Dette heilage evangeliet står skrive hos evangelisten Johannes i det 2. kapitlet:

Tredje dagen var det eit bryllaup i Kana i Galilea. Mor til Jesus var der. Også Jesus og disiplane hans var bedne. Då det var slutt på vinen, sa Jesu mor til han: «Dei har ikkje meir vin.» «Kva vil du meg, kvinne?» svara Jesus. «Min time er enno ikkje komen.» Då sa mor hans til tenarane: «Det han seier dykk, skal de gjera.»

No stod det seks vasskar av stein der, slike som blir nytta i reinsingsskikkane til jødane. Kvart av dei tok to eller tre anker. «Fyll kara med vatn,» sa Jesus. Og tenarane fylte dei til randa. Så sa han til dei: «Aus no opp og ber det til kjøkemeisteren.» Det gjorde dei. Kjøkemeisteren smaka på vatnet, som hadde vorte til vin. Han visste ikkje kvar vinen kom frå, men tenarane som hadde aust opp vatnet, visste det. Då ropa han på brudgomen og sa: «Alle set først fram den gode vinen, og når gjestene er drukne, kjem dei med den som er dårlegare. Du har gøymt den gode vinen til no.»

Dette var det første teiknet Jesus gjorde; det var i Kana i Galilea. Han openberra sin herlegdom, og disiplane hans trudde på han.

Slik lyder Herrens ord.

 

Eg huskar det veldig godt: Det er fire år sidan eg satt her i kyrkja som nyordinert sokneprest. Eg var akkurat komen att frå ferie og det var Siegfried Lunde som hadde preika denne dagen og det var denne teksten han skulle preike over. Og eg husker kva noko av det han sa: Vi veit det, men vi liker det ikkje. Vi veit det, men vi liker det ikkje.

Og det som er så vanskeleg for han det er at Jesus drakk vin. Og det verste med det er at det ser ut som om han ikkje berre gjorde det ein gong, han må har gjord det fleire gongar. «Alle set først fram den gode vinen, og når gjestene er drukne, kjem dei med den som er dårlegare. Du har gøymt den gode vinen til no.» seier kjøkenmeisteren. Jesus gjorde ikkje berre vatn til vin, han gjorde han gjorde vatn til god vin. Så det er mykje tyder på at han har greie på vin.

Sidan faren min kjem frå eit område i Tyskland der det dyrkast vin veit eg at det er ein god del prøving som må til før ein har greie på kva som er god vin. På Golanfjellet  ved den andre sida av Genesaretsjøen lagast det framleis god vin. Og vinen står her i starten av Jesu forkynning og den står ved slutten, ved nattverden.

Men kva er det Jesus utfordrar oss til me dette? Utfordrar han oss til å bli vinekspertar? Nei, med den norske fyllekulturen er dette alt for farleg. Eg kan godt røpe at eg ikkje er fråhaldsmann, men at eg har stor respekt for fråhaldsfolket. Og det har eg sidan eg har blitt kjent med den lokale fyllekulturen  eller ukulturen. Eg har vært i mange land og i nesten alle land er det bortsett frå folk med kjærleikssorg som drikk seg fulle berre ein gong for livet , er berre alkoholsjuke som drikk seg fulle med jamne mellomrom. Alt dette med vorspiel og nachspiel, det med å drikke for bli fylle. Det sjokkerte meg. At ein drikk for å bli fylle er sagt rett fram: Galskap. Og diverre er det ikkje berre alkoholsjuke som drikk seg fulle det er vanlege folk. Også folk som jobbar i kyrkja. Eg fekk lært av foreldra mine: Nyter du alkohol, då gjer det når du har det gøy og ikkje for å ha det gøy. Når du har det gøy og ikkje for å ha det gøy.

Ef 5:18

Drikk dykk ikkje fulle av vin; det fører til ageløyse. Men vert fylte av Anden,

Skriver Paulus til kyrkjelyden i Efesos. Det er det som skal gjelde for oss.

”Du har gøymt den gode vinen til no.” Det er det som er kjernesettinga i preiketeksta. Med undret i Kana byrjar Jesus å gjer synleg kven han er. Frå jul og gram til dette bryllaupet var Guds son gøymd på jorda. Men nå skal det bli synleg kven han er. Han skal openberre seg meir og meir. I døden på Golgata og i oppstoda skal det blir synleg kven han er og kva han gjer for oss. Og rett før dette møter vi Jesus og vinen igjen: I den siste nattverden: 1 Kor 11:25-26

Like eins tok han kalken etter måltidet og sa: "Denne kalken er den nye pakt i mitt blod. Så ofte som de drikk av han, så gjer det til minne om meg!  [26] For så ofte som de et dette brødet og drikk av kalken, forkynner de Herrens død til dess han kjem."

Vinen skal brukast til å gjer Jesus synleg og ikkje til å drepe hjernane. Vinen skal formidle ein bodskap og det klarer ein ikkje å få med seg når ein er fulle. Bodskapen han skal formidle er at Jesus Kristus er guds son og at han døde på korset for oss, slik som vi er. Vi ser syndarar alle saman, men likevel: Jesus tar imot oss med opne armar. Det er ikkje syndene vår som tel, men at vi trur på han og at vi er guds barn.

Mark 16:16

Den som trur og vert døypt, skal verta frelst; men den som ikkje trur, skal verta fordømd.

Seier Jesus. Han gjekk opp på korset for oss, for vår framtid, for at vi skal får det evige liv. Og han ynskjer å møte oss i nattverden: I vin og brød, er blodet og lekamen hans tilstades. Og han inviterar alle dei som trur på han til å møte han der. Det er ikkje det om du har ein stor reflektert tru eller berre ein liten barne tru som tel, men at du trur. Og Jesus ynskjer å møte deg, han ynskjer å bli synleg for deg:

Joh 3:16

For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.

 

AMEN