Endleg har vi konfirmantar igjen det synes eg er kjekt. Eg synes tida utan konfirmantar i gudstenesta er alltid litt trist. Det er i grunn litt slik at når eg endeleg kan namna på konfirmantane, då er det konfirmasjon og dei er borte igjen. Og sjølv om eg nå har konfirmert over 100 stykkar er det ein del namn som framleis sitt fast i hovudet mitt.

Og eg kan også ein god del namn av dei eg døypte. Husker dokke framleis kva eg spurte før eg døypte barnet (Anniken)?

Eg spurte ”Kva heiter barnet?” Eg spurte etter namnet henna. Det er noko spesielt med et namnet vi berar, det namnet som vi bli kalla på. Jakob tyder for eksempel ”han som tok hælen”. Og det at han blir kalla på namnet sitt er det dagens preiketekst handlar om:

 

 

Jes 43,1-3 Og no, så seier Herren, han som skapte deg, Jakob, og laga deg, Israel: Ver ikkje redd! Eg har løyst deg ut og kalla deg ved namn, du er min. Går du gjennom vatn, er eg med deg, gjennom elvar, skal dei ikkje riva deg bort. Går du gjennom eld, skal du ikkje svi deg, og logen skal ikkje brenna deg. For eg er Herren din Gud, Israels Heilage, din frelsar.

Her heng det bildet av konfirmantane våre med namnet. Slik at eg skal lære meg namna. Kvar og ein av dokke berar  eit unikt. Kvar og ein av dokke har si eiga unik personleik, sin karakter: Den eine er litt meir stille. Den andre litt meir høglydt. Ei liker å provosere, meins ei anna prøver å vike unna all konflikt. Det namnet vårt er noko personleg. Når namnet mitt bli nemnt, meiner det heile meg, alt som høyrar til meg, også  det som berre eg sjølv veit om.

Vi, dei aller fleste av oss er døypte på namnet sitt. Vi fekk namnet frå foreldra våre og det knyter oss til dei så lenge vi berer dette namnet. Og sidan vi er døypte på dette namnet veit også gud om namnet vårt. Det knyter han til oss og oss til han.

Eg har løyst deg ut og kalla deg ved namn, du er min.” seier gud. Når gud kjenner og nemner namnet mitt – kva meiner det for meg?

 

Kanskje får eg illustrere  det med ei lita historie: Eg kjenner ein kristen leirstad der dei også har konfirmantleir med jamne mellomrom. Roma der har ikkje berre nummer, dei har også namn. Namn som : kjærleik, tålmod, trufast, fred, glede, audmjuke osv.

Nesten kvar gong kjem ein av dei som er med på leir og spør presten: Kvifor har du lagd meg inn på ”kjærleik” eller ”fred”? For det meste har presten ikkje tenkt noko særleg over det. Likevel er dei som bur i eit av desse roma utfordra til å ta stilling til dette namnet på romet sitt, på ei eller anna måte.

Namnet på romet utfordrar dei til å være litt meir audmjuke, fredlege, glad osv.

Og på same måten blir vi også utfordra av namnet vårt, men det er utfordring som høyrer med til kvart namn som ein eller ei blir døypt på. Det er ei sånn utfordring til eit kvart namn, eit kvart menneske som er kjent hos gud:

”Du er døypt, du er guds barn. Du tilhøyrar gud.” Namnet vårt er kjent hos gud. Vi høyrer til han og han ynskjer å ta vare på oss. Men han utfordrar oss til å bruke han som orientering i livet vårt. Gud er polen og bibelen er kompasset.

Det er ennå ei stund fram til konfirmasjonen. Og i denne tida skal vi prøve å lære dokke noko. Vi skal prøve å lære dokke å bruke kompasset i livet dykkar. Vi skal ikkje prøve å levere tungleste bruksanvisningar. Men vi skal prøve å vise det til dokke på ein praktisk måte og vi skal fortelje dokke mykje om kven den treeinge gud er. Han som vi møter som faderen og sonen og den heilage ande og han som veit namnet dykkar.

Slik at dokke veit kva dokke står for når namnet dykkar blir lest opp på konfirmasjonssundagen, når vi leser konfirmasjonsverset og ber for kvar einskild av dykk.

Gud er med oss han gløymer oss aldri. Han kjenner oss med namnet vårt.

Eg har løyst deg ut og kalla deg ved namn, du er min.” det har han sagt og til det står han. Han ynskjer å ta vare på oss. Og han er trufast. Det einaste han vil er at vi tar han på alvor. Er at vi trur på han. Han spør ikkje først kor stor eller kor liten trua er, men om vi trur.

Vi skal prøve å fortelje og å vise dokke korleis dokke kan møte han og korleis dokke kan ta trua med inn kvardagen. Men det er ikkje alt vi er like flinke til. Vi er menneske, vi også. Og det er ikkje alle spørsmål som dokke kanskje sitt med som vi veit om og eg for min del håper på mange og utfordrande spørsmål. Men det er helle ikkje alle spørsmål som vi kan svare på med det same, dei verkeleg gode spørsmål må vi først tenkje oss om. Men slik som gud alltid har eit opent øyre til dei han kjenner til skal også vi har eit opent øret for alt det dokke kjem med. Og vi er glad for alle spørsmål de kjem med. Slik skal vi prøve vårt slik at dokke kan stå framme på konfirmasjonsundagen og være med ti truvedkjenninga.

Og denne teskten som verkeleg skal kunne til slutt:

 

Joh 3:16

For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.

 

AMEN