Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står. Det var det siste Jesus sa før han for opp til himmelen. Jesus er Guds son og gjennom han ynskjer Gud å være med oss. Han ynskjer å være med oss i dag, i morgon og alle dagar. I dåpen tok gud oss imot som  sine born. Og slik som ein god far ynskjer han å ta vare på borna sine, på oss.  For å få til dette ynskjer Gud o leie oss. Det er Bibelen, Guds ord, og bøna som han bruker for å leie oss.  Og i guds ord, i bibelen finn vi historier om mange menneske som lét seg leie av gud.

Nå er det slik at hugsen min ikkje alltid er av det beste. Eg har laga meg 5 huskelappar, 5 bilete av bibelske skapnader. Desse kan dokke sjå på skjermen etter kvart. Kanskje kan 5.klassingane som  har vært med på vandringa gjennom bibelen hjelpe meg litt med dette:

 

 

Gå til det landet som eg skal vise deg og så mange som det stjerner på himmelen, så mange skal etterkomarane dine bli. Det sa gud til denne  mannen. Og han reiste og tre stykkar med han. Men kor reiste han i frå? Kva heit han og dei som reiste i lag med han og kor reiste han til? Kan dokke hjelpe meg med dette?

 

 

Her ser oss ein mann med kvit skjegg som snakkar til ei stor folkemengde. Folkemengda er Israelsfolket. Gud sa til denne mannen at han ville bruke han til å leie Israelsfolket ut av slavarien. Mannen trudde ikkje at nokon ville lytte på han, men han lét seg leie av gud og klarte det. Men kva heit denne mannen? Kva sa han til Faraoen? Kva svarte Faraoen? Kva sendte gud og kva heit have dei rømte gjennom?

 

 

 

Dette bilete viser den første og den andre kongen av Israelsfolket. Begge to var salva av ein mann som var veldig flink i å lytte på gud. Han som sitt der med skjegget er den første kongen. Gud fekk bruke han til å forsvaret folket sitt mot fiendar, men krigane gjorde hjarte han hard og han klarte ikkje lengre å lytte på gud. Då valde gud ein ny konge for folket sitt. Det er han som sitt nede ved instrumentet. Han gav gud heile sitt hjerte. Han var ikkje utan feil, men han klarte alltid å vende om til gud. Alle menneske har feil, men Gud elskar oss likevel. Vi kan alltid vende om til gud. Men kva heit han som var så flink med å lytte på gud og kva heit dei tre første kongane i Israel?

 

 

 

Då Jesus kom til jorda sa han til heilt vanlege folk: Følg etter meg. Det var ikkje alle som var like glad i dette og han fekk seg nok så sterke reaksjonar. I starten var det var tolv stykkar  som gjorde slik som han hadde sagt. Dei blei hans første sendebod. For dei var også med då han hold ei veldi viktig preike. Seinare var det mange som ville følgje etter Jesus og han tok imot dei med opne armar. Kva reaksjon fekk Jesus frå folket? Kva kallar vi sendeboda hans for? Kva heit denne preika? Kven var det som han tok imot med opne armar?

 

 

 

 

 

 

Etter at Jesus for opp til himmelen var ein jødisk skriftlærd som forfylgde dei som trudde på han. Han hadde skapa seg fullmakt til å arrestere alle dei som trudde på Jesus i byen Damaskus. På veg ditt møte Jesus han som eit veldig sterkt lys og spurde: Kvifor forfølgjer du meg? Denne skriftlærde lét leie av Jesus. Han skreiv mange brev som vi finn i det nye testamentet i bibelen. Han var ivrig i misjonen og gjekk på reiser og hjelpte med å bære evangeliet vidare. Kva heit denne skriftlærde? Kva reiser gjekk han på? Kor bar han evangeliet til?

 

 

Anhänge:
DateiBeschreibungErstellerDateigröße
Diese Datei herunterladen (070101.ppt)070101.ppt Michael Hoffmann294 KB