Preiketekst: Matt 21:1-9

Då dei var komne til Betfage ved Oljeberget, og ikkje hadde langt att til Jerusalem, sende Jesus to læresveinar i veg og sa til dei: "Gå inn i den landsbyen som ligg framfor dykk! Der finn de straks eit esel som står bunde, saman med folen sin. Dei skal de løysa og leia til meg. Og er det nokon som spør dykk, skal de seia: Herren har bruk for dei. Då sender han dei hit med ein gong." Dette hende for at det skulle oppfyllast, det som er tala

gjennom profeten, når han seier:

Sei til Sions dotter:

Sjå, kongen din kjem til deg,

audmjuk rid han på eit esel,

folen til eit kløvdyr.

Læresveinane gjekk av stad og gjorde som Jesus hadde sagt. Dei henta eselet og folen. Så la dei kappene sine på dei, og han sette seg oppå. Mange i folkehopen breidde kappene sine på vegen, andre hogg greiner av trea og strøydde på vegen. Og folket som gjekk føre, og dei som fylgde etter, ropa:

Hosianna, Davids son!

Velsigna vere han som kjem, i Herrens namn!

Hosianna i det høgste!

 

Er ikkje dette ein flott tekst? Jesus kjem inn til Jerusalem og hyllast av folket. Hosianna, Davids son!

Velsigna vere han som kjem, i Herrens namn!

Hosianna i det høgste!

 

Jesus rir inn i Jerusalem med stor hurra sjølv om han veit att liding og død er det som ventar han der. Likevel er dette ein fin tekst for Lepsøy. Men stop! I dag er ikkje palmesundag! I dag er det den første advent.

Advent dette latinske ordet tyder framkomst. Med første sundagen i advent byrjar eit nytt kyrkjeår og adventtida.  Adventtida er i utgangspunkt ei fastetid, ei førebuingstid. Ei tid som vi skal bruke til å førebu oss ikkje på det store gåve - rushet på julaftan, men på det at Jesus kjem att.

Til jul feirar vi at Gud blei menneske, at Jesus kom til jorda som eit lite barn. Adventtida skal minne oss om og førebu oss på at Jesus skal kome att i Herlegdom.

Jesus skal kome att i Herlegdom og inntoget hans i Jerusalem er berre ein bite liten forsmak på det som skal kome. Folket i Israel for 2000 år sidan venta på at ein Messias skulle kome. Gjer vi det same i dag? Venter vi framleis på at Jesus skal kome att eller har vi gitt opp?

Jesus er den som det gamle testamentet snakkar om, men venter vi framleis på at han kjem att? Er vi førebudd når han kjem?

I desse dagar kan ein lese mykje om Stat og kyrkje i avisane og eit ord som brukast ofte i denne samanhengen er sekularisering. Sekularisering, det er på norsk verdsleggjering og meiner at Gud og kyrkja får mindre og mindre plass i kvardagslivet. Korleis er det i livet ditt? Er livet ditt allereie sekularisert, verdsliggjord? Kor mykje plass, rom og tid har gud i kvardagen din? Har die framleis nok tid til han eller går heile tida di på det å tene, bruke og å spare pengar? Har du allereie nok med fritidsaktivitetar?

Manglar du tid til bøn, bibelesing, ettertanke og engasjement for Gud? Det handlar ikkje om å har tid. Det er nesten ingen som har tid til overs i dag. Det handlar om å ta seg tid. Ta deg tid for Gud! Tid for bøn, for ettertanke, for guds ord. Ta det tid for kyrkja. Og med dette meiner eg ikkje den norske kyrkja som institusjon eller bygget på Austnes. Med dette meiner eg kyrkja som fellesskap av alle dei som trur på Jesus Kristus.

Adventtida skal minne oss at Jesus kjem att for å rette opp rikje sitt og dette rikje på ingen måte sekular, verdsleg. Jesu rike er guds rike, himmelriket og det er ikkje frå denne jorda men frå gud. Og i dette rike tel ikkje pengane våre, velstanden vår eller prisen for det finaste julegåvene noko som helst. Der tel ikkje alt du berre måtte gjer. Der tel berre trua på Jesus Kristus som Herre.

Ta deg tid for Jesus i adventtida, dropp heller det eine eller andre arrangement, ei fritidsaktivitet, eit julebord, nokre julegåver eller julevasken. Ta deg tid og vær førebudd fordi han kjem att. Vi veit ikkje når men vi veit at han kjem att.