Preiketekst: Joh 20:1-10

Tidleg om morgonen fyrste dagen i veka, medan det endå var mørkt, kom Maria Magdalena til grava. Då fekk ho sjå at steinen var teken bort frå grava. Ho sprang av stad og kom til Simon Peter og den andre læresveinen, han som Jesus hadde kjær, og sa til dei:

"Dei har teke Herren ut or grava, og vi veit ikkje kvar dei har lagt han." Då tok dei ut, både Peter og den andre læresveinen, og gav seg på veg til grava. Dei sprang saman, men den andre læresveinen sprang snøggare enn Peter og kom fyrst til grava. Han bøygde seg inn og såg linkleda liggja der, men han gjekk ikkje inn i grava. Simon Peter fylgde etter, og han gjekk inn. Han såg linkleda som låg der, og kledet som Jesus hadde hatt over hovudet. Det låg ikkje saman med linkleda, men ihoprulla på ein stad for seg. Då gjekk den andre læresveinen òg inn, han som var komen fyrst til grava. Og han såg og trudde. For endå hadde dei ikkje skjøna det Skrifta seier, at han skulle stå opp frå dei døde. Så gjekk læresveinane heim.

 

Jesus er oppstod, han er sanneleg oppstod. Dette er påskebudskapet. Det har vært det i snart 2000 år og når noko er så gamal, då må det være lov å stille det same spørsmålet som eg stiller meg på samvirkelaget nesten kvar dag: Er det gått ut på dato? Er den framleis brukbart?

Det er mykje enklare å svare på dette spørsmålet  når det gjeld nokre sjokoladeegg enn når det gjeld påskepudskapet. Eg spør meg: Har påske, det at Jesus er oppstanden, framleis noko med livet ditt å gjer?

Rører dette budskapet ved noko i oss eller høyrer det berre med til påske slik som påskekirm og kviklunsj?

Eg har lyst til å vise dokke noko fantastisk, eit lite under.

Dette her skal bli påskeliljer. Dei er litt seine i år, men dei skal blomstre snart. Det som er så fantastisk er at nå eg har plata dei ut i hagen og har gleda over dei, så visnar dei og forsvinn. Dei forsvinn, det ser ut som om dei er død og gravlagt i hagen min. Men om eit år vaknar dei til nytt liv. Dei veks og blomstrar på nytt.  Eg veit det, fordi eg har sett det mange gongar før. Eg har sett det så ofte og likevel klarer eg å un drer meg. Det er ofte sånn at ting som vi ser og høyrer ofte, det mister vekta si. Det er ikkje lengre så viktig. Vi lever i eit fantastisk land, i ei fantastisk landskap. Fjord og fjell, heile naturen rund oss er det så mykje av det mest fantastiske i heile skapinga. Då eg kom til Vestlandet for første gong fekk eg hovudpine. Det var så mange inntrykk. Eg klarte ikkje å fatte dei alle på ein gong. Men ser vi det lengre eller er vi berre så vante med at vi det, at det berre er der utan at vi legg merke til det, slik at det berre høyrer med til våren på Sunnmøre? Av og til må vi minne oss om ting som vi har blitt så vante med og som vi ikkje ser lengre. Ikkje alt som vi tar som sjølvsagt er det også. Blomane når kjem om våren dei vesle undrene rundt oss: Dei er der, vi må berre huske å sjå dei.

Jesus er oppstod, han er sanneleg oppstod. Vi har høyrt det så ofte at vi ikkje lengre reagerer på dette. Men det er spesielt, dette er noko ekstraordinært. Det er ingen sjølvfølgje. Romarne og Øvsteprerstene  ville drepe Jesus for å bli ferdig med han. Dei korsfesta folk nok så ofte og dei var vante med at når dei gjorde det så var vedkomande død og dei var ferdige med han.  Og Jesus var død. Han var død og han blei gravlagd. Men han blei ikkje liggjande i grava men vart levande att. Det var ikkje sånn at han berre såg ut som om han var død, han var, kald og gravlagd. Han gav livet sitt for menneskene. Men han blei ikkje liggjande i grava. Han er oppstod. Han er oppstod for å vise oss ein ny veg til eit evig liv utover dette livet som vi lever i.

Jesus er oppstod, han er sanneleg oppstod. Dette er noko skjedde aldri før. dette skjedde berre ein gong og sjølv om vi har høyrt det så ofte, kan vi likevel undre oss. Dette er noko som ingen av oss har sett før. Jesus er oppstod, han er sanneleg oppstod. Orda hans var ikkje berre tomme ord, men sant. Han er Guds son og han lever. Vi har fr fart til gud. Han ventar på oss med opne armer og vi kan kome til han. Han er med oss i dette livet og utover dette livet. Jesus er oppstod, han er sanneleg oppstod. På Menighetsfakultetet sa nokon at eg hadde ei tydeleg Kristus- forkynning . Men ka elles skal eg forkynne det er det som er kjernen:

Joh 3:16

For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.

Jesus er oppstod, han er sanneleg oppstod. Dette er sant.

AMEN