Preiketekst: Joh 14:15-21

Jesus sa: Elskar de meg, så held de boda mine. Då vil eg be Faderen, og han skal gje dykk ein annan talsmann som skal vera hjå dykk for alltid: Sanningsanden. Verda kan ikkje ta imot han, for ho ser han ikkje og kjenner han ikkje.

Men de kjenner han; for han bur hjå dykk og skal vera i dykk. Eg vil ikkje la dykk vera att som foreldrelause born; eg kjem til dykk. Om ei lita stund ser ikkje verda meg lenger. Men de ser meg, for eg lever, og de skal leva. Den dagen skal de skjøna at eg er i Far min, og at de er i meg og eg i dykk. Den som har boda mine og held dei, han er det som elskar meg. Og den som elskar meg, han skal Far min elska. Eg òg skal elska han og openberra meg for han.

 

 

Eg har nokre spørsmål. Mange av dokke har erfaring med barn enten som søsken, som foreldre, besteforeldre, oldrforeldre, onkel eller tante eller kva det måtte være:

Kva er det vi feirar når vi feirar bursdag?                     Fines eit barn allereie før det blir født?          Kor er det då?      Kan vi få kontakt med det?        Kva er det som forandrar seg når eit barn blir født?

 

Livet startar i grunn ikkje når eit barn blir født Eg har opplevd at i alle fall borna mine var nok så aktive i magen til Jana, før dei blei født. Men kva skjer då i fødslen?

Livet til babyen, livet til barnet får ein ny kvalitet. Nå må babyen puste på sjølv og den må drikke for å vokse. Den få sjå seg rundt, den får skrike og den få smile. Alt dette er ikkje smertefritt. Det er krevjande for både mora og barnet.

 

Eg gler med på gudstenesta på Fjørtoft i kveld, fordi der få eg være med på ein fødsel. Nei vi ventar ikkje på nummer tre. Det er til og med to dåp på Fjørtofta i kveld. Og dåpen det er ein ny fødsel. Også der får livet ein kvalitet. Den som blir døypt blir guds barn. Han eller ho har ikkje lengre berre eit par foreldre, han får i dåpen også gud som far.  Dåpen det er ein ny fødsel: Gud seier ja til barnet, alt det som skil barnet frå gud blir vaska bort i dåpsvatnet  I tillegg er det ofte namn som blir offentleggjord der. Gud tar imot den som blir døypt, han adopterer  barnet. Den som er døypt kan kome til  Gud når som helst, som ein god far vil han lytte og hjelpe. Og han har eit arv for oss. Den dagen vi reiser frå denne jorda skal vi få eit evig liv hjå han. Det einaste vi må gjer for dette er at vi trur på han og held kontakt med han.

 

Når ein blir født får livet ein ny kvalitet, dette er noko som det er umogleg å forandre. Barnet kan ikkje krype att i magen til mamma. Også dåpen er noko endeleg. Ein blir guds barn og ein forblir det sjølv om ein seinare i livet kanskje skulle melde seg ut av kyrkja. Dåpen er ein ny fødsel og difor synes eg at det er kjekt at mange feirar dåpsdagen som ein slags veslebursdag, der dei ten dåpslyset, få seg kake og fadrane kjem på besøk.

 

Men kvifor fortel eg alt dette til dokke? Fordi det er ei som har bursdag i dag: Kyrkja. Ikkje kyrkjebygget, men fellesskapet. Pinse det er festen til Den Heilage Ande og kyrkja sin bursdag.

På himmelfartsdagen reiste Jesus frå læresveinane  og for opp til himmelen. Læresveinane var i grunn ikkje lengre læresveinar fordi Jesus meisteren deira var borte. Men han hadde lova at skulle sende dei at han skulle sende Sanningsanden, Den Heilage Ande, for å leie dei vidare. Og det var det som skjedde til pinse: Den heilage ande kom ned på læresveinane og fekk dei til å tale og alle som lytta på dei kunne høyre dei på kvar sitt språk. Og mange frå mange land blei døypt. Læresveinane det var folk frå Galilea og i den større flokken også nokre frå Jerusalem om områdane rundt. Men nå var det folk frå mange forskjellige land som blei med i fellesskapet av dei som trur på han.

Jesus hadde reist, men han kom att på ein anna måte. Fellesskapet av dei som trur på han, læresveinane blei til kyrkja. Kyrkja det er fellesskapet av alle dei som trur på Jesus og det er han som har skapt dette fellesskapet gjennom Den Heilage Ande. Og sjølv om det er mange i kyrkja som prøver å leie skal dei aldri gløyme å lytte på han. Til pinse gav Jesus fellesskapet av alle dei som trur på han ein ny kvalitet. Ein flokk av læresveinar blei til Jesu Kristi kyrkje. Og det er difor vi feirar pinse, kyrkja sin bursdag.