Nå er det litt meir enn ei veke sidan vi kom inn i fastetida. Tida frå askeonsdag og fram til langfredag skal nå være ei fastetid. Men kva er det? Ei fastetid?

”Faste er vanlig innen ulike religioner som en tid av refleksjon, bønn, åndelig fornyelse, rensende prosess, botgjøring med mer.” Slik står det i leksikonet mitt.

Ei tid av refleksjon, bøn, andeleg fornying, ein reinsande prosess, botgjering. Sjølv om faste vanlegvis blir kopla saman med mat er mat berre eit element i dette. Og det å ha mindre fokus på maten skal i grunn være berre eit hjelpemiddel for å få meir fokus på gud. Faste det er ei tid av refleksjon, bøn, andeleg fornying, ein reinsande prosess, botgjering. Fastetida det er ei tid for gud.

Eit viktig element i ein sånn prosess er også det å ta seg tid til å sjå på alt det som vi har lagt mellom gud og oss. Det er det, at vi blir bevisste på dei mange gongane vi har svikta gud. Dette skal hjelpe oss med å reinse oss sjølve og med å setje ny pris på guds nåde og Jesus Kristi liding død og oppstode. Ein sånn prosess kallar ein også for skrifte.

Skrifte? Når ein høyrer dette ordet får dei fleste eit bilete av katolske kyrkjer som er smykka med gul og som har ein skriftestol i eit mørkt hjørne.

Men det er ikkje berre in den romersk-katolske det er ei tradisjon for å skrifte også i den lutherske kyrkja har vi ei slik tradisjon, sjølv om vi ikkje bruker skriftestolar til det. Det er ikkje mange som bruker skriftemålet nå i dag.

I den vesle katekismen står det på spørsmålet om kva eit skriftemål er: ”Til skriftemål hører to ting: for det første at vi bekjenner syndene våre, for det andre at vi tar imot avløsning eller tilsigelsen av syndenes forlatelse, i Faderens og Sønnens og Den Hellige Ånds navn.”

Skriftemålet er ei sjølvrefleksjon og ein reinsande prosess sidan vi kan leggje alle våre synder, alt det vi finn  i hjarte vårt fram for gud. Og Jesus har lova at han med sin nåde og gjennom sin død og sin oppstode ville slette det ut heilt og fullt.

Å skrifte det kan ein gjer heile året ein kan går til presten eller til ein av sine kriste medsøsken for å lette hjerte sitt og for å få tilsagt forlatinga. I tillegg har vi i fastetida også tilbod om skriftemålsgudstenester, der ein i lag med andre få leggje sine synder fram for gud.

Vi er menneske og vi har synder alle saman. Vi lever ikkje slik som gud ynskjer det. Vi har våre feil. Men vi har også Jesus Kristus og hans nåde som vi kan stole på.