Er det folk her som er glad i å gå tur? Liker du å gå tur?  Kor liker du å gå best? Kva er det du må ha med deg når du skal ut på tur?

Kva er noko av det viktigaste, som ein berre må ha med? Bortsett frå det som ein må ha på seg?

Mat og drikke! Det er ikkje lenge kroppen klarer seg utan mat og ennå kortare utan drikke. Vi trenger mat og drikke fordi kroppen vå består vel til over 80%av vatn og fordi vi treng næring for å halde kroppen i livet. Hadde det vært greitt å kutte ut maten heilt og fullt ein dag i veka? Og kva hadde dokke sagt om ein i tillegg ville kalle denne dagen for ein festdag?

Det var også Jesus einig i. I lag med læresveinane sine var han  mykje på tur. Denne gongen var det verken, hurtigbåt, ferje, buss, fly tog eller bil. Så for det meste so gjekk dei for å kome seg rundt. Dei gjekk frå Galilea til Jerusalem, og dei gjekk der rund om kring i fjellet og så att til Galilea og ennå ei tur til Betlehem og Jerusalem og så vidare.

Men for det meste så var dei nok på veg i Galilea. Og der fekk læresveinane også oppleve dette, mens dei var på tur:

Mark 2:23-28

Ein gong Jesus gjekk langsmed kornåkrane på sabbaten, tok disiplane hans til å riva av aks medan dei gjekk. 24 Då sa farisearane til han: «Sjå, kvifor gjer dei slikt som ingen har lov til på sabbaten?» 25 Han svara: «Har de aldri lese kva David gjorde då han var i naud og både han og mennene hans svalt? 26 Han gjekk inn i Guds hus den tid Abjatar var øvsteprest, og åt skodebrøda, dei som berre prestane har lov til å eta. Han gav òg til dei som var med han.» 27 Og Jesus sa: «Sabbaten vart til for mennesket og ikkje mennesket for sabbaten. 28 Difor er Menneskesonen herre over sabbaten òg.»

I dag er det gudsteneste, gudstenesta skal være både ein fest og den skal gi oss næring. Sikkeleg mat får nok grille på prestegarden om ei stund. Og eit menneske treng ikkje berre næring til kroppen, men også til trua. Næring til trua kva kan det være?

Når eg snakkar om næring for trua, så tenkjer eg på to ting:

Om det eine seier Jesus sjølv: Matt 4,4 ” ”Mennesket lever ikkje av brød åleine, men av kvart ord som går ut frå Guds munn.” – Vi skal høyre guds ord. Vi skal høyre det som gud fortel oss om seg sjølv i Bibelen. Vi skal særleg høyre om Jesus. Kva fortelingar kan dokke om Jesus? Det er viktig at vi veit om Gud, difor bruker vi ei spesiell bibel som Dåpsskulebok. Den skal gi dykk næring til trua. Og dei vaksne? Dei har nå bibelen sin, den skal dei bruke til å lese i. Og så kan ein høyre guds ord slik som de gjer det i dag, med at ein går på gudsteneste.

Og det andre som gir oss næring til trua, det er noko der Jesus møter oss heilt konkret. Og det er i nattverden, og difor kan dei som har vært på dåpsskulen gå til nattverden heilt åleine og dei som er mindre og er døypt, dei kan gå i lag med ein voksen. Eg forstår ikkje korleis Jesus faktisk kan møte meg i brød og vin, men eg har opplevd at han kan. Og det er mykje i trua som ikkje er å forstå. Og borna er ofte flinkare til å fatte det enn oss vaksne. Men vi alle er bedt om å møte Jesus nattverden. Vi er invitert til å møte Jesus i nattverden: Oppfordringa frå Lukas 22: 19-20 Så tok han eit brød, takka og braut det, gav dei og sa: «Dette er min kropp, som blir gjeven for dykk. Gjer dette til minne om meg.» 20 Like eins tok han begeret etter måltidet og sa: «Dette begeret er den nye pakt i mitt blod, som blir aust ut for dykk. Gjer dette til minne om meg! Denne utfordringa gjeld oss. Jesus er på tur også med oss han ynskjer å møte oss.

Jesus ynskjer å møte oss. Han ynskjer å ta vare på oss, men han er ikkje den som tvinger seg på. Han er slik som den beste storebroren som alltid er der når vi trenger han, og som også er glad i syskena sine.

AMEN