Preiketekst: Joh 12:35-36

Jesus sa: "Endå ei lita stund er ljoset mellom dykk. Gå så lenge de har ljoset, så ikkje mørkret skal falla på dykk. Den som går i mørkret, veit ikkje kvar han kjem av. Tru på ljoset så lenge de har ljoset, så de kan verta born åt ljoset." Då Jesus hadde sagt dette, gjekk han bort og løynde seg for dei.

 

Eg liker månaden mai. Eg liker dei lyse dagane ute og eg liker 17.mai. Det er denne dagen vi bruker til feire dette landet som vi har fått.

Og sjølv om ein alltid kan finne noko til å klage på. Dette landet lever i lyset.

Det er vi som opplever den største velstanden som dette landet har sett nokosinne. Når vi sjå oss rundt i verda, så lever vi på den lyse sida. Vi har velstand, vi har det godt, men det er ikkje fortenesten. Vi har ingen grunn til hovmod, vi har ingen grunn til grådigheit. Vi har fått dette landet til forvaltning og ressursane som gåve. Det er ikkje vi som har skapt dette landet, vi har berre fått det. Det er gud som har skapt det og det er han vi har fått det med.

Men det er ikkje berre landet vi fått. Det nyter ikkje å ha berre landet, det er også folk som må til. Og gud har skapt dette landet, desse øyane slik at vi leve her og han har skapt så mange flinke, dyktige og oppfinnsame menneseke at vi faktisk kan har eit godt liv er ute. Når eg ser meg rundt her og ser kor mange gåver og emnar gud har fordelt blant menneska rundt meg: Heilt fantastisk!

Vi skal feire i dag. Vi skal feire at vi har det så godt. Men vi skal også huske: Vi skal huske på at all den velstanden som vi har, at dette er ei  gåve. Vi skal huske å takke for alle dei gåvene vi har fått frå gud. Og vi skal huske han. Også i dag, og særleg på ein dag som i dag og ikkje berre til gravferd, dåp og bryllaup skal vi huske han.

Heilt frå denne tida då Noreg blei ein nasjon har det vært eit kristent land. Kristendomen og den kristen kulturen har alltid vært ein viktig base for dette landet.

1814 på Eidsvoll meinte dei at Landet trengte eit konkret verdigrunnlag skreiv i Grunnlovens §2: Den evangelisk-lutherske Religion forbliver Statens offentlige Religion. De Indvaanere, der bekjende sig til den, ere forpligtede til at opdrage deres Børn i samme.

Det er ikkje alle som liker den, men den står der ikkje for å  ekskludere nokon, men for å gi landet eit konkret verdigrunnlag. Og dette verdigrunnlaget er livet til guds son Jesus Kristus. Han er ljoset for verda og han utfordrar oss til å ikkje setje våre eigne behov, men nesten først. Det er nestekjærleiken og kjærleiken til gud som skal bestemme det vi gjer og ikkje pengane.

Jesus er ljoset i verda. Vi har fått rikelig her i dette landet og alle dei som tru på han har i tillegg fått tilsegna om det evige livet. Vi skal berre ikkje bli hovmodige og gløyme han. Vi skal tru på han og vi skal ta trua på med i livet våt til sorg og glede, til fest og kvardagen, med bøn og bordvers.

 

Preiketekst: Joh 12:35-36

Jesus sa: "Endå ei lita stund er ljoset mellom dykk. Gå så lenge de har ljoset, så ikkje mørkret skal falla på dykk. Den som går i mørkret, veit ikkje kvar han kjem av. Tru på ljoset så lenge de har ljoset, så de kan verta born åt ljoset." Då Jesus hadde sagt dette, gjekk han bort og løynde seg for dei.

 

Eg har lyst til å slutte med eit dikt som er skreve av Johan Sorknes.

 

Bøn på 17. mai

Gud signe deg, vårt fedreland,
frå jøkultind til verslitt strand,
frå ville hav til hei!
Gud signe deg, kvar mann og møy,
frå inste dal til ytste øy!
Gud, syn oss veg og lei!

Vi eig eit land så audt og vilt,
så karrig, hardt, så mjukt og stilt,
med fjell og djupe fjord.
I tusund år vart landet bygt.
Å, må det alltid liggje trygt!
Gud, sign vår fedrejord!

Her stridde dei så hard ein strid,
ein strid mot svolt, mot naud og nid,
ein strid for dagsens tarv.
Dei fekk sitt brød frå karrig jord,
og Livsens brød frå Herrens ord.
Det er vår fedrearv.

Gud signe deg, vårt fedreland!
Gud signe kvar ei arbeidshand,
kvar såmann på di jord!
Gud signe deg frå vår til vår!
Gud gje deg rike nådeår
og signing av sitt ord!

Johan Sorknes