For ei veke sidan var eg i Tyskland. ”Å bli eller å rømme?” var temaet. Eg hadde med meg mykje erfaring frå Fjørtoft og Lepsøy og avisartiklar der ein kunne lese at det nå var halvparten av alle norske barn som budde i storbyar og at folketalet i Haram kommune har minka med 200 i løpet av 3 år. Det er nå færre enn 200 som bur på Fjørtofta. Alt dette kjennes ganske dramatisk.

Så kjem eg til Tyskland: Konferansehotellet er fint og folket hyggelig, men den farmtidsvisjonen for Aust-Tyskland som eg får høyre er alt anna enn hyggelig: I den delstaten eg kjem i frå vil det om 5 til 10 blir naudsunt å skru av både drikkevatnet og kloakksystemet. Då er det så få som bur der at dei må stenge veger og å kutte straumen fordi verken dei som bur der eller staten har råd til å betale for leidnings-, linje- eller vegnettet. Heile regionar der folk har budd i hundrevis av år kjem til å bli skrudd av. Det er den siste som skrur av lyset og det er ikkje lenge til han drar. Og så blir det mørkt:

Då eg kom heim att til Haram og til Nordøyane og fekk eg lese denne teksten:

 

Preiketekst: Joh 12:35-36

Jesus sa: "Endå ei lita stund er ljoset mellom dykk. Gå så lenge de har ljoset, så ikkje mørkret skal falla på dykk. Den som går i mørkret, veit ikkje kvar han kjem av. Tru på ljoset så lenge de har ljoset, så de kan verta born åt ljoset." Då Jesus hadde sagt dette, gjekk han bort og løynde seg for dei.

 

Nei det skal ikkje bli mørkt her ute. I alle fall ikkje med første. Heldigvis lever vi i eit land som både har råd og forstand til å halde liv i distrikta. Og sjølv om ikkje alle gatelys er i drift. Det skal ikkje bli mørkt hos oss.

Det er mykje velstand her i dette landet og dette er ingen grunn til å bli grådig. Det meste av det vi har er ikkje vår eigen forteneste. Landet vårt, råstoffane og bygdene våre det er ikkje vi som har skapt det, men det er vi som har fått det frå generasjonane før oss og frå gud. Eg er ein av dei unge som Haram kommune etterlyser og eg kan sei: Det er godt å leve i Haram og Sandøy kommune og vi har all grunn til å takke.  Vi har all grunn til å takke og vi skal gløyme kor vi kjem ifrå. På onsdag feirar vi dette landet som gud har gitt oss i gåve. Alle dei naturressursane som finns i dette landet har vi og etterkomarane våre fått i gåve. Ei gåve frå Gud.

Straumkrise i Møre og Romsdal eller ikkje – eg at det aldri kjem så langt at straumen blir skrud av, verken i Sandøy eller Haram. Det skal ikkje bli mørkt, verken i heimane eller på gatene. Og det skal i alle fall ikkje bli mørkt i hjarta våre.  Jesus Kristus er ljoset for verda og i all velstand  skal vi ikkje gløyme han. Vi skal ikkje gløyme kva han gjorde for oss. Vi skal ikkje gløyme kva han lærte os. Vi skal ta han som førebilete i livet vårt. Vi skal ikkje berre tenkje på oss sjølve og livet vårt i dag. Vi skal også tenkje på dei som ikkje har det så godt og på dei som kjem etter oss. La oss takke gud og la oss huske han. La oss leve nestekjærleik og la oss være gode Nordmenn.

/:La oss be for kvarandre

liksom Jesus ber for oss,

vandre i Guds lys,:/

/:vandre i Guds lys,:/

vandre i Guds lys,

vandre i Guds kjærleiks lys.

 

Heia Noreg! Amen

Michael Hoffmann