Vel møt her ute. Være er sånn som det er, men vi er her ute i lag. Korleis kom dokke hitt? Kven var det som bar sekken? Eg håper at dokke delte litt på oppgåvene?

 

Preiketeksten er i dag nok så kort og den kjem frå det brevet til apostelen Paulus som etter mitt syn er det mest personlege. Det står i Galaterbrevet i det 6. kapittelet vers 2. :

 

Gal 6:2

Ber børene for kvarandre, og oppfyll på den måten Kristi lov.

 

Ber børene for kvarandre, og oppfyll på den måten Kristi lov.

 

Vi er samla her ute til gudsteneste i dag. Vi syng for gud, vi ber til han og vi høyrer orde hans. Vi er kyrkje sjølv om vi er utanfor kyrkjebygningen. I pinsen feirar vi kyrkja sin bursdag. Men det er ikkje ei kyrkje i Jerusalem, kyrkja på Fjørtofta eller på Haramsøya som er meint med det. Kyrkja dette er først og fremst  fellesskapet av dei som trur. Kyrkja det er fellesskapet av alle dei som er guds born. Kyrkja det er ei familie, eit søskenfellesskap.

 

I konkordieboka står det: Kyrkja er forsamlinga dei heilage, der evangeliet blir lært rent og sakramenta forvalta rett. Og til sann einskap i kyrkja er det nok å være einig om læren i evangeliet  om forvaltninga av skaramenta. … Som Paulus seier: Ein tru, ein dåp og alles Far.

 

Kyrkja det er først og fremst fellesskapet og ikkje bygningen.  Ikkje forstår meg feil: Eg er glad i kyrkja vår, sånn som den står der. Men den er berre emballasjen. Kyrkjebygginga  er berre ein av møteplassane for for det som verkeleg er kyrkja. Den er berre ein av møteplassane for fellesskapet. Og når ein tenkjer litt på konsekvensane så er det eg seier nå kanskje litt radikalt: Den einaste vitsen med å ha kyrkjebygningar  i det heile tatt er å ha ein møteplass for heile kyrkja, for all frå 0 til 110 som er med i det kristne fellesskapet.

 

I ein familie tar ein vare på kvarandre og det skal vi også gjer i kyrkja. "Ber børene for kvarandre, og oppfyll på den måten Kristi lov." Lova han snakkar  om er nestekjærleiken: Luk 10:27

"Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarta og av heile di sjel og av all di makt og av alt ditt vit, og elska nesten din som deg sjølv." . Vi skal hjelpe kvarandre, vi skal jobbe i lag for å fremje spreie guds rikje, vi skal bære børene for kvarandre. Kyrkje er ikkje kyrkje skjer og den skjer her og nå, når vi samlast rund guds ord, få møte han i nattverden, syng og ber.

 

Kyrkje det er først og fremst eit fellesskap og dette fellesskapet må levast, ikkje berre på søndag annakvar veke, men 7 dagar i veka 24 timar kvar dag.  " Ber børene for kvarandre, og oppfyll på den måten Kristi lov."

Amen