Det er ikkje alltid så enkelt å leve sin kristne tru. Det å ta trua si på alvor har skjeldent vært populær. Og det er skjeldent det er behageleg. Også i dag er det ikkje det mest behagelge å være her ute i dag. Men vi er her i alle fall frivillig. Men det ingen sjølvfølje at vi har eit bedehus eller ei kyrkje til å møtast. Det er ofte sanninga som er minst populær. Og den som fortel om det er det heller ikkje. Det fortel også preiketeksten om.

 

Preiketekst: Joh 15:26-16:4

Jesus sa: Når talsmannen kjem, han som eg skal senda dykk frå Faderen, Sanningsanden som går ut frå Faderen, då skal han vitna om meg. Men de òg skal vitna, for de har vore med meg frå det fyrste. Dette har eg sagt dykk så de ikkje skal førast til fall. Dei skal støyta dykk ut or synagoga. Ja, det kjem ei tid då kvar den som slår dykk i hel, trur at han gjer Gud ei teneste. Og alt det gjer dei av di dei korkje kjenner Faderen eller meg. Dette har eg sagt dykk så de, når den tid kjem, skal koma i hug at eg sa dykk det.

 

Teksten har to delar: den eine fortel om Den Heilage Ande, om trøystaren og den andre fortel om for følginga som ventar på dei truande.

 

Det er heldigvis ingen som jagar oss ut, verken ut av kyrkja, bedehusa eller husa våre. Sjølv om vi har ein stat som av og til styrer kyrkja i ei retning som vi ikkje liker, blir ikkje vi forfølgt på grunn av trua vår. Slik er det ikkje i alle land: For ikkje alt for lenge sidan blei tre kristne i den tyrkiske byen Malatya drepen på grunn av trua si. I Nordkorea er tusenvis av kristne fengslet i arbeidsleir. I Saudiar-Arabia er det forbod  mot ei kvar kristne forsamling og kristne truast med fengsel og tortur. I ferieparadiset Maledivene blir kristne behandla som rusavhengige og sinnsjuke. Den som vender om til kristendomen i Jemen truast med dødsstraff og støytast ut av fellesskapet. I Buthan mister som Kristen alle menneske- og borgarrettigheitar. I Vietnam blei over 100 kristne fengslet og mishandla.

Og slik kunne eg fortsette med minst 50 land. For eksempel er det i Storbritannia forbod å bære kristne symbola på mange arbeidsplassar.

Det verste eksemplet er kanskje Iran. Kvar år blir kristne fleire kristne fengslet og kristne blir pressa til å konvertere til Islam. Det er forbod mot å hjelpe kristne som har konvertert frå Islam. Og likevel sender norske myndigheitar asylsøkarar som har vendt om frå Islam til trua på Jesus Kristus att til dette landet. Grunngjevinga: Dei trengte ikkje å frykte forfølging om dei ikkje levde trua si. Forstår meg rett, eg er statskyrkjetilhengar, men denne beskjeden frå myndigheitene i eit land der den evangelisk-lutherske trua er statsreligion.

 

For meg er det viktig å fortelje om dette, for meg er det viktig å vitne om at den kristne trua er noko som må levast ut. Den kristne tru er på ingen måte så personleg, at den kan levast berre for seg sjølv, den treng fellesskapet. Er ein døypt og gir ein Sanningsanden, Den Heilage Anden rom, er det ikkje slik at ein kan vitne om det, ein må vitne. Heldigvis skal ikkje alle vitne med ord. Heldigvis er også mange andre måtar å vitne på: det å kome på ein gudsteneste eller eit møte på bedehuset, det å glede andre med noko: eit besøk, ein kake, ei helsing eller det å be for kvarandre. Det er mange måtar å uttrykke vitnemålet sitt på. Og ikkje alle er like populære.

Men eit viktig vitnemål er også å stå opp for dei som blir forfylgja på grunn av trua si og kanskje med å skrive brev men kansskje og om ein så må med å opne kyrkja eller bedehuset for å gi asyl.

 

Gud sender oss sanningsanden for å vitne, men han skal også hjelpe oss når dette vitnemålet gjer oss upopulær.