Jesus skal ha eit siste måltid i lag med disiplane sine. Pesah festen. Festen som skal minne Israelsfolket om det at Gud leia dei ut av slaveriet i Egypt. Festen skal minne om frigjeringa. For Jesus og disiplane blir dette pesah måltidet den siste nattverden.

Kva var på bordet då Jesus feira nattverd: Det var lammekjøtet og brødet. Brødet skulle være usyra for å minne om at dei hadde hastverk då dei reiste frå Egypt. Dei hadde ikkje tid for surdeig. Vin skulle være med fordi det skulle være eit fest. Dei bitter urter i vinen skulle minne dei om å ikkje bli hovmodig i fridomen.  Dei skulle bli minna om dei bitre dagane i Egypt.

Pesah måltidet høyrar heime i familien og Jesus feirar med dei som er familien hans. Han er ikkje heime. Han inviterer seg sjølv hos nokon der han kjenner seg trygt. Han kjenne seg heime der.  Eg håper at også de kan kjenne at de er heime her i dette huset.

Det er husfaren som skal be med gjestane. Vi veit ikkje kven som tok denne rolla denne gongen, om det var Jesus sjølv eller om det var han som eigde huset.

Dette er det siste måltidet for Jesus. Og med dette får pesah ein ny smak: Slik som gud gjekk framom  Israelsfolket  for å leie dei, skal Jesus leia menneska: Med sin død skal han overvinne døden. Jesus må dø. Med sin død skal han vise at menneskeleg makt leiar til døden, men guds makt leiar til oppstoda og eit nytt liv. Eit nytt liv ikkje berre for han, men for alle dei som trur på han. Og dette utfordrar oss til å bruke gåvene våre: For å ta imot dei som er framand, for å mette det svolt, for å gi vann til dei som tørster, for å forkynne det glade bodskap med det vi gjer.

Det må har vært ei rar stemning der i Jerusalem. Glad, men likevel nedstemt, glede og samstundes ei spent utryggleik.

Jesus og disiplane ligg til bords. Også Judas, han som snart gjer det som må gjerast. Han blir eit verktøy for menneska si makt og utan å vite om det blir han og eit verktøy for guds makt. Judas får være med. Jesus sender han ikkje bort. Han får ei siste sjanse til å vende om. Jesus veit kva Judas har tenkt å gjer. Det er han som få bestemme om dette måltidet blir det siste. Og Jesus snakkar med han. Judas svarer ikkje. Han kjem til å svikte han. Alt skal skje stille slik at det ikkje blir noko opprør. Han kjem til å melde Jesus til tempelpolitiet. Jesus veit det, men Judas svarer ikkje.

Også vi har svikter Jesus mange gongar. Vi lever ikkje slik som han hadde ynskja det. Likevel våger vi å stole på Guds nåde. Vi kan vedkjenne  syndene våre og få dei tilgitt.

Og vi kan møte Jesus i nattverden slik som han sa det. Jesus feirar pessah som minna Israelsfolket på frigjeringa frå slaveriet i Egypt. Gjennom Jesu død og dette siste måltidet i Jerusalem blei nattverden, påskemåltidet også eit frigjeringsmåltid for oss. Jesus gjer oss fri dette blir synleg i nattverden.