Preiketekst: Matt 25:1-13

Jesus sa: Då kan himmelriket liknast med ti brurmøyar som tok lampene sine og gjekk ut og ville møta brudgomen. Fem av dei var uvituge, og fem var kloke. Då dei uvituge tok lampene sine, tok dei ikkje olje med seg. Men dei kloke tok olje med seg i kanner attåt lampene sine. Då det drygde før brudgomen kom, vart dei alle trøytte og sovna.

 

Men midt på natta høyrdest eit rop: "Brudgomen kjem! Gå og møt han!" Då vakna alle brurmøyane og stelte lampene sine. Og dei uvituge sa til dei kloke: "Lat oss få litt olje av dykk; lampene våre sloknar." "Nei," svara dei kloke, "vi har ikkje nok både til oss og dykk. Gå heller til dei som sel, og kjøp sjølve." Medan dei var borte og ville kjøpa, kom brudgomen. Dei som var ferdige, gjekk saman med han inn til bryllaupet; og døra vart stengd.

Ei stund etter kom dei andre brurmøyane og sa: "Herre, herre, lat opp for oss!" Men han svara: "Sanneleg, det seier eg dykk: Eg kjenner dykk ikkje." Så vak då, for de kjenner ikkje dagen eller timen.

 

”Mens vi venter” står det på eit stativ på samvirkelaget. Julemarsipanen er komen. Julemarsipanen midt i oktober? Kva er det som gjer det så vanskeleg for oss å vente?

Når han Paul, guten min, skal ha bursdag då har han ikkje berre bursdag ein dag. Nei, då har han bursdag i minst ei veke. Og sjølv om han feirar bursdagen både på barnehagen, med barneselskap og med familien så startar han allereie tre veker før med å spørje om han har bursdag i dag. Han klarer ikkje å vente.

Ventinga kan ofte bli langt, men det er ofte vi ikkje er førebudd på dette. Sjølv om vi veit at jula kjem den 25. desember kvar år, klarer ein ikkje eingong å vente til adventtida med julegodteriet. Guten min veit har ennå ikkje oversikt over kva dag han har bursdag, men han veit at han har bursdag ein dag for året.

Endå meir vanskeleg enn å vente på jul eller på bursdagen er det å vente på at Jesus, brudgommen, kjem att. Det er det å vente på himmelriket. Jesus har sagt at han skal kome att, men han har ikkje sagt når. Han har berre skat at vi skal være vakne, førebudd. Jesus skal kome att  og det er viktig å være førebudd på det. Det kan ta lengre tid enn vi forventar, men han kjem.

Vi vedkjenner at ”Jesus skal kome igjen for å døme levande og døde”. Men er vi førebudd på dette? Venter vi framleis på han? Kva er det vi skulle har gjord før han kjem? Kva er det som kan hindre oss i å bli med han? Er vi klare til å vente på han? Klarer vi å vente på han? Eller er vi alt for utalmodig?

”Så vak då” seier Jesus og meiner oss. Det er trist me det: Vi skal være førebudd på at han kjem att og vi veit at ikkje alle blir med i Guds rikje. Det er ikkje vårt ansvar å skremme nokon som helst, det er ikkje vårt ansvar å bedømme om kven som blir med og kven ikkje, men det er eit ansvar for kvar einskild av oss å være førebudd.

Jesus veit at ventinga er langt og han veit at vi er utalmodige og difor ynskjer han å styrkje oss. Han ynskjer å styrkje oss med sitt ord, sin lekam og sitt blod. Det er difor vi feirar nattverd, fordi det skal styrkje oss i trua fram mot det evige liv. Jesus ynskjer å møtet oss, han ynskjer å møte oss i hjarta våre og heilt konkret i nattverden. Det er i samlinga rundt gudsord og nattverden at kyrkja blir synleg. Kyrkja det fellesskapet av dei som trur. Kyrkja det er ikkje eit bygning, det er eit fellesskap. Kyrkja er fellesskapt av dei som venter på Jesus. Og alle er velkomne til å  førebu seg, alle er velkomne til å være med i dette fellesskapet, uansett om vi liker dei eller ikkje.

Stå av frå julegodteriet  før tida er komen, bruk tid heller før trua di: Les i bibelen prøv å vær førebudd på himmelriket og på at Jesus kjem att. Kanskje vi ses på gudsteneste?