Ein samtale mellom to karer som begge to er vel opp i tretiåra. Den eine gir eit stort ansvar til den andre. Han har stor tillit til den andre og ansvaret er nok så stort:

Samtalen står i det siste, det 21 kapitlet i Johannesevangeliet:

 

Då dei hadde halde måltid, sa Jesus til Simon Peter: "Simon Johannesson, elskar du meg meir enn desse?" "Ja, Herre," svara han, "du veit at eg held av deg." Jesus seier til han: "Fød lamma mine!" Og han seier til han andre gongen: "Simon Johannesson, elskar du meg?" "Ja, Herre," svara Peter, "du veit at eg held av deg." Jesus seier til han: "Gjæt sauene mine!" Så seier han tredje gongen: "Simon Johannesson, held du av meg?" Peter tykte det var leitt at Jesus tredje gongen spurde: "Held du av meg?" Og han svara: "Herre, du veit alt; du veit at eg held av deg." Jesus seier til han: "Fød sauene mine! Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Då du var ung, batt du sjølv beltet om deg og gjekk dit du ville. Men når du vert gamal, skal du retta ut hendene, og ein annan skal binda beltet om deg og føra deg dit du ikkje vil." Det sa han for å syna kva slag død han skulle æra Gud med. Då han hadde sagt dette, sa han til Peter: "Fylg meg!"

 

Tre gongar spør Jesus, læresveinen sin Peter, om han kan stole på han og tre gongar få han som oppgåve å være hyrding for sauane hans. Jesus snakkar om sauer. Men han er ingen storbonde som driver med avling. Saueflokken er eit bilete som var enkelt å forstå av folket i Jesu tid. Saueflokken, dette er eit symbol, eit bilete, som ikkje er like populær som det var denne gongen. Saueflokken, det er kyrkja, det er dei som trur på Jesus, det er dei som følgjer etter han.

Og skal han Peter få ansvar for dei. Nettopp han. Jesus spør han tre gongar det same og et der ikkje så lenge sist han Peter  måtte svare tre gonger på det same spørsmålet: "Kjenner du han Jesus?" Det var spørsmålet dei spurde han tre gonger på Langfredag og han svara nei alle tre gongar før han kunne høyre eit hanegal. Det var den same fiskaren Peter som for noen få dagar sidan fornekta at han kjente til Jesus.

Og nå er dette: Jesus gir han ansvaret for heile kyrkja. Han stoler såpass mykje på han. Han gjer han til den første kriste leiar.

Eg kan godt innrømme at eg liker denne karen. Peter er og blir i alt det han gjer han sjølv. Sjølv som apostel forblir han den enkle fiskaren frå Galilæa.  Han snakkar rett ut. Han bryr seg ikkje så mykje om det han seier er rett eller galt. Han spør og svarer direkte. Han er eit ekte menneske, han elskar Jesus og av og til dummar han seg ut. Og særleg det siste er sikkert ikkje alltid så enkelt for folke rundt han.

Og nettopp denne karen får nå ansvaret for læresveinane og kyrkja. Han har i grunn ingen kvalifikasjon til denne oppgave. Kva er det som er så spesielt med han?

Eg trur han er villig til å bli leia av gud. Peter har sine svake sider og av og til gjer han dumme ting, men han er alltid open. Open for gud. Peter er open overfor gud. Han seier kva han meiner. Og han er takknemleg når gud hjelper han. Han skal leie kyrkja og gud få leie han. Peter er ikkje den store helten, han er eit enkelt menneske. Gud trenger ikkje den store helten som står der og viser seg fram. Gud treng verktøy. Det er Jesus som er den store helten, det er han som døde og stod opp att for oss. Gud vil fremje rike sitt her på jorda. og til dette trenger han oss. Og til dette har vi fått forskjellige gåver. Det er ikkje berre presten som skal tene gud. Klart: det er ikkje alle som kan leie kyrkjelyden. Sjølv om ingen av oss er meir eller mindre verdt for gud  så kan ikkje alle har dette ansvaret. Og heldigvis treng gud berre nokre få leiarar, men arbeidarar som er på å byggje riket hans. Han treng folk til snekkje og til å vaske, folk til å bake og til å male, folk til å prate og til å lytte.

Og slik kunne fortsette i alle fall fram til kveldsnytt.: Gud har gitt oss gåver, emnar og han har oppgåver  og bruk for kvar og ein av oss.  Klart er vi menneske og klart kan vi gjer feil. Men dette gjer oss ikkje duglege. Det er ikkje feilane våre som er viktig, der som er viktig er at vi er opne til å bli leia av gud.