På søndag er det endeleg advent. Vi startar med førebuinga til jul. Det blir adventskonsert og tenning av julegrana. Det blir mykje song i heile bygda og kanskje syng vi også  denne songen:

 

Det hev ei rose sprunge

ut av ei rot så grann.

Som fedrane hev sunge:

Av Isais rot ho rann,

og var ein blome blid

midt i den kalde vinter

ved mørke midnattstid.

 

Om denne rosa eine

er sagt Jesajas ord.

Maria møy, den reine,

bar rosa til vår jord.

Og Herrens miskunnsmakt

det store under gjorde

som var i spådom sagt.

 

Guds rose ljuvleg angar

og skin i jordlivs natt.

Når hennar ljos oss fangar,

ho vert vår beste skatt.

Me syng i englelag:

No er det fødd ein Frelsar,

og natti vart til dag.

 

Dei aller fleste kjenner denne songen. For meg høyrer den i alle med til minnene om jul frå barndommen min. I minnene mine lukter det stollen, eit tys julebrød, det lukter røykemannen som røyker pipa si. Mora har lagt på ei plate med julesongar og vi sitter i stua. Familien er ennå heil og verda i orden slik som det skal være. Eg høyrer songen: Det hev ei rose sprunge ut av ei rot så grann. På tysk liknar denne setninga lit på ein setning som seier "Ein hest har gått seg vill". Eg forstå ikkje songen men det spillte ingen rolle. Eg hadde det trygt og godt.

Det var først mykje seinare at eg forstå salmen: Den tar utgangspunkt i to bibelvers: Høys 2:1

Ei rose frå Saron er eg, ei lilje i dalane. og Jes 11:1 Ein kvist skal renna or Isai-stuven, ein renning skal skyta opp frå hans røter. Isai var far til David og Jesus har som Messias røter i Davids ætt. I den norske versionen er rosa og blomen symbol for Kristus, mens det i den tyske versionen er eit symbol for Maria. Denne knyta opp mot eit anna vers frå Jesaja: Jes 7:14  Difor skal Herren sjølv gje dykk eit teikn: Sjå, ei møy skal verta med barn og føda ein son, og ho skal kalla han Immanuel.

Den tyske versjonen kjem frå den katolske byen Køln i Tyskland og då salmen blei omsett til norsk tidleg på 1900tallet, blei han liksom reformert til norske forhold og ei protestantisk kyrkje.

Men det er ikkje det som er viktigast. Det viktigaste er det salmen forkynner: Gud er blitt menneske! Jesus er født! I Jesus kom gud til jorda, her på jorda gikk han opp korset for alt det som går galt i livet vårt, og hit skal han kome att for å rydde opp med all urett og for å gjer slutt med all liding og død.

Advent tyder framkomst. Adventtida skal minne oss om at Jesus kom til jorda og at han skal kome att og at vi skal være førebudd på dette.

I dag gir ikkje salmen den same tryggleika til meg som den gjorde det då eg var barn. I dag er det evangeliet, Jesu glade budskap som gir meg tryggleik.

Joh 3:16

For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.

 

Ei velsigna god adventtid

Michael Hoffmann