Dette heilage evangelium står skrive hjå evangelisten Johannes i det 15. kapitlet:

Jesus sa: Når talsmannen kjem, han som eg skal senda dykk frå Faderen, Sanningsanden som går ut frå Faderen, då skal han vitna om meg. Men de òg skal vitna, for de har vore med meg frå det fyrste. Dette har eg sagt dykk så de ikkje skal førast til fall. Dei skal støyta dykk ut or synagoga.

Ja, det kjem ei tid då kvar den som slår dykk i hel, trur at han gjer Gud ei teneste. Og alt det gjer dei av di dei korkje kjenner Faderen eller meg. Dette har eg sagt dykk så de, når den tid kjem, skal koma i hug at eg sa dykk det.

Slik lyder Herrens ord.

 

Eg husker ennå sist eg snakka om denne teksten: Då var eg på Lepsøy og skulle undervise om temaet: Kven er den heilage Ande?

Det blir brukt mange forskjellige ord o han: Prakletos som tyder ein som er kalla til å være med og som kan være ein advokat, ein rådgivar, hjelpar eller som det står i dei fleste oversetjingane ein trøystar. Og så ,brukast orde sanningsanden.

Å snakke om Den Heilage Ande er vanskeleg nok i og for seg sjølv i alle fall for lutherske kristne og det at det brukast så mange forskjellige uttrykk om han gjer saka ikkje enklare.

Kven er då den heilage Ande? Vi eit ein del om faderen og sonen, men det er lite vi veit om Den Heilage Ande. Eg skal sjå litt kva eg finn om han i bibelen:

Første gang han blir nemnt  er nok så tideleg i bibelens første to vers:

1 Mos 1:1-2 I opphavet skapte Gud himmelen og jorda. Jorda var aud og tom, og mørker låg over havdjupet. Men Guds Ande sveiv over vatnet.

 

Men også då menneska vart skapa var han med. Her brukes det det hebraiske ordet ruach som tyder livspust:

1 Mos 2:7 Og Herren Gud skapte mannen av mold frå marka og bles livsande inn i nasen hans, så mannen vart til ein levande skapning. – Anden gir fysisk liv til mennesket.

I utganspunkt kom anden berre over utvalde menneske til utvalde tidar for utvalde oppgåver.

Den satt handverkarane i stand til å lage stiftshytta. Verknaden deira fekk seg ein ny dimensjon. Det er han som får Gideon til å tale (Dom 6,15+34) og den er i stand til å setje menneske fri:  Uansett om dett skjer fysisk:

Dom 15:14 Då Samson kom til Leki, sprang filistarane imot han med høge rop. Då kom Herrens Ande over han. Reipa om armane hans vart som brend tråd, og banda datt av hendene hans som om dei var morkna.

Eller åndeleg: som det var hjå profeten Jesaja: Jes 61:1-2 Herrens Ande er over meg; for Herren Gud har salva meg. Han har sendt meg til å forkynna ein gledebodskap for armingar, til å lækja dei som har eit knust hjarta, til å ropa ut fridom for fangar og frigjering for dei bundne. […] Eg skal trøysta alle som syrgjer …

Den heilage var lova av faderen. Då gud måtte kjennet at folke hans ikkje klarte å halde sine bud bestemte han for å lære sine bud på ein ny måte, han ville stifte ein ny pakt:

Jer 31:33 Nei, såleis er den pakta eg vil gjera med Israels-folket i dagar som kjem,lyder ordet frå Herren: Eg vil leggja mi lov i hugen deira og skriva henne i hjarta deira. Eg vil vera deira Gud, og dei skal vera mitt folk.

Og dette skulle skje gjennom at menneska skulle få eit nytt hjarte

Esek 36:26-27 Og eg vil gje dykk eit nytt hjarta og la dykk få ei ny ånd inni dykk. Eg vil ta steinhjarta ut or kroppen dykkar og gje dykk eit kjøthjarta i staden. Min Ande vil eg gje inni dykk, og eg vil laga det så at de fylgjer mine føreskrifter og tek vare på mine lover, så de lever etter dei.

 

Guds Ande skulle ikkje lengre være berre gis til utvalde menneske til utvalde tidar for utvalde oppgåver. Joel 2:28 Ein gong skal det henda at eg renner ut min Ande over alle menneske.

Og dette fullførar han med Jesus. Nesten alle som hadde noko med Jesu fødesel å gjer blei fylt av Den Heilage Ande: Maria; Josef; Elisabeth, Sakarja og Johannes. Og døyparen forkynner kva Jesus kjem til å gjer: Luk 3:16 "Eg døyper dykk med vatn. Men det kjem ein som er sterkare enn eg. […] Han skal døypa dykk med Heilag Ande og eld. ”

Og I Jesu dåp kjem Anden som ei due ned frå himmelen og gjer tydeleg at Jesus er fullstendig fylt av Den Heilage Ande.

 

Og etter at Jesus er reist, til pinse kjem Anden over dei som trur på Jesus:

Apost 2:2-4 Brått kom det eit brus frå himmelen, som når ein sterk vind fer fram, og det fylte heile huset dei sat i. Dei fekk sjå tunger liksom av eld, som skilde seg og sette seg på kvar ein av dei. Då vart dei alle fylte av Den Heilage Ande, og dei tok til å tala på andre tungemål etter som Anden gav dei å forkynna.

 

Når eit barn blir døypt i namnet åt faderen og sonen og den heilage Ande seier vi: ”Den allmektige Gud har nå gjeve ditt sin heilage Ande gjord deg til sitt barn og teke deg inn i sin truande kyrkje. Han styrkje deg med sin nåde til det evige liv.”

 

Det er den heilage Ande som gjer oss dugande som Guds verktøy her på jorda. Men det er opp til oss kor mykje rom vi gir han. Det er opp til oss som Anden lever eit liv som ei uttørka potteplant i oss eller om han få leve og blomstre i oss.  Og gud har mange oppgåver han treng folk til: Frå kakebaking til det å halde ei hand, frå det å snakke sjølv til det å lytte, frå det å gå sjølv til det å ta andre med. Gud har bruk for alle.

 

Vi lev nå i Anden si tid. Den Heilage Ande er ikkje lengre avgrensa il utvalde menneske til utvalde tidar for utvalde oppgåver. Og det er ikkje berre solskin. Det kan være nok så upopulær.  ” Ja, det kjem ei tid då kvar den som slår dykk i hel, trur at han gjer Gud ei teneste.” Men det gjeld å stå på for Herren vår gud, for han stå på for oss på korset.

AMEN