Preiketekst: Luk 2:21

Då åtte dagar var lidne og han skulle omskjerast, kalla dei han Jesus; det var det namnet engelen hadde nemnt før han var komen i mors liv.

 

Det er den åtande dagen eit jødisk gutebarn blir omskjera. Med denne seremonien blir barnet del av det jødiske fellesskapet og barnet får namnet sitt. I dag er foreldre nok så fritt i det å bestemme namna til borna sine. Det barnet som vi døypte i dag har til og med 3 fornamn Emma Olin Pirrette. Det er noko spesielt med det namnet eller dei namn eit menneske.

I Tsjekkia der bestemora mi er i frå har det i mange generasjonar vert ein skikk o kalle barnet med første fornamn etter den helgen som har minnedagen sin på dåps- eller fødselsdagen til barnet. Det som har blitt igjen av dette er skikken med å feire namnedagen i staden for bursdagen. Og av og til kan ein då har eit godt utval: Ho Emma kunne for eksempel velje om ho ville har namnedagen etter den en salige Hemma av Regensburg (~808-876), den 31. Januar eller etter den hellige Hemma av Gurk (980-1045) den 27. juni eller i april eller september eller desember…

Nam hjelper oss til å minne folk og til å kunne skilje dei frå kvarandre. Og namn har også ei meining Emma tyder for eksempel: Den som har oversikt mens Michael tyder ”Kven er som gud?” Og så er alle dei forskjellige historiene til namna. Mora mi fekk for eksempel namnet sitt etter hellige Barbara som er skyttehelgen for bergmenn sidan bestefaren min overlevde i ei gruve. Bestemora mi seier at det fine med å feire namnedagen er at ein blir minna og at ein kan feire utan at ein er naudsynt til feire alderdomen og forfall.

Maria var ikkje like fritt i å velje namnet til barnet sitt:

Luk 1:31

Du skal verta med barn og få ein son, og du skal gje han namnet Jesus.

Det er det engelen sa til Maria. Og i namnet Jesus ligg også oppdraget hans: Jesus er gresk Jeschua som tyder Jahwe, Gud hjelper, Gud frelser. Namnet var ikkje uvanleg på denne tida i Israel, men det er ingen som skulle leve opp til dette namnet som Jesus av Nasaret, Guds son. Gud vart menneske og kom til jorda som eit vesel barn. Guds son, Jesus Kristus kom for å være oss nær. Han kom for å møte oss. Han kom for å gi livet vårt eit nytt perspektiv. Og han gjekk seinare gjennom liding, død og oppstoda for oss. Han gjorde det for å opne vegen frå menneska til gud. Og det einaste vi treng for å gå på den brua som han bygde over syndene våre, det er trua på han.

Joh 3:16

For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.

 

Velkomen og avskjed det hørar saman på denne jord: Vi kom ikkje i lag og vi får heller ikkje reise i lag. Ingen veit kor mange dagar han eller ho har fått og kor mange av dei som er igjen.

Utfordringa er å bruke dei på den rette måten. Oppgåva vår er å tene Jesus Kristus., ikkje som knektar, menn som læresveinar. Han har behov for mange og vi skal være hendene og verktøyet hans. Han har bruk for oss alle – kvar og ein av oss med sine gåver. Og det er mange gåver: Å fortelje til vaksne eller born om han, å bake, å pleie, å hjelpe med ei hand eller eit oppmuntrande ord, å halde ei hand ….

Jesus er ljoset for verda og han oppfordrar oss til å bli slik som han:

Joh 8:12

"Eg er ljoset for verda. Den som fylgjer meg, skal ikkje ferdast i mørkret, men ha livsens ljos."

Ingen veit kor mange dagar kvar og ein av oss har igjen på denne jorda, men vi veit at vi må reise herifrå ein dag. Er vi i trua er det ikkje nokon skremsel. Vi veit kor vi går – til herren:

Joh 14:2

I huset åt Far min er det mange rom. Var det ikkje så, hadde eg sagt dykk det. For eg går bort og vil stella til ein stad åt dykk.

 

Vi var ikkje i lag då vi kom til jorda og vi får heller ikkje reise i lag i alle fall ikkje til den siste dagen er komen. Men på same måte som tar vare på eit barn som blir med i Jesu Kristi kyrkje på jorda, skal vi og ta vare på dei som reiser herifrå og deira minne.

Lat oss reise oss minnast dei som blei gravlagt på Fjørtofta i 2006. Eg skal tenne eit ljos for kvar einskild og etter at ljoset er tennt syng vi: Kyrie, kyrie eleison, Kyrie kyrie eleison.

 

Vi har tilsegna om evig liv frå vår herre Jesus Kristus, dette er ingen billig trøyst men eit håp som held. Jesus er frelsaren som Gud sendte for oss.

 

AMEN