"Det går ikkje an!" Det er ikkje meir som må til for å fordømme eit menneske. Fire ord er nok til å gjer seg til Herre over medmenneska sine. Visst er desse ord berre ord og ingen gjerning, men dei er og uttrykk for ei holdning. Og det kan være enkelt å å bite seg i tunga for å teie, men der vanskeleg og krevjande å gjer noko med holdningane sine. Men det er nettopp holdninga vår, tankane våre Jesus har tenkt å gjer noko med.

 

 

Preiketekst: Joh 8:2-11

 

Tidleg om morgonen dagen etter kom Jesus til templet att. Alt folket samla seg ikring han, og han sette seg og lærte dei. Då kom dei skriftlærde og farisearane med ei kvinne som var gripen i ekteskapsbrot; dei stelte henne fram og sa: "Meister, denne kvinna har dei kome over medan ho gjorde ekteskapsbrot. Moses har sagt oss føre i lova at slike kvinner skal steinast. Kva seier no du?" Dette sa dei for å setja han på prøve, så dei kunne få noko å klaga han for. Jesus bøygde seg ned og skreiv på jorda med fingeren.

Men då dei heldt fram med å spørja, rette han seg opp og sa: "Den av dykk som er utan synd, kan kasta den fyrste steinen på henne." Så bøygde han seg ned att og skreiv på jorda. Då dei høyrde det, gjekk dei bort, den eine etter den andre, dei eldste fyrst. Til sist var Jesus att åleine med kvinna som stod der. Då rette han seg opp og sa: "Kvar er dei, kvinne? Var det ingen som dømde deg?" "Nei, Herre, ingen," svara ho. Då sa Jesus: "Så dømer ikkje eg deg heller. Gå bort og synda ikkje meir!"

 

Når farisearane kjem til Jesus seier han ikkje: "Det går ikkje an at dokke kjem med denne kvinnen". Han bøygde seg ned og skreiv på jorda med fingeren og så sei han: "Den av dykk som er utan synd, kan kasta den fyrste steinen på henne." og ingen blir ståande. Vi er syndarar alle saman. Det er ein avstand, ein avgrunn  mellom oss og gud som det er umogleg å kome seg over. Det er umogleg i alle fall for oss. I livet til kvar og ein av oss veit gud meir enn nok for å kunne sei: "Det går ikkje an". Gud har byggja ei bru over avgrunnen som skil oss frå han. Jesus tok på seg alt det som ikkje går an i livet vårt. Han opna  oss ein ny veg til gud.

"Så dømer ikkje eg deg heller." seier Jesus. Han møter oss ikkje med dom, men med nåde og i Jesus møter vi gud: "Så dømer ikkje eg deg heller." Det meinar ikkje at vi skal gløyme alt det Gud har sagt om korleis vi skal leve.  Gud kunne sei "Det går ikkje an!" om mykje og mangt i livet vårt, men det ikkje slik han ynskjer å møte oss. Han møter oss som ein god far med opne armer og med nåde og seier til oss: "Gå bort og synda ikkje meir!"

Og til det høyrer det med at vi prøver å møte folk opne, at vi prøver å ta høgde for våre eigne feil og at vi ikkje fordømmer folke rundt oss. Det er ikkje slik at  vi ikkje skal hjelpe kvarandre. Vi skal hjelpe kvarandre med gode råd og opne ord. Det er noko anna å spørje: Syns du det du gjer er rett? enn å peike på eit menneske og sei: "Det går ikkje an." Visste du at når du peiker på eit anna menneske er det berre ein finger som peiker på dette menneske og tre finger som peiker på deg sjølv.

Kyrkja det er først å fremst eit fellesskap. Fellesskapet av dei som er på veg i lag på veg til gud. Og i dette fellesskapet skal vi slik som i ei stor familie hjelpe kvarandre. Alle skal komme fram til målet. Er det ein som snublar skal vi hjelpe han opp, er det ein som går seg vill skal vi prøve å hente han att. Vi er på veg i lag vi skal forbli ilag. Vi skal ikkje få folk til å snuble og vi skal ikkje skyve dei bort. Og det er det som gjerne skjer når vi fordømmer andre.

Vi er menneske alle saman og vi gjer feil i dommane våre. Vi må ta høgde for våre eigne feil istaden for å peike på andre. Sjølv den beste av oss kan ikkje være ein heilt rettferdig dommar. Det einast dommaren som er heilt og fullt rettferdig er vår gud. Det er heller ikkje ufarleg nå vi dømmer: Dommar og fordommar sårer og øydelegg fellesskapet. Vi sitt ikkje inne i eit anna menneske, men vi sitt inne i oss sjølv. Vi skal ikkje dømme over andre. Det er Gud som skal dømme og ikkje vi. Vi skal hjelpe kvarandre på vegen fram til gud, med gode råd, med nåde med tålmod og med ei hand som ikkje kastar stein men som hjelper.