Jesus sa: Når du vil be, gå då inn i kammerset ditt og lat att døra, og bed til Far din som er i det dulde. Og Far din, som ser i det dulde, skal løna deg. Når de bed, skal de ikkje ramsa opp ord som heidningane; for dei trur at dei vert bønhøyrde berre dei brukar mange ord. Gjer ikkje som dei! Far dykkar veit kva de treng før de bed han om det. Difor skal de be såleis:

 

Fader vår, du som er i himmelen!

Lat namnet ditt helgast.

Lat riket ditt koma.

Lat viljen din råda på jorda

så som i himmelen.

Gjev oss i dag vårt daglege brød.

Forlat oss vår skuld,

som vi òg forlet våre skuldmenn.

Før oss ikkje ut i freisting,

men frels oss frå det vonde.

For riket er ditt, og makta og æra

i all æve. Amen.

 

Fader vår, eller Herrens bøn, bøna som Jesus lærte oss, er kanskje den mest kjente kristne bøna over heile verda. Den er med i radioandakta her i landet, den høyrer med til ein kvar gudsteneste. Eg ber den kvar kveld og eg veit om mange andre som ber den både ei og to gongar for dagen:

 

Fader vår, du som er i himmelen!

Lat namnet ditt helgast.

Lat riket ditt koma.

Lat viljen din råda på jorda

så som i himmelen.

Gjev oss i dag vårt daglege brød.

Forlat oss vår skuld,

som vi òg forlet våre skuldmenn.

Før oss ikkje ut i freisting,

men frels oss frå det vonde.

For riket er ditt, og makta og æra

i all æve. Amen.

 

Men er sånn at vi berre ramser opp desse ord, seier vi dei berre opp eller ber vi dei? Eg kan ikkje svare for dokke, men eg kan fortelje dokke om ein som prøvde å be fader vår:

 

 

Fader vår, du som er i himmelen!

 

Ja

Ikkje forstyr meg, eg ber.

 

Men du har jo snakka til meg!

Eg skulle ha snakka til deg? ææh nei, ikkje eg? Vi ber berre  slik: Fader vår, du som er i himmelen!

 

Da gjorde du det igjen - du kallar på meg,, skal du snakke med meg eller kva? Kva er det du vill?

Lat namnet ditt helgast.

 

Meinar du det på alvor?

Kva skal eg meine?

 

Meiner du det på alvor at du skal heilage  namnet mitt? Kva meiner det eigentleg for deg å heilage namnet mitt?

Det meiner … det meiner … f…….,  eg veit ikkje kva det meiner! Korleis skal eg vite det?

Det meiner at du ærer meg, at eg er eineståande viktige, at namnet mitt er verdifullt for deg.

Aha. Hm. Dette forstår eg. Lat riket ditt koma. Lat viljen din råda på jorda…

 

Gjer du noko for dette?

At det skjer din vilje? Sjølvsagt! Eg går til gudsteneste og på bedehuset, eg gir til kyrkja, til misjonsforeninga og i fasteaksjonen.

 

Eg vil meir:

Eg vil at du får orden på livet ditt.

Slutt med  vanane dine som irriterer andre.

Prøv å sjå verda med auga til folket rundt deg, nesten din.

Ikkje tenk så mykje på deg sjølv, det er mange som treng hjelpa di.

Alle skal få kjenne sanninga. Også naboen og sjefen din skal få vite om meg.

Det er så mange sjuke, svoltne, sørgjande, einsame og folk som sitt innestengt både heime på institusjon eller i fengslet. Gjer du noko for hein av dei?

Hugs det du gjer for ein av disse minste brørne mine, det gjer du for meg.

, at du lærer dei å tenkje frå andre sin perspektiv, for og på andre, at dokke hjelper andre, slik at alle menneske får kjenne sanninga, også naboen din og sjefen din. Eg vil at sjuke blir lækje, at dei som sylter får mat, at dei som sørgjer blir trøysta og at dei som sitt i fengsel blir frigjort, fordi alt, som du gjer for ein av disse gjer du for meg?

Kvifor seier du det nettopp til meg? Kva trur du, kor mange svinerike hyklar sitt her i kyrkja? berre sjå deg rundt!

 

Unnskyld! Eg tenkte berre at du meinte det på alvor at mitt herredøme skulle kome, a t alt skulle skje etter min vilje? Dette byrjar nemleg heilt personleg med den som ber. Først når du ynskjer det same som eg, kan du være en truverdig ambassadør for riket mitt.

 

Det er sant, men får eg fortsette med å be? (Med mer) Gjev oss i dag vårt daglege brød.

 

Du kastar mat i bossen , min son! Det at du ber for dette inkluderer også forpliktinga til å gjer noko for at alle dei millionar på jorda som syltar får sitt daglege brød.

Forlat oss vår skuld, som vi òg forlet våre skuldmenn…

 

Og han Torleif?

Torleif? ikkje snakk om  han! Du veit nok korleis han har hengt meg ut? Du veit kor arrogant han er mot meg, slik at eg rasande allereie før han byrjar med sine kommentarar? Han tar meg ikkje på alvor, han dansar på hovudet mitt, han…

 

Eg veit, eg veit men bønna di?

Eg meiner det ikkje sånn.

 

Du er i det minste ærleg. Liker du det eigentleg å gå rundt og være sur og bitter?

Det gjer med sjuk!

 

Eg vil gjere deg friske. Tilgi han Torleif og eg tilgir deg. (Då blir arrogansen og alt dette han sitt problem og sund og ikkje ditt.)  Kanskje du tapper noko på dette: Pengar eller image, men du kjem til å vinne en heil del fred for hjartet ditt.

 

Eg veit ikkje om eg klarer det.

 

Eg hjelper deg!

Før oss ikkje ut i freisting, men frels oss frå det vonde.

 

Ingenting er enklare en dette: Unngå personar og situasjonar som freistar deg!

 

Korleis meinar du dette?

 

Du kjenner nok dine svake sider: det o være upåliteleg, pengane dine, seksualitet, aggresjon , oppseding . Alt det som trekker deg borte frå meg er freistingar. Gi freistaren  ingen moglegheit!

 

Eg trur dette blir det mest vanskelege fader vår som eg har bedt i heile mitt liv, men for første gang har det noko å gjer med meg, med livet mitt!

 

Fin det byrjar å gå oppover. Berre be heilt fram til slutten.

For riket er ditt, og makta og æra i all æve. Amen.

 

Veit du kva eg liker? Når folk som du byrjar med å ta meg på alvor. Når dokke  byrjar å be med heile hjarta, Når dokke byrjar å følgje meg heilt og gjer det som er viljen min. Eg liker det når dokke etterkvart legg merke til at det gjer dokke sjølv glade, når dokke gjer noko for å fremje riket mitt.

Så langt historia frå ein som ba eit litt spesiell fader vår. Eit bøn det ein samtale, ein samtale med gud. Og gud lyttar og han svarar. Og han klare å lytte ikkje berre på det vi seier med munnen, med også på det vi seier med hjartene våre. Og det er ikkje alltid det same hjarta og munnen seier.

Gud svarer når vi ber. For det meste svarer han ikkje heilt direkte, men han lyttar og han svarer og det er godt å ta han på alvor og snakke skikkeleg med han. Det er godt å snakke med han og ikkje bare ramse opp ord.

Eg veit ikkje om har bedt ein sånn fader vår før, men eg utfordrar dokke, vær førebud på at gud svarer når dokke ber, når dokke snakkar med han. Og snakk med han.