Eg var på Fjørtofta. Med barn frå barnehagen og barneskulen vandra vi gjennom påskeveka. Inne i kyrkja følgde vi Jesus frå Jul og fram til påske. Vi såg Jesus som 12åring i templet og vi blei hans disiplar. Det passa godt sidan vi var akkurat 12 stykkar. Så stoppa vi på palmesundag og ridde med Jesus inn i Jerusalem. Vi opplevde nattverden og fotvaskinga på skjærtorsdag og sløkka Kristuslyset på langfredag. Og vi gleda oss over oppstoda på første påskedag.

Påske, det er den største og viktigaste kristne festen. Til påske minnast vi på at Jesus døde for oss og at han er oppstod. Hans oppstode på ein sundag er grunne til at vi feirar sundagen og ikkje måndagen, laurdagen eller fredagen.

Og denne sundagen var det palmesundag. Med denne sundagen startar påskeveka. ”Jesus rir inn i Jerusalem” det er teksten som vanlegvis høyrer til denne dagen.

 

Dette heilage evangeliet står skrive hos evangelisten Johannes i det 12. kapitlet :

Seks dagar før påske kom Jesus til Betania, der Lasarus budde, han som Jesus hadde vekt opp frå dei døde. Der heldt dei eit festmåltid for han. Marta var tenar, og Lasarus var ein av dei som låg til bords med han. Då tok Maria eit pund ekte, dyr nardussalve og salva Jesu føter og tørka dei med håret sitt. Heile huset vart fylt av angen. Då sa Judas Iskariot, ein av disiplane, han som sidan sveik Jesus: «Kvifor vart ikkje denne salven seld for tre hundre denarar og pengane gjevne til dei fattige?» Dette sa han ikkje fordi han hadde omsorg for dei fattige, men fordi han var ein tjuv. Det var han som hadde ansvaret for pengekassa, og han tok av det som vart lagt der. Men Jesus sa: «Lat henne vera! Ho har gøymt salven til gravferdsdagen min. Dei fattige har de alltid hos dykk, men meg har de ikkje alltid.»

Den store mengda av jødar som var samla, fekk no vita at Jesus var i Betania. Og dei kom dit, ikkje berre for Jesu skuld, men òg for å sjå Lasarus som han hadde vekt opp frå dei døde. Då la overprestane planar om å drepa Lasarus òg, for mange av jødane drog dit for hans skuld og kom til tru på Jesus.

Dagen etter fekk den store folkemengda som var komen til høgtida, høyra at Jesus var på veg inn i Jerusalem. Då tok dei palmegreiner og gjekk ut for å møta han, og dei ropa:

Hosianna!
Velsigna vere han som kjem
i Herrens namn,
Israels konge!

Slik lyder Herrens ord.

 

Det er kjent at floket vifter med palmegreinar når Jesus er på inn i byen. Men har du lagt merke til kva som skjedde før? Maria ”salva Jesu føter og tørka dei med håret sitt.” Ho brukte ei dyr salve som ho hadde gøymt til Jesu gravferdsdag.

Er det å salve føtene til Jesus ikkje det like god som å kasta salva bort? Skal ho ikkje bruke den på gravferdsdagen lengre?

Det er mykje symbolikk som ligg i denne handlinga å salve føtene til Jesus.

I Israel gjekk ein gjerne utan sko eller med ikkje meir enn sandalar på føtene. Så sett ein seg ned til bordet og dette bordet er ofte ikkje meir enn ein teppe som ligg på golvet.  Og for at dei skitne føtene ikkje skal kome for nær maten blir føtene vaska. Det er oppgåva til ein tenar eller slave til vaske føtene. Maria gjer seg sjølv til ein tener for Jesus nå ho bruker oljen på føtene hans.

Det er berre prester,  profeter og store kongar som blir salva med ei slik dyr salve i levande livet. Ordet messias – ”masjach” – tyder ”Den som er salva”.  Den som er salva skal være frelsaren Israelsfolket og heile verda. Jesus er denne frelsaren.

Jesus døde på korset for oss. Han døde på korset for å frelse oss. Han døde for at vi skulle kunne kome til gud. Han døde og han er sod opp att for at vi skulle få eit evig liv. Jesus blei ikkje liggjande i grava. Difor kunne Maria bruke denne dyre salvoljen for å gjer det synleg at Jesus er messias, frelsaren.

Jesus er oppstanden og Maria trudde på at han skulle sto opp før han døde. Jesus lever, han er oppstanden, han døde og lever for oss. Husk han når du leser påskekrimmen din! God påske!

Michael Hoffmann