Dette heilage evangeliet står skrive hos evangelisten Lukas i det 11. kapitlet:

Ein gong dreiv Jesus ut ei vond ånd som var stum. Og då den vonde ånda hadde fare ut, tala han som hadde vore stum. Folket undra seg. Men nokre av dei sa: «Det er ved hjelp av Beelsebul, herskaren over dei vonde åndene, at han driv dei vonde åndene ut.» Andre ville setja han på prøve og kravde eit teikn frå himmelen av han. Men Jesus visste kva dei tenkte, og sa til dei:

«Kvart rike som kjem i strid med seg sjølv, blir lagt øyde, og hus på hus rasar saman. Er no Satan komen i strid med seg sjølv, korleis kan då riket hans bli ståande? De seier då at det er ved Beelsebul eg driv ut dei vonde åndene. Men er det ved Beelsebul eg driv ut dei vonde åndene, kven er det då dykkar eigne folk driv ut ånder ved? Difor skal dei dømma dykk. Men er det med Guds finger eg driv ut dei vonde åndene, ja, då er Guds rike kome til dykk.

Når den sterke med våpen i hand vaktar garden sin, får det han eig, vera i fred. Men kjem det ein som er sterkare og vinn over han, då tek denne mannen våpna som den sterke sette si lit til, og deler ut byttet. Den som ikkje er med meg, er imot meg, og den som ikkje samlar med meg, han spreier.

Slik lyder Herrens ord.

 

 

Kvart rike som kjem i strid med seg sjølv, blir lagt øyde, og hus på hus rasar saman.

Den som ikkje er med meg, er imot meg, og den som ikkje samlar med meg, han spreier.

 

Når eg høyrer dette, då ser eg eit bilete av ei historie som nokon fortalte til meg for lenge sidan:

Ein husfar kjente at han hadde blitt gamal og at han var i ferd med å miste kreftene. Han kalla sine 7 barn til seg  og viste dei noko: Først tok han 7 kjepp og knekka kvar kjepp for seg over kneet sitt. Dette var lett gjord – ingen utfordring, det gjekk som det susar. Så tok han igjen 7 kjepp og prøvde å knekke dei over kneet sitt, man han klarte det ikkje. Så gav han kjeppane til borna sine og kvar og ein skulle prøve seg, men ingen av dei klarte å knekke dei 7 kjeppane i lag, sjølv om gutane var nok så sterke.

”Som eit fellesskap er dokke sterke” sa faren ”men kvar for seg kan sjølv den sterkaste av dokke bli knekka. Så stå i lag! Prøv å være einige og la ingen strid splitte dokke.”

Ei stund etterpå blei faren sjuk og døde, men borna tok vare på forteljinga og stod samla ikkje berre in denne generasjonen, men også i dei som kom etterpå.

Når eg stille spørsmålet: Kva er kyrkja? Då er det svaret eg får vanleg vis omtrent slik ”Jo, den står nå på Austnes.” Og vedkomande peiker i den retninga der kyrkjebygget ligg. Det er skjeldent eg får svaret: ”Kyrkja, det er eit fellesskap, ei familie.” Men det er det kyrkja er. Vi er døypte og har i Gud alle ein og den same faren i himmelen. Det er difor vi kan be ”Fader vår”. Vi har alle ein og den same far i himmelen og difor er vi sysken om vi liker det eller ei. Og vi har ein sterk storebror: Jesus Kristus, Guds son.

Kyrkja er fellesskapet av alle dei som er døypte og som trur på Jesus Kristus. Og vi har eit oppdrag: Matt 28:19-20 ”Gå difor ut og gjer alle folkeslag til læresveinar, med di de døyper dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, og lærer dei å halda alt det som eg har bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står." Vi skal vinne menneske for Jesus og vi skal være med på å byggje guds rike. Og til dette trenger vi alle. Vi skal ikkje gjer det kvar for oss, men alle i lag og der vi er: I skulen, på bedehuset, heime, i kyrkje, på jobben , i barnehagen, ute på tur og alle høyrer til familien små og store, svake og sterke. Gud trenger oss alle. Og i lag skal vi bygge guds rikje og utføre oppdraget hans: ” ”Gå difor ut og gjer alle folkeslag til læresveinar, med di de døyper dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, og lærer dei å halda alt det som eg har bode dykk.”