Preiketekst: Luk 3:15-17,21-22 (NT2005)

Dette heilage evangeliet står skrive hos evangelisten Lukas i det 3. kapitlet:

Folket gjekk no i venting, og alle tenkte i sitt hjarte: Tru om Johannes kan vera Messias? Då tok han til orde og sa til dei alle: «Eg døyper dykk med vatn. Men det kjem ein som er sterkare enn eg,

og eg er ikkje eingong verdig til å løysa sandalreima hans. Han skal døypa dykk med Heilag Ande og eld. Han har kasteskovla i handa, og han skal reinsa kornet på treskjeplassen og samla kveiten i låven sin. Men agnene skal han brenna med eld som aldri sloknar.»

Alt folket lét seg no døypa, og Jesus vart òg døypt. Medan han bad, opna himmelen seg, og Den heilage ande dala ned over han i skapnad av ei due. Og det kom ei røyst frå himmelen: «Du er Son min, som eg elskar, i deg har eg mi glede.»

Slik lyder Herrens ord.

 

 

Ein man og ei nok så ung kvinne kjem til byen seint på dagen. Dei ser sliten ut. Dei har vandra i fleire dagar, dei er trøtt. Og jenta, ho er meir enn 15 år,  og gravid. Dei kjem til byen, men herberga er fulle og til noko meir har dei råd til. Jenta høggravid fødselen kan skje når som helst og mannen ho reiser i lag med, han er ikkje faren til barnet. Endeleg klarer dei å skaffe s eg ly i ein stall. Det er der barnet blir født. Det ikkje reint der heller og det lukter. Dei legg barnet ditt der dyra får maten sin. Født i ein stall og utanfor ekteskapet. Dette er ikkje koseleg eller romantisk. Dette er ein skandale!

Og tretti år seinare skjer det: Barnet som hadde blitt til ein gud og seinare ein mann.  Mannen kjem til døyparen Johannes for å bli døypt:  Medan han bad, opna himmelen seg, og Den heilage ande dala ned over han i skapnad av ei due. Og det kom ei røyst frå himmelen: «Du er Son min, som eg elskar, i deg har eg mi glede.»

Tenk deg: denne mannen som blir døypt her det er barnet frå krubba. Nå kan alle få vite om det: Han er ikkje eit ulykke som har skjedd. Ingen barn er eit ulykke. Denne mannen er Jesus Kristus, Guds son. Og som Guds son er han sjølv gud. Døyparen seier: ”det kjem ein som er sterkare enn eg, og eg er ikkje eingong verdig til å løysa sandalreima hans. Han skal døypa dykk med Heilag Ande og eld. Han har kasteskovla i handa, og han skal reinsa kornet på treskjeplassen og samla kveiten i låven sin. Men agnene skal han brenna med eld som aldri sloknar.”

Jesus skal døme folke på domedagen. Han er ikkje den som skal bli dømd, han er dommaren. Han er mektig, han er veldig mektig. Og likevel: etter ei stund med forkynning i Israel blir han dømd til døden. Og han går gjennom liding og død utan å bruke makta si. Kvifor gjer han det? Kvifor i all verda bruker han ikkje makta si mot dei som dømer han?

Han gjer det for å kunne frikjenne oss. Han gjer det for frikjenne oss på dommedagen. Han tar på seg all vår skuld. Han tar med seg alt det som går galt i livet, alt det som ligg mellom gud og oss. Han tar det med seg opp på korset. Og når han har tatt det med seg, er det borte og han kan frikjenne oss. I det at han tar alt på seg øydelegg han bevisa mot  oss. Dette er sprø, dette er galskap, dette er vel sinnssjuk. Eller dette er guds kjærleik, ei nesten sinnssjuk kjærleik. Ei kjærleik som berre er der utan grunn.

Jesus skal døme på den siste dagen, men han ynskjer ikkje å døme oss. Han ynskjer å frikjenne oss. Han er nådig. Han ynskjer å frikjenne oss. Og det einaste vi treng får å få dette til, er å vedkjenn seg til han. Gud har vedkjent og gjord det openbar at Jesus er sonen hans. «Du er Son min, som eg elskar, i deg har eg mi glede.»

 

Som guds som er Jesus ein mektig Herre og han tar på seg skulda for folket sitt. Og folket hans det er alle dei som trur på. Det einaste vi treng for å bli frikjent er og vedkjenne oss til denne Herren. Det einaste vi treng er å tru på han. Det er ingenting vi kan opptene hos gud, men kan tru på Sonen hans. Vi kan ta imot nåden og tolmoda hans. Vi skal takke han med at vi prøver å leve etter boda hans som ekte læresveinar. Men dette er ingen krav, dette er berre ei utfordring. Det vi trenger det er å tru på han. Og gjer vi det skal vi få det godt med eit evig liv hos gud i gud nærleik.

Joh 3:16

For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.

 

AMEN