Det er kanskje litt bratt å gå direkte på preiketeksten, difor først ein  tekst av den godt etablerte og lærde forfattaren Ragnar Hovland:

 

Kveldssong for deg og meg

 

Grisen står og hyler i den stille kveld. (Han skal ikkje slaktast men hyler likevel).

Fir'og tjue kråker sit på ein madrass. Endå ei vil sitje men det er ikkje plass.

 

Månen står og lyser, rund og feit og kvit.

Reven kjem frå skogen og luskar hit og dit.

 

Fiskane i havet søv og drøymer søtt.

Nøkken nedi tjernet har eg aldri møtt.

Mor og far har lagt seg. Eg er vaken, eg.

No klatrar eg ut glaset så spring eg bort til deg.

 

Mens grisen står og hyler og månen lyser kvit

sit du og eg på taket og ler og pratar skit.

 

Eg er ikkje så flink med å syngje men eg kan godt innrømme at eg liker denne songen. Men kva vill han med denne songen på preikestolen? Berre vent!

 

Dagens preiketekst står hjå evangelisten Matteus:

 

Preiketekst: Matt 12:33-37

Jesus sa: Anten er treet godt, og då er frukta òg god, eller treet er ringt, og då er frukta òg ring. Treet kjenner ein på frukta. Ormeyngel! Korleis kan de som er vonde, seia noko godt? For det hjarta er fullt av, det talar munnen. Eit godt menneske ber fram gode ting av det gode han gøymer på, eit vondt menneske ber fram vonde ting av det vonde han gøymer på. Det seier eg dykk: Kvart gagnlaust ord som folk talar, skal dei svara for på domedag. Ja, etter orda dine vert du frikjend, og etter orda dine vert du felt.

 

Då eg var yngre fekk eg mykje kjeft fordi eg prata for mykje. I dag får eg mindre av dette, men av og til får eg nok eit lite push: Ikkje snakk så mykje jobb i fritida. Men av og til er dette verkeleg vanskeleg sidan kyrkjelyden, det kristne livet her ute, bedehusa og kyrkja, det er det eg brenner for. Men det er ikkje berre det eg snakkar om:

For det hjarta er fullt av, det talar munnen. Kva er hjerte mitt fullt av? Kva er det som er viktig i livet mitt?

De er her i dag, og difor er det god grunn til å rekne med at gud er ikkje heilt uviktig for dykk.

For det hjarta er fullt av, det talar munnen. Men å ha hjerte sitt fullt av noko det er kanskje litt meir enn at det ikkje er heilt uviktig. Har Jesus ei rolle i livet ditt? Er han viktig for deg? Kva er det som er viktig for deg? Det hadde vært spennande å sjå kva dokke og spesielt kva konfirmantane kunne svare på dette. Kva er det som er viktig i livet ditt og kva er det som er viktigast? Det er kanskje ikkje så enkelt å svarte på dette spørsmålet, men Kva er det du pratar mest om? Det er vel enklare å svare på.

Sjølv om eg har mykje sans for ein Kveldssong for deg og for meg, er det likevel den siste linjen der som får meg til å stoppe: Sit du og eg på taket og ler og pratar skit. Sit du og eg på taket og ler og pratar skit: For det hjarta er fullt av, det talar munnen. Nei dette liker eg ikkje å tenkje på.

Eg opplever folket her ute ikkje som alt for pratsam, men når dei snakkar er det  sjeldant dei pratar om Jesus, Gud eller trua si, sjølv om dei snakkar med meg. Dette er liksom så privat og personleg at det er ikkje noko ein snakkar om. Menn kan trua vere privat? Er det ikkje berre i fellesskapet trua kan overleve? Er kyrkja ikkje først og fremst fellesskapet av dei som trur og ikkje bygningen? For det hjarta er fullt av, det talar munnen.

Alt for mange i kyrkjelyden her også dei som skal leie det snakkar mykje om ansvar, myndigheit, oppgavefordeling administrasjon og makt og sikkert alt dette må ein snakke om. Men det er ein ting som er viktigare og som vi snakkar for lite om korleis vi i lag kan jobbe for å fremje guds rikje her på jorda? Korleis kan vi få fleire å engasjere seg? Korleis kan vi få fleire yngre familiar med på gudstenestene? Korleis kan det å være med på gudstenestene bli enklare for unge familiar? Kvifor opplevast kyrkjelyden vår ikkje som eit fellesskap, som ein stor familie? Kva er det som manglar?

Anten er treet godt, og då er frukta òg god, eller treet er ringt, og då er frukta òg ring. Treet kjenner ein på frukta.

Kva er det vi kan gjer for å fremje guds rikje her på Nordøyane det ynskjer eg at vi skal snakke om sjølv om vi ikkje har så mykje tradisjon på det? Sjølv om det kav være nok så greitt å slappe av på taket bør vi få til ein samtale om dette.  Har dokke ideer? Kunne du tenkje deg å engasjere deg? Ikkje prøv å opne munnen. Det blir i alle fall ikkje realisert om ikkje du snakkar om det. Har du aldri gjord noko sånt før? Om det skulle gå gale, så få vi ei ny sjanse i alle fall hos Gud. For det var difor Jesus døde på korset for at vi skulle få sjansen til å starte på nytt igjen og igjen, sjølv om ting gå gale.