Matt 5:3-12

Sæle dei som er fattige

i seg sjølve,

himmelriket er deira.

[4] Sæle dei som syrgjer,

dei skal verta trøysta.

[5] Sæle dei tolsame,

dei skal arva jorda.

[6] Sæle dei som hungrar

og tyrstar etter rettferda,

dei skal verta metta.

[7] Sæle dei miskunnsame,

dei skal få miskunn.

[8] Sæle dei som er reine i hjarta,

dei skal sjå Gud.

[9] Sæle dei som skaper fred,

dei skal kallast Guds born.

[10] Sæle dei som vert forfylgde

for rettferd,

himmelriket er deira. [11] Ja, sæle er de når folk for mi skuld spottar og forfylgjer dykk, lyg på dykk og talar vondt om dykk på alle vis.  [12] Ver glade og fegne, for stor er løna dykkar i himmelen! Sameleis forfylgde dei òg profetane før dykk.

 

 

2 Mos 20:1-17

Gud tala alle desse orda:

[2] Eg er Herren din Gud, som førte deg ut or Egypt, or trælehuset.

[3] Du skal ikkje ha andre gudar attåt meg.

[4] Du skal ikkje laga deg noko gudebilete eller noko slag bilete av det som er oppi himmelen eller nedpå jorda eller i vatnet under jorda.  [5] Du skal ikkje tilbe dei og ikkje dyrka dei! For eg, Herren din Gud, er ein brennhuga Gud, som lèt straffa for synda åt fedrane koma over born i tredje og fjerde ættleden, når dei hatar meg,  [6] men gjer vel i tusen ættleder mot dei som elskar meg og held boda mine.

[7] Du skal ikkje misbruka namnet åt Herren din Gud; for Herren held ikkje den uskuldig som misbrukar namnet hans.

[8] Kom kviledagen i hug, så du held han heilag!  [9] Seks dagar skal du arbeida og gjera di gjerning.  [10] Men den sjuande dagen er sabbat for Herren din Gud. Då skal du ikkje gjera noko arbeid, korkje du eller son din eller dotter di, korkje tenaren eller tenestkvinna eller feet, eller innflyttaren i byane dine.  [11] For på seks dagar skapte Herren himmelen og jorda og havet og alt som i dei er; men den sjuande dagen kvilte han. Difor velsigna Herren sabbatsdagen og lyste han heilag.

[12] Æra far din og mor di, så skal du få leva lenge i det landet Herren din Gud gjev deg.

[13] Du skal ikkje slå i hel.

[14] Du skal ikkje bryta ekteskapet.

[15] Du skal ikkje stela.

[16] Du skal ikkje vitna rangt mot nesten din.

[17] Du skal ikkje trå etter huset åt nesten din. Du skal ikkje trå etter kona åt nesten din, tenaren eller tenestkvinna hans, oksen eller eselet hans eller noko anna som høyrer nesten din til.

 

 

Vi er samla her for å ta avskjed med året 2006, Herrens år, anno domini 2006. Det er mykje godt og men også vonde ting som vi fekk oppleve gjennom dette året. Og kvar månad, kvar , veke, kvar dag, kvar time, kvart minutt og kvart sekund, heile tida var vi i guds hand og i hans nåde. Og det er nåden hans vi er avhengige av.  Dei tid bod kan brukast som speil. Har vi klart å oppfylle desse enkelte krav? Eg kan ikkje svare for dokke kvar må leite i seg sjølv.

Er vi ærlege med oss sjølve og med speila, må vi innrømme at vi har svikta Gud mange gongar – igjen og igjen. Vi klarer ikkje å leve opp til forventningane som Gud har i oss og dei forventingane han kunne har i oss. Vi klarer ikkje å bestå framfor Gud. Vi har svikta han alt for ofte. Men likevel får vi kome til gud, kvar og ein av oss. Gud elskar oss, vi er det kjæraste han veit og difor gav han sonen sin, Jesus Kristus, på korset. Jesus døde for oss.

Og Jesus han gav livet vårt ein ny kurs: Kursen måt det evige livet. Mange er frustrerte fordi dei ikkje rekk å oppfylle det ti bod. Men dei ti bod er berre eit fyrlys, ikkje sjølve målet. Når ein bruker fyrlys til navigasjon skal ein setje kursen mot fyrlyset, men ein skal aldri heilt fram til fyret. Kjem ein for nær fyret går ein på grunn. Men med Jesus har livsferda vår fått nye fyr som lyser oss den rette vegen. Det er med nåde gud møter oss. Og denne nåden er også ei utfordring: den utfordrar oss, den tvinge oss ikkje, men den utfordrar oss til å ta imot han og nåden hans til å leve etter ynskjer og førebilete. Og det er mange utfordringar han har for oss for å fremje rike hans her på Nordøyane og det er kvar einskild av oss Jesus treng som hendene sine og verktøyet sitt.