Preiketekst: Matt 2:1-12

Det var i Betlehem i Judea Jesus vart fødd, medan Herodes var konge. Då kom det nokre vismenn frå Austerland til Jerusalem

og spurde: "Kvar er den jødekongen som nett er fødd? Vi såg stjerna hans då ho synte seg i dagsranda, og no er vi komne og vil hylla han." Då kong Herodes fekk høyra det, vart han svært uroleg, og heile Jerusalem med han. Han kalla saman alle overprestane og dei skriftlærde i folket, og spurde dei kvar Messias skulle verta fødd. "I Betlehem i Judea," svara dei, "for så står det skrive hjå profeten:

Du Betlehem i Juda land
er så visst ikkje den ringaste
av fyrstane i Juda.
Frå deg skal det koma ein hovding,
som skal vera hyrding for Israel, folket mitt."

Då kalla Herodes vismennene til seg i løynd og spurde dei nøye ut om tida då stjerna hadde synt seg. Så sende han dei til Betlehem og sa: "Gå og spør dykk føre om dette barnet. Og når de har funne det, så sei frå til meg, så eg òg kan koma og hylla det." Då dei hadde høyrt på kongen, tok dei i veg. Og sjå, stjerna som dei hadde sett koma opp, fór føre dei heilt til ho vart ståande over staden der barnet var. Då dei såg stjerna, vart dei overlag glade. Dei gjekk inn i huset og fann barnet hjå mora, Maria. Og dei fall på kne og hylla det. Så opna dei skrina sine og bar fram gåver til barnet: gull, røykjelse og myrra. Men Gud varsla dei i ein draum at dei ikkje måtte fara attende til Herodes, og dei tok ein annan veg heim att til landet sitt.

 

Det var i romjula at eg fekk besøk av tre små julenissar som ringte på døra og song ein jolesong. Etterpå spurte dei om dei kunne få litt godteriet. Og eg gav med glede. Eg gir heller til syngjande julenissar enn til skremmande Halloween skikkelsar. Men kanskje er ei tradisjon som eg liker ennå betre:

Når ein reiser sørover i Europa kan ein kome til regionar, der ein finn det aktuelle årstalet og bokstavane C B M over dørene. Det barn som tek del i ei innsamlingsaksjon som skriv desse bokstavane med krytt over døra. Borna er utkledd som dei tre vismenn som kom til krybba , dei syng ein song og samlar for ei organisasjon som er i nær slekt med Kirkens Nødhjelp. Aksjonens høgdepunkt er rund Tre-Konge-Dagen eller Kristi openberringsdag som den heiter i Noreg og som vi feirar i dag.

Bokstavane er symbola:  Dei står for både namna til vismennene: Caspar, Melchior og Balthasar. Namna deira knytast til ei meir enn tusen år gamal tradisjon, sjølv om dei ikkje står i bibelen. Det einaste vi få vite om dei i bibelen er kva dei gjorde i Palestina, at dei kom frå Austerland, veit ikkje eingong om det 2, 3, 4 eller ennå fleire menn som kom.

Det andre som ligg i bokstavane C B M er dei latinske orda: „Christus mansionem benedicat“ – ”Må Kristus velsigne denne bustaden”. Sjølv om vi som protestantar velsignar berre menneske og ikkje bustadar er det kjekt å starte året med ei velsigning.

Dei vise menn gav seg på vegen for å finne barne som skulle bli ei velsigning for menneska over heile jorda. Gud leia vismennene til Betlehem og dei let seg leie av han. Dei let seg leie av gud. Og gud brukte dei til å gjer det synleg kven dette barnet er: Gul står for at han er ein konge, at han har ei heilt spesiell rolle for israelsfolket. Røykjelse står for at Jesus er sann Gud – frå gamalt av tennte ein det for gudar. Myrra ei medisin mot betennelsar som står for at Jesus også er eit ekte menneske.

Jesus er ein konge. Som ein god konge prøvar han å leie oss, ikkje med tvang men med

visdom og gode råd. Det som er utfordringa i dag er at vi ikkje lengre ynskjer å bli leia. Vi ynskjer å gå våre egne vegar. Den gode hyrdingen er ikkje lengre etterspurt. Eller klarer vi kanskje likevel å ta oss tid til å lytte på han? Jesus held ingen taler på fjernsynet. Klarer vi å få kontakt med han med i bibellesing og bøn? Eg veit at mange les bibelen og tar seg tid til bøn kvar dag, men det blir ei utfordring ikkje berre for  nokre få, men får oss alle.

Jesus er Gud. Han kan frelse oss og han kan gi oss løftet om evig liv. Jesus er Guds son, han er mykje meir enn ein profet. Jesus er gud, men han klarte å la være å bruke si guddommelege makt. Sjølv i det yttarste brukte han ikkje makta si. Han gjekk opp på korset for å være menneska nær. Han døde der og han kjente smerta fordi han var òg eit ekte menneske.

I Jesus kom gud til jorda for å være oss nær, for å frelse oss, for å gi oss eit evig liv. Jesus veit korleis det er når vi har det tungt og vanskeleg og han lyttar på oss. Han lyttar på oss og han hjelper oss, sjølv om han for det meste gjer det på si og ikkje på vår måte.

I Jesus kom gud til jorda for å være oss nær. Ein biskop foreslå ein gong å interpretere bokstavane C M B på nytt: ”Christus möge bleiben” – ”Må Kristus få bli” og det er det eg ynskjer dokke for dette åre: ”Må Kristus få bli” i livet og i heimen dykkar.

AMEN