Preiketekst: Matt 20:25-28

Jesus kalla læresveinane til seg og sa: De veit at fyrstane er herrar over folka, og stormennene har velde over dei. Såleis er det ikkje hjå dykk. Den som vil vera stor mellom dykk, skal tena dei andre; og den som vil vera den fremste av dykk, skal vera træl for dei andre. Menneskesonen er heller ikkje komen for å tenast, men for å tena og gje livet sitt til løysepeng for mange.

 

 

Dett var preiketeksten til Olsok og dette skal bli temaet når ungdomen på Fjørtofta feirar gudsteneste i lag med ungdom frå Dippoldiswalde i Tyskland. Når eg snakkar med eldre folk få eg ofte høyre at dei blei kjent med kvarandre då han eller ho tente. I dag er ordet å tene nesten ute av bruk. Det verker som om det går ut på dato. Det er vanskeleg å kommunisere kva som ligg i dette ordet. Å tene er gammaldags og ein veit ikkje lengre kva som ligg i det. For mange er det nesten litt skummelt. Kanskje er også det eit element idet at ikkje fleire prioriterer gudstenesta på søndagen?

Å tene kvarandre kva ligg i det? Er det berre å hjelpe kvarandre eller er det meir? Er kanskje også det å sjå nesten vår? Er det, det å forplikte seg til noko utan å tenkje på det materielle først? Kan det være ei hand som hjelper, eit øyre som lyttar eller ein munn som spør?

"Å tene kvarandre" vi har bestemt oss for denne overskrifta over Ungdomsgudstenesta på søndag på Fjortoftaog eg er spent  på kva ungdomane sjølv legg i det. Har du lyst til å sjå kva dei finn på?

Du er hjerteleg velkomen til Ungdomsgudsteneste i Fjørtoft kyrkje nå på søndag 13.8. kl. 17.00 og om du framleis kjenner deg ungt nok kan du også bli med til bålet etterpå. Det passer bra med ferje frå Brattvåg kl. 16.15 eller med Hurtigbåt frå Austnes kl. 14.10. Hjerteleg velkomen til gudsteneste!

 

Michael Hoffmann