God kveld, god kveld. Eller skulle eg kanskje sei Glück auf! – Lykke til! Slik som oss bergmenn helsar på kvarandre. I dag kjem eg som bergmann. Men kva har ein bergmann med jul å gjere?

Jul feirast ikkje berre i Noreg, jul feirast over heile verda også i Tyskland. Eg har vekse opp i Erzgebirge att med grensa til Tsjekkia søraust i Tyskland. Erzgebirge, Malmfjellet,  fekk namnet sitt fordi de er rikeleg med forskjellege slags malm der i fjellet.

Og det var bergmenn som var dei første som busette seg der for sirka 900 år sidan. Det var bergmenn som sørgja for at kongen og fyrstane der blei rike menn.

Bergmenn blei ikkje rike sjølv om dei kunne være nok så flinke, var det finaste dei kunne skaffe seg ein slik festdagsdrakt. Men for det meste hadde dei berre svarte klede på seg og det var skjeldent dei fekk sjå dagslyset. Når dei gjekk heime frå om morgonen var det mørkt. Når dei jobba under jorda, var det mørkt. Når dei kom heim att var det mørkt igjen. Og jobben under jorda var farleg. Allereie i 10-12årsalderen starta gutar som hjelpesmenn i gruvene og det var sjeldan du fekk sjå ein gamal bergmann. Det var få bergmenn som kunne feire 40årsdagen sin.

 

Bergmenn var fromme folk. Dei har alltid stor tru. Og skal du finne kristne i dagen Aust-Tyskland anbefaler eg deg å reise til den vestre delen av Erzgebirge. Der har sjølv 40år med sosialisme og 15år med aggressiv materialisme ikkje klart å utrydde kristentrua i folket. Når ein bergmann kom heim seint om kvelden tente han den oljelampa dei hadde i huset og sat i gong med treskjering. Om sommaren laga han leiketøy for borna sine og ting som han kunne selje, men i adventtid laga han andre ting:

Eit bilete av seg sjølv, ein bergmann med ljos i handa. Og ein engel som skulle passe på han mens han var i gruva – også med ljos i handa. Det blei ein tradisjon å lage ein bergmann for kvar gut som bur i huset og ein engel for kvar jente som bur der. Og i advent og juletida blir desse figurane satt i vindauget for lyse og for å vise faren vegen heim att når han kjem frå jobben sin i mørket under jorda.

 

Og når alle har fått figuren sin lager han ei julekrybbe og alle dei figurane som høyrer til, slik at han kan fortelje juleevangeliet til borna sine.

 

Og det er Jesusbarnet  alle bergmenn er særleg glad i. Ei legende fortel at den heilage familien på flukta si kom gjennom Erzgebirge – dokke husker Herodes at ville drepe alle gutebarn. Vegen gjennom fjellet og snøen var tungt og eselet byrja å skli slik at Jesusbarnet, datt, vakna og skreik. Og med eingong roa det seg ned igjen fordi det såg inn i eit varmt ljos. Gruveljoset som bergmannen hadde på beltet sitt.

 

Uansett er ljoset svært viktig for bergmenn: Lykta under jorda varskuar dei om lufta er så dårleg at dei må flykte og dagslyset såg dei svært skjeldent. Det var berre på nokre sundagar og til jul at dei hadde fri og gruvene var stengte slik at dei kunne sjå dagslyset.

 

Evangelisten Johannes fortel om jul, om at gud blei menneske på si eiga måte i det første kapittelet i johannesevangeliet. Og det er nokre vers der som går inn i hjerte til ein bergmann på ein spesiell måte.

 

Joh 1:6-9

Det stod fram ein mann, send av Gud; Johannes var namnet hans.  [7] Han kom for å vitna; han skulle vitna om ljoset, så alle kunne koma til tru ved han.  [8] Det var ikkje han som var ljoset, men han skulle vitna om ljoset.

[9] Det sanne ljoset som lyser for kvart menneske, kom no til verda.

Det er Jesus som er ljoset for verda. Det er guds son som er ljoset for verda og ikkje dei som lyser i butikkane. Det er han som er ljoset for verda og ikkje golvet når den blinkar etter julevaksen. Det er Jesus som til jorda til jul og ikkje datamaskina.

Til jul blei gud menneske. Det er Jesus Kristus vi feirar til jul. Sjølv om det er fleire å fleire som prøve å feire eit avkristna jul. Han kan ikkje seljast, han passer ikkje butikkhullane og han er ikkje politisk nøytral og korrekt. Men han den største gåva vi kunne få. Ingen har grunn til å være misfornøgd med julegåvene sine, fordi vi alle har fått den største gåva:

 

Det sanne ljoset som lyser for kvart menneske, kom no til verda.

 

Luk 2:10

"Ver ikkje redde! Eg kjem med bod til dykk om ei stor glede som skal timast alt folket. :

Gud er blitt menneske.

 

Som born feira eg mange jul utan Jesus, men i dag veit eg at det er det som tel. Det er ikkje viktig korleis huset vårt ser ut, eller kor ryddig det er, eller kva vi får som julepresant.

 

Jesus er født gud har blitt menneske!

 

Luk 2:14

"Ære vere Gud i det høgste,

og fred på jorda

blant menneske

som Gud har hugnad i!"

Amen