Ei natt i veka som gjekk hadde eg ein merkeleg draum:  Eg levd i ein tunnel. Ikkje spør meg kvifor det var ein tunnel, men sjølv om livet mitt var eit heilt anna enn det eg er vante med: Eg hadde det godt. Tunnelen var eit stykke av vegen til gud. Der møte eg mange menneske og eg fekk gå eit stykke i lag med dei og det var deileg. I dette fellesskapet i denne tunnelen kjente eg guds nærvær.

 

Det var ein god draum, sjølv den i utgangspunkt hadde lite med livet å gjere. Eg lever ikkje i ein tunnel, eg bor i lyset på Haramsøy. Det var eit heilt anna liv eg draumen min handla om. Også dagens preiketekst handler om eit anna liv:

 

Preiketekst: Matt 16:24-27

 

Jesus sa til læresveinane: Vil nokon vera i lag med meg, må han seia nei til seg sjølv og ta krossen sin opp og fylgja meg. For den som vil berga livet sitt, skal missa det. Men den som misser livet sitt for mi skuld, han skal finna det. Kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men taper si sjel? Eller kva kan eit menneske gje til vederlag for si sjel? For Menneskesonen skal koma i herlegdomen åt Far sin med englane sine, og då skal han gje kvar og ein lika for det han har gjort.

 

Desse ord kan misbrukast og dei blei misbrukt. Jesu kan misbrukast til å kalle folk til ein heilag krig : " Men den som misser livet sitt for mi skuld, han skal finna det." Men er det det orda skal brukast til? Når eg ser på nyheitene i desse dagar, når eg ser på Krigen i Midøsten og når eg minner dei som ikkje har sjansen til å flykte. Når eg ber for dei og når eg høyrer korleis religion blir brukt som motivasjon for soldatane, då blir det klart for meg: Det er ikkje det Jesus ynskjer dette går ikkje overeins med bergpreika: Matt 5:39  Men eg seier dykk: Set dykk ikkje imot den som gjer vondt mot dykk. Om nokon slår deg på høgre kinnet, så vend òg det andre til. Matt 5:44: Elska fiendane dykkar, velsigna dei som forbannar dykk, gjer vel mot dei som hatar dykk, og bed for dei som forfylgjer dykk,

 

Utfordringa Jesus gir oss er heller ikkje at vi skal samle opp så mange gode gjerningar som råd hos han. Vi skal ikkje prøve å tene opp noko hjå han.

 

Utfordringa er annleis og mykje meir krevjande: Gjer deg på veg! Gjer deg på veg ut av det behagelege livet ditt og inn i alt det uvisse! Plasser deg under Jesu kors, gi deg på veg til gud.  Dette er fine ord, men kva er reint praktisk. Det er ennå ingen tunnel frå Haramsøy eller Longva direkte til Gud.

 

Utfordringa ligg i det at du må opne deg for eit nytt liv, eit liv der det at du tener gud er viktigare enn at du koser deg. Gjer deg på veg til Gud! Engasjer deg i fellesskapet som er på vandring til Gud. Gud treng folk her på jorda til å skaffe ei ny røynd til å byggje rikje sitt her på jorda. Det er mykje som må gjerast, men som ikkje blir gjord, fordi folk har så mange andre ting dei skulle har gjord. Og det nyter heller ikkje om kvar enkelt prøver seg berre for seg sjølv. For å kunne få til noko treng vi eit fellesskap. og dette fellesskapet er kyrkja. Kyrkja det er først og fremst eit fellesskap av alle dei som er på veg til gud, Fellesskapet av dei som prøver å byggje guds rike her på jorda. Kyrkja er ikkje først og fremst ein bygningen.  Kyrkja er ikkje noko du kan overlate til presten, tilsette eller soknerådet. Dette fellesskapet treng deg. Og det er oppgåver til kvar og ein av oss. Kom ut av sofakroken gud trenger deg:

For den som vil berga livet sitt, skal missa det. Men den som misser livet sitt for mi skuld, han skal finna det.