Det var vel på andre påskedag at eg fekk litt tid å setje meg ned i sofakroken og kunne slå på tven. Og det eg kom over der det var ein av det gode gamle filmane i svart kvit "Don Camillo og Peppone" som handlar om presten Don Camillo og den kommunistiske ordføraren  Peppone og rivaliteten deira om kven som er overhøvdingen i småbyen. Dei er i grunn glad i kvarandre og trenger kvarandre men dei kan heller ikkje lav vere å erte kvarandre. Og det finnes etterkvart ikkje berre ein film om disse to, men tre eller fire.

Men det er eit lite element som  eg liker best i alle filmane, han speler  i grunn ei siderolle, men han er nok så viktig for Don Camillo: Kristus. Kvar gong Don Camillo ser eit krusifiks kan han prate direkte med Kristus og han svarer på direkten. Det ser ut som om diktaren av dagens preiketekst som står i  Sal 116:1-9 hadde ein nesten like god direkte tråd til gud:

 

Eg elskar Herren, for han høyrde meg

då eg trygla og bad.

 

Fordi han vende øyra til meg,

vil eg kalla på han alle mine dagar.

 

Dødens lekkjer snørte seg om meg,

helheims redsler greip meg,

eg fann berre naud og sorg.

 

Då kalla eg på Herren:

"Å, Herre, berga mitt liv!"

 

Herren er nådig og rettferdig,

miskunnsam er vår Gud.

 

Herren vernar dei umyndige,

han kom meg til hjelp då eg var veik.

 

Kom til ro att, mi sjel,

for Herren har gjort vel imot deg!

 

Ja, du har berga mitt liv frå døden,

mitt auga frå gråt og min fot frå fall.

 

Eg får ferdast for Herrens åsyn

i landet åt dei levande.

 

Diverre er det ofte ikkje slik vi opplever Gud. Diverre har ikkje vi denne direkte tråden til Kristus som Don Camillo. Når vi ber kan det ofte opplevast det slik som om Gud enten var døv eller om han nekta å lytte på oss.

Er han det?

Eg husker ei scene frå desse filmane der Don Camillo prøver å få kontakt med Kristus, men Kristus nektar å svare. Seinare får han kontakt med Kristus igjen og spør han: Kvifor svarte du ikkje?  Og Kristus svarer: Nå er det du som spør, men denne gongen då eg ikkje svare var det ikkje du som ville snakke med meg berre byrgskapen din.

Gud lytta  på oss heile tida. Han lytta på oss. Men eg trur nok at han lytta annleis enn det vi er vante til.  Han lytta vell ikkje så mykje og ikkje berre på munnen vår. Eg trur at gud lytta på hjartane våre.

Sidan eg vokste opp med mange leger rundt meg har det enkelt for tenkje meg dette i eit bilete: Ein sånt bilete han være at gud bruker eit stetoskop, slik at han klarer å lytte på hjartane våre. Og når du bruker eit sånt då lytta dy annleis. Eg høyrer nå svart dårleg kva dokke sei, men kjem eg nær dokke då få eg høyre hjarte til kvar og ein av dokke. Og gud ynskjer å være oss nær og han lytta på hjartane våre. Men han høyrer og på det vi seier. Han er oss nær sjølv vi kan oppleve han nok så fråverande og klarer å lytte på hjartene våre. Han veit kva vi verkeleg har behov for. Og ofte er det han som veit betre kva vi treng enn oss sjølve. Og av og til takker eg gud for at han ikkje gjorde slik som eg bad han om: Då hadde eg for eksempel ikkje vært her men ein eller anna plass oppe ved Helgelandskysten.

Vi er døypte på den treeinige Guds namn. Vi er borna hans. Han vil være oss nær og han lytta på oss. Han vil det beste for oss og han vill at vi skal være nær han. Vi skal være hjå hann for all æve. Difor døde han sjølv på krosset og stod opp att , for at vi skulle kunne være hjå han. Jesus er oppstod og når vi trur på han skal vi få eit evig liv hjå gud. Og i alt som er vondt og vanskeleg her på jorda er noko som vi verkeleg har behov for. Og dette er ingen billig trøyst dette er eit håp som held, fordi gud er også med oss på vegen ditt, han er med oss i kvardagen vår. Han vil hjelpe og berge oss.