Det var den 14. juli i 1902 då det skjedde: Campanilen, klokketornet som stod fritt på Markusplassen, styrtar plutseleg saman og ned på plassen. Den finaste plassen i Venezia ein ørken fullt av ruiner. Ingen hadde sett rifter i tornet, steinane låg fast på kvarandre og likevel styrta han saman. Korleis kunne dette skje? Bjelkane, som tårnet blei byggja på, var ikkje sterke nok. Ikkje bygningen var dårleg, men fundamenta var ikkje godt.

Joseph stevfaren til Jesus var tømmermann eller snekker som vi kanskje hadde sagt i dag. Vi har god grunn til å tru at Jesus sjølv var godt kjent på byggeplassen og at han taler til oss som fagperson når vi leser dagen evangeliet hjå evangelisten Matteus i det 7. kapittelet.

 

Preiketekst: Matt 7:21-29

Jesus sa: Ikkje alle som seier til meg: Herre, Herre! skal koma inn i himmelriket, men dei som gjer det Far min i himmelen vil. Den dagen skal mange seia til meg: "Herre, Herre! Har vi ikkje tala profetord i ditt namn, og drive ut vonde ånder i ditt namn, og gjort mange mektige gjerningar i ditt namn?" Då skal eg seia dei beint ut: "Eg har aldri kjent dykk. Gå bort frå meg, de som gjer urett!"

Den som høyrer desse orda mine og gjer etter dei, han er lik ein klok mann som bygde huset sitt på fjell. Regnet silte, elvane fløymde, og vindane bles og slo mot huset. Men det fall ikkje, for det var tufta på fjell. Men den som høyrer desse orda mine, og ikkje gjer etter dei, han er lik ein uvitug mann som bygde huset sitt på sand. Regnet silte, elvane fløymde, og vindane bles og slo mot huset. Då fall det, og fallet var stort.

Då Jesus hadde halde denne talen, var folket fulle av undring over læra hans. For han lærte dei med mynde, og ikkje som deira skriftlærde.

 

Det er nesten rart at eit menneske på sirka 1,90 kan stå på så små føter. Eg står fast her inne, men eg står ikkje like fast når eg går i sanden eller i ulent terreng. Kor fast står eg i livet mitt?

Kva er det eg byggjer livet mitt på? Det diskuterast om grunnlova skal få ein verdiparagraf som referer til menneskeretten og Noregs humanistiske arv, men kva byggjer du livet ditt på?

Er det tradisjonen? Er det velstanden? Kva er det som er viktig i livet ditt? Kor er plassen til Guds ord og den kristne tru, det kristne fellesskap i livet ditt? Står den i ei bokhylle og samlar støv? Er den pynt i heimen din? Har den ein sentral plass i livet ditt eller er den fundamentet?

Eg må innrømme at eg ofte sliter med å gi gud den plass i livet som han skulle ha. ” Den som høyrer desse orda mine og gjer etter dei..” seier Jesus, men eg klarer ikkje å leve heilt og fullt etter Jesu ord. Eg prøver å byggje livet mitt på guds ord, men er eg ærleg, er vi ærleg? Vi stryker igjen og igjen. Eg kan ikkje stole på at eg klarer å halde meg til Jesu ord. Men ordet hans handlar om nåde. Og guds nåde er noko eg kan byggje livet mitt på. Eg kan bruke Jesu ord som vegviser for livet mitt. Guds nåde er noko eg kan stole på. Men det er viktig at eg tar Jesu ord med i kvardagen min. Det er viktig å minne seg sjølv igjen og igjen på det at vi er avhengig av Guds nåde. Jesu snakkar ikkje berre om kjærleik og nåde, han lever det. Og vi skal i alle prøve å følgje etter han: Vi skal møte folket rundt oss med nåde og kjærleik. Vi skal møte dei med tålmod. Vi skal vise nestekjærleik og hjelpe kvarandre. Vi skal huske at vi er på veg i lag. Og vi skal aldri gløyme at vi er avhengige av Guds nåde og av Jesus Kristus som døde på korset for oss.