Preiketekst: Matt 28:16.20

Dei elleve læresveinane drog til Galilea, til det fjellet der Jesus hadde sagt at han ville møta dei. Og då dei fekk sjå han, fall dei ned og tilbad han; men somme tvila. Då steig Jesus fram og tala til dei:

"Eg har fått all makt i himmelen og på jorda. Gå difor ut og gjer alle folkeslag til læresveinar, med di de døyper dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, og lærer dei å halda alt det som eg har bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står."

 

For nokre dagar sidan va det fest på Fjørtofta: To dåp på ein søndag ettermiddag. Kyrkja var nesten heilt fylt. Eg trur minst halve øya var der for å feire. Men kva er det eigentleg vi feira? Vi gjorde det Jesus sa: Vi gjorde det som Jesus sa. Vi utrysta foreldra til å lære desse to gutar om Jesus og vi døypte dei til namnet til faderen og sonen og den heilage ande. Borna fekk seg ein ny fødsel. Live deira fekk ein ny kvalitet deil blei til guds barn. Gud stadfesta at dei står i nåden hans. Dette er fine presteord, men kva er det på godt norsk? Når vi blir døypt adopterer Gud oss. I tillegg til dei foreldra vi har her på jorda, får vi også ein far i himmelen. Ein god far som ikkje alltid er så lett å forstå, men som vill oss vel og som vi kan stole på.

Når eg er på tur med guten min på to og eit halv år, då stoler han på at eg veit vegen, at eg leier han og at eg krev ikkje meir av han enn han klarer. Og sjølv om han kan bli nok så utsliten og sjølv om han forstår berre ein liten del av det eg gjer: Han stoler på meg.

Slik skal vi og stole på gud og gi han mogleik til å leie oss. Vi skal gi oss på veg i lag med han.

I dåpen seier gud at vi er borna hans. Det er vi og det blir vi gjennom heile livet. Uansett kva vi gjer, han kjem alltid til å være der. Han venter på oss med opne armar. I Jesus gjekk han sjølv opp på korset for å opne oss denne vegen. Vi er og vi blir guds barn uansett kva vi gjer og vi kan alltid vende om til han. Så lenge vi lever er det aldri for seint til og vende om til han. Difor eer vi også alltid velkomen til og kome til han og bordet hans.

I dåpen blir vi del av ein stor søskenflokk, alle dei som der døypte er guds born, dei er brør og søstrer. Og dette fellesskapet, denne søskenflokken som kallast for kyrkja, den er ikkje alltid einig i alt, slik som det er blant søsken. Men den fins over heile jorda. Slik ynskjer eg dokke mine brør og søstrer: Ein riktig og helg og ei god veke.

 

Lat oss be:

Treeinige Gud, Fader, Son og Heilage Ande, vi takkar deg for dåpen til ditt heilage namn, der vi vert fødde på nytt av vatn og Ande. Styrk oss i trua på deg, så vi kvar dag lever i dåpsnåden og går med evangeliet ut til alle folkeslag, du som lever og råder, éin sann Gud frå æve og til æve.

 

Michael Hoffmann