På baksida av songarket finn dokke eit bilete. Bilete er ei teikning av kunstnaren van Rijn som på 1600tallet levde i Holland. Han var kanskje den mest kjente malaren i den nederlandske barokken. Men også han måtte oppleve mange tunge stunder. Berre to av hans 5 barn blei voksen og han

overlevde to koner. Då han døde var berre datera hans igjen. Rembrandt stod alt for ofte ved forskjellige grav. Han døde av smerta over å miste nesten all sine. Og blei sjølv gravladt i ein anonym grav. Han etterlèt seg over 2000 kunstverk

Og både denne teikninga og dagens preiketekst handlar om eit grav:

 

Dette heilage evangelium står skrive hjå evangelisten Matteus i det 28. kapitlet:

Då sabbaten var til ende, og det tok til å ljosna fyrste dagen i veka, kom Maria Magdalena og den andre Maria og ville sjå til grava. Då kom det brått eit kraftig jordskjelv; for ein Herrens engel steig ned frå himmelen, gjekk fram til grava og velte steinen ifrå og sette seg på han. Han var som lynet å sjå til, og kleda hans var kvite som snø. Vaktmennene skalv av redsle då dei såg han, og dei vart liggjande som døde. Men engelen tala til kvinnene og sa: "Ver ikkje redde! Eg veit at de leitar etter Jesus, han som vart krossfest. Han er ikkje her; han er oppstaden, som han sa. Kom og sjå staden der han låg! Skunda dykk av stad og sei til læresveinane hans: Han er oppstaden frå dei døde, og no går han føre dykk til Galilea; der skal de få sjå han. No har eg sagt dykk det." Då skunda dei seg bort frå grava, redde, men jublande glade; og dei sprang av stad og ville fortelja det til læresveinane.

Slik lyder Herrens ord.

Alt dette har skjedd så plutseleg. Det er ikkje lengre enn sidan torsdagskvelden at Jesus satt i lag med læresveinane sine for å feire pesah måltidet. Så kom sviket, fornektinga og dommen. Jesus går lidingens veg på via dolorosa. Han døyr på korset. I all hast blir han lagt i grava på fredagskvelden. Han må være i grava før sola går ned, før sabbaten byrjar. Dette skjer veldig hektisk. Det nå bar at Joseph frå Arimatea hadde ei grav som kunne brukast slik at ikkje dyra skulle forsyne seg med liket. Men alt dette skjedde så hektisk. Dei fekk ikkje å ta avskjed med Jesus. Dei fekk ikkje ein gong stelle liket hans. Nå har det gått to dagar og det er på morgonen den tredje dagen. Det kjennes framleis uverkleg. Det er ikkje sant at Jesus er død. Kvinnene er på veg til grava. Dei skal stelle Jesu lekam. Dei vil prøve å realisere at Jesus er død. Dei er nedstemte og går bøya. Dette er ingen enkelt veg, men nokon må jo gjer det.

Dei pratar seg iblant korleis dei skal kome seg inn i grava. Det blir nok vanskeleg å få den store steinen borte. Slik kjem dei til grava.

Han er oppstanden! Slik heiter denne teikninga frå Rembrandt og det er bodskapen kvinnene får frå engelen. Han er oppstanden! Dei klarer ikkje å fatte det. Det var vanskeleg no å venne seg til tanken at Jesus er død. Men nå er til og med lekamen hans borte. Han er oppstanden! Dette klarer dei ikkje å oppfatte dei må sjå! Forsiktig går dei inn i grava. Veldig forsiktig. I bakgrunnen ser ein framleis korsa. Men grava er tomt. Jesus er borte staden der han låg er tomt. Han er oppstanden! Han lever! Han døde for oss! Vi skal og oppsto og leve! Han er oppstod! Halleluja.

Eg er glad for at dokke i dag fant vegen til kyrkja for å feire det største kristne høgtida i lag med oss. Jesus er oppstod. Han lever!

Men kven er det som høyrar dette i dag? Når denne glade bodskapen fram til alle dei som er i fjellheimen eller på tur. Kva er viktigast med påske i dag? Er det det at vi får fri frå jobben eller det at Jesus er oppstod og vi på denne måten blir fri frå den evige døden. Når denne bodskapen framleis fram til oss eller blir den borte mellom hytteferie, påskefjell, påsketilbod og påskekrim. Det er bra å setje seg ned for å puste ut også i påske. Men det er viktig at vi ikkje gløymar kvifor vi feirar påske. ” Skunda dykk av stad og sei til læresveinane hans:” sa engelen til kvinnene og det er også oppdraget vårt. Vi skal ikkje sitje stille og kose oss med sjølve, men vi skal bære den glade bodskapen vidare, til våre barn og barnebarn og til kvarandre. Kyrkja det er fellesskapet av dei som trur på at Han er  oppstanden! Jesus Kristus er sanneleg oppstanden. Og som eg kjenner folket og meg sjølv er det ofte litt vanskeleg å kome i gang og difor skal vi gjer det her og nå. Snur dokke rundt og hels på folke rundt dokke med den gamle påskehelsinga ”Han er oppstanden, han er sanneleg oppstanden.”