Når ho Jana og eg og våre to små skal ein eller anna plass så er det som regel slik at eg og han Paul står klare, mens vi må vente på både kona og dottera mi. Nå er det slik at eg som Tyskar like å være presis og ferga

liker heller ikkje å vente på oss. Og så står eg der og venter og venter. Først blir eg utalmodig og så forkava. Det liker verken eg eller kona mi. Difor har eg funne på at det er best at når ho spør meg. Når skal vi være der? Då varar eg med eit klokkeslett som er sirka ti minutt før det eigenlege klokkeslettet. Resultat: Eg kan vente nok så avslappa fordi eg er førebudd på ventinga og vi kjem fram i god tid. Til og med klokka mi går på ferje tid. Den er fem minuttar for tidleg, akkurat like mykje tid som eg trenger frå heimen eller kontoret til ferga.

Det handlar om å være førebudd og om å kunne vente:

Preiketekst: Matt 25:1-13

Jesus sa: Då kan himmelriket liknast med ti brurmøyar som tok lampene sine og gjekk ut og ville møta brudgomen. Fem av dei var uvituge, og fem var kloke. Då dei uvituge tok lampene sine, tok dei ikkje olje med seg. Men dei kloke tok olje med seg i kanner attåt lampene sine. Då det drygde før brudgomen kom, vart dei alle trøytte og sovna.

Men midt på natta høyrdest eit rop: "Brudgomen kjem! Gå og møt han!" Då vakna alle brurmøyane og stelte lampene sine. Og dei uvituge sa til dei kloke: "Lat oss få litt olje av dykk; lampene våre sloknar." "Nei," svara dei kloke, "vi har ikkje nok både til oss og dykk. Gå heller til dei som sel, og kjøp sjølve." Medan dei var borte og ville kjøpa, kom brudgomen. Dei som var ferdige, gjekk saman med han inn til bryllaupet; og døra vart stengd.

Ei stund etter kom dei andre brurmøyane og sa: "Herre, herre, lat opp for oss!" Men han svara: "Sanneleg, det seier eg dykk: Eg kjenner dykk ikkje." Så vak då, for de kjenner ikkje dagen eller timen.

 

Det er trist, men det er sant: Det er ikkje alle som kjem inn i himmelriket. Dei kjem ikkje inn fordi de er ikkje førebudd og fordi de klarer ikkje å vente.

Dette her er ei oljelampe og så vidt eg veit er den nesten like gamal som bibelteksten. Den gir litt lys særleg når ein ikkje har gatelys, men det er jammen ikkje mykje. Og det er ikkje plasss til alt for mykje olje i den, så den varer heller ikkje alt for lenge. Den varer mykje kortare enn eit lommelykt. Og det kan bli farleg.

I truvedkjenninga vedkjenner vi at vi trur på ”Jesus Kristus, Guds einborne son vår Herre […som] skal kome att og døme levande og døde. ”

Venter vi framleis på att Jesus skal kome att eller er det nå så lenge menneska over heile jorda venter på han att vi gir opp. Eg kan godt innrømme at av og til når eg venta på kona mi ute på tunet har eg tvilt på om ho kjem i det heile tatt. Er det same med Jesus? Trur vi framleis på at han kjem att i det heile tatt? Klarer vi å vente ennå lengre? Og når han kjem, er vi førebudd?

Er vi førebudd eller er vi så forkava i vårt daglege at vi ikkje finn tid til det? Er vi så opptatt av å tene, spare og bruke pengane att Jesus ”vår Herre” blir ein salderingspost i kvardagen? Er vi så opptatt  med å få eit meir behageleg liv at vi ikkje finn tid til å snakke med han, at vi manglar tid til bøn.

Det å være førebudd på Jesus gjenkomst det er noko som angår oss alle. Dei som ikkje er førebudd dei må bli ute, sjølv om det er trist, dei må bli ute. Å være førebudd på og å vente på at Jesus kjem er noko som angår oss alle, ikkje berre nokre ekspertar. Vær førebudd! Tar deg tid til å vente. Gi Jesus rom og tid i livet ditt. Tar deg tid for gud. Det handlar ikkje om å har tid, men om å tar seg tid. Tar deg tid for bøn kvar dag, tid  for guds ord, for gudstenesta og for kyrkja. Kyrkja det er fellesskapet av dei som trur, av dei som ventar. Og det ventar seg mykje enklare når ein ventar i lag.

Tenn ljoset ditt men husk å ha med deg reserveljos. Vent og vær førebudd.