi skal ta vare på kroppen slik at gud kan bruke oss med både kropp og skjel. Og difor er eg glad for at vi har både KRIK og nokre kriste turgrupper her der både kropp og skjel – heile mennesket – blir styrkja. Og vi kunne har ennå meir av det.

AMEN