Det står skrive i Johannes’ første brev i det 5. kapitlet:

Dette er vitnemålet: Gud har gjeve oss evig liv, og dette livet er i hans Son.

Den som har Sonen, har livet. Den som ikkje har Guds Son, har ikkje livet.

Dette har eg skrive til dykk så de skal vita at de har evig liv, de som trur på namnet åt Guds Son. Og denne frimodige tilliten har vi til han: at han høyrer oss når vi bed om noko som er etter hans vilje. Og når vi veit at han høyrer oss, same kva vi bed om, då veit vi òg at vi alt har det vi har bede han om.

Slik lyder Herrens ord.

 

Dette er eit kors. Ei kors som eg fekk den dagen då eg blei 18 år. Og sidan har eg hat det rund halsen i nesten alle dagar. Det er folk som reagerar på det at ein mann bærer gul rund halsen, men for meg har dette korset aldri vært eit smykke men eit minne. Sjølv om eg ikkje fekk det til dåpen min er det likevel eit minne for meg. Korset er eit symbol for Jesus Kristus. Jesus levde her på jorde for snart 2000 år sidan. Han var gud, men han blei eit menneske for å være oss nær. Og som eit menneske måtte han oppleve mange vonde ting: Han var einsam. Han sylta. Han blei avvist og svikta. Mange trudde på det han sa, men dei fleste var redde for han og ville drepe han. Jesus kunne har brukt makta si, men det gjorde han ikkje: Sjølv då dei pinte han, då han måtte lide og då dei avretta han gjorde han ingenting. Han gjekk gjennom alt dette fordi han visste at han skulle sto opp. Han skulle sto opp for oss. Jesus gjekk gjennom alt dette for at vi skulle kunne kome til gud. Vi skal få eit evig liv hjå gud. Og Jesus lova at alle dei som trur på skulle kunne være hjå gud og han skal ta vare på dei som ein god far.

Korset som eg bærer rund halsen min er ein skatt for meg. Det er det ikkje fordi det er laga av gul, men fordi det er eit kors. Frå eg blei døypt med 14 år og til eg blei 18 år brukte eg eit kors som var laga av byggjestål. Korset er ein skatt fordi det er eit symbol, eit teikn for Jesus Kristus og eit minne på han og trua på han.

Gud har gjeve oss evig liv, og dette livet er i hans Son. Den som har Sonen, har livet. Den som ikkje har Guds Son, har ikkje livet.

 

Korset er også eit teikn for at vi er del av eit fellesskap: «Eg har fått all makt i himmelen og på jorda. 19 Gå difor og gjer alle folkeslag til disiplar! Døyp dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage ande 20 og lær dei å halda alt det som eg har bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står.» (Matt 18,16-20) sa Jesus. Og dette klarer vi berre i lag, i eit fellesskap. Og til dette fellesskapet høyrer alle dei som er trur på Jesus Kristus og som er døypte. ”Den som trur og blir døypt, skal bli frelst. Men den som ikkje trur, skal bli fordømd.” Mark 16,16 alle dei som trur på Jesus Kristus er ein del av dette fellesskapet uansett kva språk dei snakkar og uansett kor dei er. Uansett om dei er i Jungelen i Burma, i eit telt på prærien eller i eit flott kyrkjebygg her på Haramsøy. Kyrkja er fellesskapet av dei sum på Jesus Kristus og den skjer der dei møtast i hans namn. (Matt 18,20) For der to eller tre er samla i mitt namn, der er eg midt iblant dei.».

 

Vi er ikkje åleine. I Jesus er gud med oss. Og det er difor er har korset rund halsen: For å minne meg om at eg er aldri åleine. Jesus er med oss alle dagar. Ikkje synleg, men som ein usynleg venn. Og han høyrar alt vi bed han om. Det gjer ikkje noko forskjell for han om vi skrik, om vi sei det nok så lav mælt eller om vi berre tenkjer noko. Gud kan lese i hjarta våre og han høyrer hjarta våre. Vi får ikkje oppfylt alle våre ynskjer, men gud lyttar på oss og han tar vare på oss. Det kan vi være sikre på.