Korleis klarer du å bli kjent med eit menneske?

Det først du kan gjer, er å prate mykje med dette menneske, du kan snakke om tanker, redsler, gleder, drømmer, mareritt og mykje meir.

 

Det andre du kan gjer og det er allereie litt meir intens: det er å jobbe i lag med dette menneske. Ein kan har eit felles prosjekt og bruke nokre timar, dager eller kanskje veker på dette i lag.

 

Og det tredje er at du kan leve i lag med dette menneske, det at du tar han eller ho heilt bevisst med inn i livet ditt, at du opplever han som ein del av livet ditt.

 

Det var i Galilea at læresveinane blei kjent med Jesus. Først kalla han dei første og så blei det fleire og fleire. Og det er mykje han gjer og det er mykje dei få sjå og det er mykje dei få sjå i han: Han lækjer sjuke, han mettar folket, han gir det næring for både kropp og skjel, under over under… Slik kunne det forsett i årevis - i alle fall for læresveinane.

 

Men ein dag gir han seg på veg til Jerusalem. Han veit kva som kjem til å skje der og han har snakka om dette med læresveinane. Liding og død ventar på han. Først her blir det tydleg kven han er. Først her blir vi verkeleg kjent med han: på vegen til Jerusalem, på vegen til korset.

Preiketeksten handler om menneske som ynskjer å bli kjent med Jesus, menneske som ynskjer å vite: Korleis er det å fylgje etter Jesus? Kva veg går han?:

 

Preiketekst: Luk 9:57-62

Medan Jesus og læresveinane hans fór etter vegen, var det ein som sa til han: "Eg vil fylgja deg kvar du så går." Jesus svara: "Revane har hi, og fuglane under himmelen har reir, men Menneskesonen har ikkje noko han kan kvila hovudet sitt på." Til ein annan sa han: "Fylg meg!" Men mannen svara: "Lat meg fyrst få gå heim og gravleggja far min." Då sa Jesus til han: "Lat dei døde gravleggja sine døde, men gå du av stad og forkynn Guds rike." Det var ein annan òg som sa: "Eg vil fylgja deg, Herre, men lat meg fyrst få seia farvel til dei som heime er." Men Jesus svara: "Ingen som har lagt handa på plogen og ser seg attende, er skikka for Guds rike."

 

Tre menneske kjem til Jesus, tre som ynskjer å følgje etter han og tre gongar får dei nok så harde og uvennlege svar. Og med desse tre svar seier Jesus tre ting om det som ligg i det å ta han på alvor, i det å fylgje etter han.

 

1. Å tru på Jesus meiner ikkje å satse på ei sikker eksistens her, men å stole på Gud og at der er han som gir meg ein heimplass og tryggleik.

 

Jesus svara: "Revane har hi, og fuglane under himmelen har reir, men Menneskesonen har ikkje noko han kan kvila hovudet sitt på."

Heilt topp det. Her kjem det ein som tar Jesus på alvor, ein som har bestemt seg. "Eg vil fylgja deg kvar du så går." Kanskje var avgjersla ikkje så enkelt. Då eg med 13 bestemte meg for å forlate den kommunistiske ungdomsorganisasjonen og for å bli med i konfirmatundervisninga, då eg bestemte meg for å fylgje etter Jesus var det heller ikkje berre ros og kos. Ei viss tid var noko som ei høgtidsstemning, men så byrja dei med å spørje: Er du klar over at du har ingen sjanse til å bli lege som foreldrene dine? Er du klar over kva dette meiner?

Heller ikkje alle i kyrkje lyden var begeistra: Skal han konfirmerast? Nei!

Ennå verre blei det nokre år seinare, då eg bestemte meg for å bli prest. Eg måtte skuffe faren min som hadde tilrettelagt legepraksisen sin for meg og eg skuffa mange andre. Så kom det at dei i Tyskland ikkje lengre hadde behov for unge prestar. Livet som prest på Haramsøya er heller ikkje berre, berre mange prester har vært her ute mykje kortare enn eg og med meg blir først 4 år til nyttår.

Men alltid har gud gitt meg ny tru, ny trygleik og folk som går med meg denne vegen og som støtter meg. Eg er ikkje åleine og difor kan eg fortsette å gå.

 

2. Å fylgje etter Jesus det krev heile mennesket.

 

Til ein annan sa han: "Fylg meg!" Men mannen svara: "Lat meg fyrst få gå heim og gravleggja far min." Då sa Jesus til han: "Lat dei døde gravleggja sine døde, men gå du av stad og forkynn Guds rike."

Det er skikk og bruk å gravlegge sine avdøde. Det er det i dag og det var det i alle fall i Palestina for 2000 år sidan. Dokke husker kanskje: Du skal ære far din og mor di. Ein jøde er forplikta til å gravleggje faren sin. Når Jesus står opp mot det fjerde bodet gjer dette det tydeleg: Guds rikje er viktigare enn alt anna, det er ikkje noko som berre går langs med. Det er ingen bod og ingen tradisjon som står over Jesus. Alt som finnes av regelverk skal ikkje hindre oss i å gi oss heilt og fylt i hans hand. Å fylgje etter Jesus krev heile menneske og ikkje berre 5 minutt sjølv om 5 minutt kvar dag kan være ein bra start. Gud kallar meg på ein veg og han er med meg på denne vegen difor klarer eg å fortsette på denne vegen.

 

3 Jesus viser framover, på det som kjem, på rike sitt.

 

Det var ein annan òg som sa: "Eg vil fylgja deg, Herre, men lat meg fyrst få seia farvel til dei som heime er." Men Jesus svara: "Ingen som har lagt handa på plogen og ser seg attende, er skikka for Guds rike."

For å sei det med Sigfried Lunde : Eg les det, men eg liker det ikkje. Er familien min ikkje vitig for livet mitt? Eg treng familien som støtte? Skulle gud meine at dette var ingenting?

 

For å gjer det klart: Jesus er ingen Guru og den norske kyrkja er ingen sekt. Vi skal ikkje kutte kontakten til familien. Men han ynskjer å være viktigare for oss. Han ynskjer at vi prioriterer han. Han vill ikkje at vi høyrer ordet hans, klapper og legg det til side. Han ynskjer rom og plass i livet vårt. Han ynskjer å gjer oss fri frå alt det som held oss att i denne verda. Vi skal ta han på alvor, vi skal stole heilt og fylt på han og på nåden hans. Jesus elskar oss og ynskjer heile mennesket for seg. Og det er så mykje han kan og vil gi oss. Men vi må våge å gi oss in hans hender, vi må våge å engasjere oss i det fellesskapet som han har stifta, i kyrkja. Vi må ta han med inn i livet vårt, ikkje berre til dåp, bryllaup eller gravferd. Ta han med inn i heile dittt liv.