Preiketekst: Luk 2:1-14

I dei dagane lét keisar Augustus lysa ut at det skulle takast manntal over heile verda. Dette var fyrste gongen dei tok manntal, og det hende medan Kvirinius var landshovding i Syria. Då fór alle heim, kvar til sin by, og skulle skriva seg i manntalet.

Josef òg fór frå byen Nasaret i Galilea og opp til Judea, til Davidsbyen, som heiter Betlehem, for han høyrde til Davids hus og ætt, og skulle skriva seg der. Maria, festarmøya hans, var med han. Ho venta då barn. Og medan dei var der, kom tida då ho skulle føda, og ho fekk son sin, den fyrstefødde; ho sveipte han og la han i ei krubbe, for det var ikkje rom åt dei i herberget.

Det var nokre gjætarar der i grannelaget, som låg ute og vakta sauene sine om natta. Best det var, stod ein engel frå Herren framfor dei, og Herrens herlegdom lyste kringom dei. Då vart dei fælande redde. Men engelen sa til dei: "Ver ikkje redde! Eg kjem med bod til dykk om ei stor glede som skal timast alt folket. I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by; han er Kristus, Herren. Og det skal de ha til teikn: De skal finna eit barn som er sveipt og ligg i ei krubbe." Brått var det ein stor himmelhær saman med engelen; dei lova Gud og kvad:

 

Ære vere Gud i det høgste,

og fred på jorda

blant menneske som Gud har hugnad i!

 

 

 

Jul? Kva er det du kjem i hug når du høyrer dette ordet? Det første gong eg fekk møte jul i år det var ein gong tidleg i oktober ”Mens vi venter – julemarsipan”.  Så har eg ei gudsteneste i Spjelkavik kyrkje på  ein sundag ettermiddag i adventtida mens det er full rulle på moa – Julehandel med julegåver, juleøl, julebrus, julepølse alt mogleg jul.

Så er mange gode og positive ting som skjer kvart år: Det er adventskonsert, julemesse, mykje julesong … For ein prest blir det i tillegg mange julegudstenester. Dei skal være slik som dei har vært i alle år. Dei same salmane, den same preika alt slik som har vært i alle år, stolane i kyrkja står slik som dei stod i alle år, alle sitt på same plassen og det viktigaste er at ingen reagerer på noko helst. Men kva er med det som fekk folk til å reagere for  2000 år sidan?  Kva er med han som blei født i Betlehem? Kva er det med kongen som låg i ei krybbe?

Vi tar det som ei sjølvfølgje at Guds son blei født i stallen i Betlehem. Tenk deg att til krybba, til Jesusbarnet, Maria og Josef: Det er ein skandale at ei ugift kvinne føder eit barn. Dei har ikkje eingong råd til eit skikkeleg rom og dei kom så seint til Betlehem at det var plass kunn i ein stall. Og så hevda dei at barnet skulle være guds son.  Det reagerte folk på.  Og det er mange i verda som framleis reagerer på dette. Det er mange som reagerer på at Jesus det barnet som blei født for 2000 år sidan, at barnet som låg i krybba skal være guds son.

Men det er det engelen sa: ” I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by; han er Kristus, Herren. Og det skal de ha til teikn: De skal finna eit barn som er sveipt og ligg i ei krubbe.”

Det er Guds son, Jesus Kristus, Frelsaren vår som blei født til jul.

Er det dette barnet vi feirar? Er det julehandelen? Eller er oss sjølve?

I dag finnes det  nøytral jul – garantert kristusfritt   men likevel ei god butikk.

Vi har mange  tradisjonar rundt jul, og det fine med tradisjonar er at dei gir oss tryggleik. Og det er bra menneska treng tryggleik. Det er ikkje noko galt med tradisjonar og mange tradisjonar er god og fint. Men tradisjon er noko oss menneske har skapt. Tradisjon er emballasjen ikkje innhaldet. Emballasjen forandrar seg med tida. Den eine liker den det eine og den andre liker det andre. Folk har forskjellig smak. Men emballasjen er ikkje det viktigast, i alle ikkje så lenge du er eldre enn eit år. Emballasjen er ikkje det viktigaste sjølv om den er nok så fint.  Det er innhaldet som er det viktigaste.

Og innhaldet i jul det er barnet i krybba. Det er ikkje julegåvene som er innhaldet. Gud har blitt menneske for å være oss nær. Gud blei menneske for å møte oss. Han ynskjer å møte oss, deg meg, oss alle.  Han ynskjer å møte oss, men det er vi som må tillate dette. Vi må opne oss og av og til er det tradisjonane våre som stenger Jesus ut. Er vi så opptatt med tradisjonen, med emballasjen, slik at vi gløymer innhaldet? Kor har Jesusbarnet plassen sin i tradisjonane våre?

Når dokke heim att etter gudstenesta har eg eit ynskje: (Før dokke opnar gåvene, ta dokke litt tid for den største gåva.) Ta fram bibelen og for barna kanskje ei julekrubbe, les  juleevangeliet og tenk på og snakk om kva denne fødselen, den største gåva, meiner for oss? Eg ynskjer dokke ei glad julehøgtid. Ta deg tid for Jesus frelsaren og fortel andre om den største gåva slik som du fortel om dei andre julegåvene dine.

Ei velsigna god juletid – Gud med dokke!