Preiketekst: Joh 6:66-69

 

Etter dette drog mange av læresveinane seg unna og gjekk ikkje ikring med Jesus lenger. Då spurde Jesus dei tolv: "Vil de òg gå bort?" Simon Peter svara: "Herre, kven skulle vi gå til? Du har det evige livs ord, og vi trur og veit at du er Guds Heilage."

 

Nå står han der nesten heilt åleine. Han er ikkje langt borte frå heimplassen sin, bygda Kapernaum. Einsamt står han der. Det er ikkje så lenge sidan det var fleire tusen stykkar som følgde han. Forteljinga om fem små fiskar og to små brød finn seg i same kapitlet. Nå er det berre desse tolv som er att.

Han mata mange og dei og dei følgde han, men dei tolte ikkje dei klare orda han brukte i synagogen: Joh 6:44

”Ingen kan koma til meg utan at Faderen som sende meg, dreg han; og eg skal reisa han opp på den siste dagen.”

Først sa dei : Joh 6:14 "Dette er sanneleg profeten som skal koma til verda!", men så murra dei og sa: Joh 6:60 "Dette er harde ord! Kven kan høyra på slikt?"

Nå er dei borte og Jesus står der nesten heilt åleine.

 

Kjenner du deg igjen? Du kjemper og kjemper for ei god sak og alle er positive, men når det går i motbakke er du plutseleg heilt åleine. Og her er det diverre ingen forskjell om du engasjerer deg i idrettslaget, kyrkjelyden, på bedehuset eller i noko som helst lag.

Folkemengda er borte? Skal du borte med? "Vil de òg gå bort?" spør Jesus.

Det er så enkelt å vende seg borte når det går i motbakke. Det er enklare å gi opp enn å tåle harde og klare ord. Men livet er ikkje berre ros og kos. Tar ein Jesus med sine ord på alvor kan det være nok så krevjande. Det er ikkje slik at vi må gjer så og så mykje for å elske oss, det gjer han uansett, men tar vi han på alvor engasjerer vi oss. Vi skal engasjere oss for medmenneska våre og ikkje minst, vi skal med livet vårt prøve å vinne menneske for  han. Men gjer vi det? Lever vi at Jesus er det evige livs ord? Lever vi at vi trur at han er guds heilage? Held vi oss til Jesus når gjeld? Eller er det andre ting som fritidslivet eller tradisjonen viktigare for oss? Er vi blant dei tolv som framleis er med han, eller er vi blant dei 4988 som blei borte?

Jesus står åleine. Han står åleine om ikkje vi engasjerer oss for han. Og utfordringane er det meir enn nok også her i Haram: Kva kan vi gjer for at fleire kjem på gudsteneste? Kva er det som må til for å nå særleg fleire under 40? Korleis får vi fleire til å engasjere seg i kyrkjelyden med besøksteneste, barne- og ungdomsarbeid, misjonsprosjektet, Kirkens SOS osv. ? Er det eg som på ein eller anna måte er til hinder for at andre få engasjere seg?

Eg ynskjer å være blant dei tolv slik at Jesus slipp å stå der heilt åleine. Han er verdt engasjementet. Han døde på korset for oss. Han opplevde å være heilt og absolutt einsam på korset, men han gjorde det for oss. Han har det evige livs ord, og han er Guds Heilage.