2 Kor 9:6-8

Men det seier eg: Den som sparsamt sår, skal sparsamt hausta, og den som sår med rik hand, skal få ein rik haust.  Kvar må gje det han har sett seg føre i hjarta, ikkje med ulyst eller av tvang. For Gud elskar ein glad gjevar.  Og Gud er mektig til å gje dykk alle gåver i rikt mål, så de alltid og i alle høve skal ha alt de treng, ja, ha overflod til all god gjerning.

 

 

Det var ein fin sommar i år. Mykje sol, mykje lys og mykje varme. Det var ofte vi nyta dagane både til å sitje ute og til å grille. Og det var ikkje lite iskrem som gjekk i løpet av to siste månedane.

Men har du våga dei litt ut i regnværet dei siste dagane? Det er ikkje berre det  eine eller andre bladet på treet som er i gang med å skifte farge. Hausten er på veg inn. Når eg ser ut av vindauget ser eg ein stor haug med ved. Dette er nokk ikkje berre for denne hausten og vinteren, nei dette er nok til to eller tre år til.

Kjem eg med ned i kjellaren så står der både syltetøy og saft på rekke og råd. Frysaren er fullt med både rips, solbær, jordbær, blåbær, erter og fisk. Vi har fått rikeleg. Ein tar gjerne det ein får som sjølvsagt og klager  over det ein manglar. Men det er så rikeleg vi har fått. Vi har nok mat, vi har meir enn nok, og sjølv om det kan koste litt har vi det varmt nok i stua. Vi er rike og vi får ennå meir.

Hausten er tida til å hauste og difor feirar vi hausttakke. Gud har gitt os rikeleg, ikkje berre i hagen og på marka. Vi har fått rikeleg. Vi har fått så rikeleg at vi har nok til å gi noko att. Vi kan takke gud med å gi han noko av tida vår.  Gud treng våre hender, han treng både deg og meg. Han har mange gjerningar som blir ugjord fordi han manglar folk. Og kanskje er akkurat deg han treng? Gi gud noko att gi han litt av tida di. Veit du ikkje korleis du skal gjer det? Kjem på gudsteneste og gi oss eit vink så skal vi finne ei oppgåve som passer akkurat til deg.

 

Michael Hoffmann

 

Sjekk at dokke har rett gudstenestetid:         kl. 12.00 Fjørtoft – Hausttakkefest med Nattverdved ved Otterlei skule

 

kl. 17.00 Lepsøy bedehuskapell – Hausttakkefest med familiegudsteneste, utdeling av 4årsboka og kyrkjekaffi