Preiketekst: Matt 11:2-10

Johannes, som sat i fengsel, fekk høyra om alt det Kristus gjorde. Han sende bod med læresveinane sine og spurde: "Er du den som skal koma, eller skal vi venta ein annan?" Jesus svara:

"Gå og fortel Johannes kva de høyrer og ser: Blinde ser og lame går, spedalske vert reine og døve høyrer, døde står opp, og evangeliet vert forkynt for fattige; og sæl er den som ikkje støyter seg på meg!" Då dei var farne, tok Jesus til å tala til folket om Johannes: "Kvifor gjekk de ut i øydemarka? Ville de sjå eit sevstrå som svagar i vinden? Nei! Kvifor gjekk de dit ut? Ville de sjå ein mann med fine klede? Dei som går i fine klede, held til i kongsgardane. Men kvifor gjekk de dit ut? Ville de sjå ein profet? Ja, eg seier dykk: Meir enn ein profet! Det er om han dette er skrive:

Sjå, eg sender min bodberar føre deg,

han skal rydja vegen for deg."

 

 

Det er eit halvt år før vi feirar ein fest og mange sat ute, tente bål og såg utover fjorden. Veit dokke kva dag eg snakkar om? Veit dokke kven vi minnast denne dagen?

 

Det er døyparen Johannes. Han blei født eit halvt år før Jesus.  Det var han som døypte først og som også døypte Jesus. Og Johannes var den første som fortalte at Messias, at Guds son, frelsaren var komen. Johannes var ein som snakka direkte til folket. Han sa til dei kva dei gjorde galt, at dei måtte vende om og forandre på livet sitt. Og det var ikkje alle som likte det. Johannes sa for eksempel at det var galt at ein av småkongane nord i Israel levde i lag med kona til broren sin. Og det likte dei to dårleg og difor satt dei Johannes i fengsel. Seinare drepa dei han også. Men alt dette var ikkje så viktig for Johannes for han var det viktig at han tente gud og at han kunne forkynne at folket måtte vende om og at Guds son, vår frelser var komen.

 

Veit dokke kva dette er? Dette er ein kikkert. Veit dokke kva vi bruker den til? Til å sjå nærmare på ting som er eit stykke unna.

På den tida Johannes og Jesus levde var ikkje kikkerten oppfunne ennå.  Johannes og dei som vi kallar for læresveinane hans, som var med han, trudde at det var Jesus som er Guds son, men dei var ikkje heilt sikkert på det. Sidan dei ikkje kunne bruke kikkerten og Johannes satt i fengsel sa han til læresveinane sine: Spør han om han er den rette og sjå på kva han gjer! Og Jesus fortalte dei kva han gjorde: Blinde ser og lame går, spedalske vert reine og døve høyrer, døde står opp, og evangeliet vert forkynt for fattige; og sæl er den som ikkje støyter seg på meg!

Då dei fekk dette svaret visste dei at Jesus er den rette, at han er guds son, Messias, frelsaren.

Folket i Israel venta nemleg på at ein Messias , ein frelsar skulle kome og dei visste at han skulle forandra verda til det betre. Og det gjorde Jesus med alle dei undrene han gjorde her på jorda. Han gjorde det med at han døde på korset for oss. Difor kan vi kome direkte til gud og difor får vi eit evig liv hjå gud.

 

Veit dokke kva dag vi har i dag?

Advent tyder framkomst og det skal minne oss på at vi skal være på utkikk. På utkikk etter Jesus. Før han får opp til Himmelen sa han nemleg at han skal kome att for rette opp all urett her vi verda. Han skal ”døme levande og døde”. Dette er ingenting vi treng å være redde for. Jesus har sagt at han skal ta vare på oss når vi trur på han. Og det kan vi stole på. Adventtida ikkje berre minne oss om at Jesus kom til jorda ein gong som eit lite barn. Den skal først og fremst minne oss om att Jesus kjem att sjølv om det er nok så lenge vi nå venter på han. Vi skal være på ukikk etter han og vente på han. Så være våken bruk kikkerten. Kanskje dokke få sjå under ein plass eller dokke oppdagar at Jesus er allereie på veg igjen.