2 Kor 9:6-10

Men det seier eg: Den som sparsamt sår, skal sparsamt hausta, og den som sår med rik hand, skal få ein rik haust. Kvar må gje det han har sett seg føre i hjarta, ikkje med ulyst eller av tvang. For Gud elskar ein glad gjevar. Og Gud er mektig til å gje dykk alle gåver i rikt mål, så de alltid og i alle høve skal ha alt de treng, ja, ha overflod til all god gjerning. For det står skrive:

 

Han strøydde ut

og gav til dei fattige,

hans rettferd skal alltid vara. [10] Han som gjev "såmannen såkorn og brød til å eta", han skal òg gje dykk såkorn og la det bera rikt, og grøda av dykkar rettferd skal han gjera stor.

 

 

Kven er det her som har hage heime?

Har dokke nokre bær i hagen?

Og frukttre?

Er det noko meir dokke som gro i hagen hos dokke?

Har dokke hausta mykje eller lite i år?

Har dokke laga syltetøy eller lagt noko i frysaren?

Trur dokke at vi får nok mat om vinteren?

 

Kven er det som få alt til å gro og til å vekse?

 

Har nokon av dokke set gud ein gong?

 

Nei?

Det er noko som eg synes er litt dumt. Det hadde vært mykje enklare å tru på gud om ein kunne sjå han. Men gud er ikkje å sjå her på jorda. I alle fall ikkje direkte. Gud skjuler seg. Men det går an å sjå han, det går an å sjå han gjennom alt det fine han har skapt. Gud har skapt så mykje. Dag og natt, hav og land, måne og sol, stjernene, fulglane, blomane. Og kvart år skaper han nye ting som vi kan hauste, slik at vi får nok mat kvart år.

Og vi har meir enn nok. Det gror  og det einaste vi må gjer det er å så og å hauste, resten får vi som gåve.

Kva seier ein når ein få ei gåve?

Gud har skapt så mykje for oss, vi har all grunn til å takke han og difor feirar vi hausttakke i dag.

Men veit dokke kva som er det finaste gud har skapt? Der det er du og du og du oss alle saman. Og da gud skapte det første menneske sa han: Du skal likne på meg. Og det seier han igjen og igjen, kvar gong han skapar eit menneske. Og difor kan vi sjå eit glimt av gud i alle menneske.

Amen