Dette var overskrifta i helgemagasinet til Dagbladet for ei veke sidan. Så fortel dei historia om Jesus og Judas, slik som vi kjenner dei: Matt 26:14-16

Ein av dei tolv, han som heitte Judas Iskariot, gjekk då til overprestane  [15] og sa: "Kva vil de gje meg om eg hjelper dykk til å få tak i han?" Dei talde opp tretti sølvpengar til han.  [16] Og frå den stunda leita han etter eit lagleg høve til å svika Jesus.

 

Apost 1:18-19

For dei pengane han fekk for ugjerninga si, kjøpte han ein åker. Men han stupte ned og sprakk, og all innvolen hans valt ut.  [19] Alle som bur i Jerusalem, fekk vita dette, og dei kallar åkeren på sitt eige mål Hakeldama, som tyder Blodåkeren.

 

Og så kjem det:

Dette var den offisielle versjonen. Her kommer den nye.

JUDASEVANGELIET BLE SKREVET på gresk rundt 150 e.Kr. Som kjent finnes det ikke noe evangelium etter Judas i Bibelen. Vi har ikke kjent til dets eksistens. Ikke før i dag, nesten 2000 etter, får svikeren sin tilsvarsrett.

National Geographics har den eneste kjente kopien av Judasevangeliet og er nå klar med filmen om evangeliet. Den sendes på National Geographic Channel palmesøndag 22.00. I dag er det dessuten blitt presentert for verden på en pressekonferanse i Washington.

Evangeliet er på 66 sider, i april kommer det i bokform i oversatt form over hele verden. Og slik er åpningen:

Den hemmelige beretningen om den åpenbaringen Jesus fortalte om i samtaler med Judas Iskariot.

I denne papyrusen er Judas en helt. Han er den som forstår Kristi budskap. Ved å angi Jesus til presteskapet gjør han det Jesus har bedt ham om å gjøre. Judas er klar over den skjebnen han pådrar seg, og Jesus advarer ham: «Du vil bli forbannet.»

 

Artikelen avslutter med:

Denne teksten utfordrer ikke bare en av de dypest forankrede anskuelsene innenfor den kristne tradisjonen, men tar også livet av et av antisemittismens yndlingstema, sier egyptolog Francois Gaudard i en pressemelding. Han har vært med på å oversette teksten, som i tillegg til Judasevangeliet også inneholder tre andre kristne tekster.

Så vidt om versionen frå Dagbladet, men kanskje skal eg prøve å huske kva eg veit om Judasevangeliet:

Vi har visst om Judasevangeliet nesten heile tida: Kyrkjefaren Irenæus frå Lyon skriver om det  i „Adversus haeresis“ - Advarslen mot vrang lære. Han siterer frå det og han åtvarar mot det. Judasevangeliet er i grunn igjen kristen skrift og alle er i grunn einige i at det var heller ikkje ein av læresveinane som skreiv det. Boka, eg vil heller ikkje kalle det for evangeliet - eit godt budskap, er skreve minst 120 år etter at Jesus døde. Då var ingen av apostlane som levde lengre. Teksten har opphavet sitt i ein sekt, eller kanskje betre i ein pseudokristeleg religion. Dei blanda saman gresk filosofi og kristne ord, dei trudde ikkje på ein god skapargud. Alt det som finnes her på jorda er forkasta berre fordi det er. Dei trudde ikkje på at det var noko god i skapinga. Jesus kunne heller ikkje være eit ekte menneske, han kunne heller ikkje kjenne smerte eller død og det einaste han ville var å kome seg borte herifrå. Og til dette trengte han Judas. Det er berre eit lite glimt i skjela som er fengsla i kvart menneske  som er god og evig. Den må sjølv skaffe seg kjennskap (gnonsis) og gjer seg sjølv fri av kroppen for å bli frelst. Oppgåva til frelsaren var her berre å gi meir kunnskap om dette.

 

I denne trua er det ingen rom for nåde. Det er ingen rom for guds son som gir seg sjølv for oss. Det er ingen rom for at Jesus hang på korset, at han kjente smerte, at han døde for oss. . Det er ikkje rom for at gud tente oss menneske.Det er ingen rom for at Jesus ber: Luk 22:42

"Far, om du vil, så ta denne skåla frå meg! Men ikkje som eg vil, berre som du vil!"

I denne trua er det ikkje rom for Jesu død og difor heller ikkje for Jesu oppstode Men det er det som utgjer den kristne trua. Jesus tente oss, han gjekk gjennom liding og død for oss og som stod opp for oss. Og sidan han er oppstod skal også vi får eit evig liv. Det er det vi trur på. Kyrkja som fellesskapet har aldri gøymd dei gnostiske skriftene, du få kjøpt dei i ein litt større kristen bokhandel. Men heilt sidan Irenæus har dei blitt avvist. Det er ikkje kristen budskap i dei. Det kristne budskapet finn vi i dei ekte evangeliene i bibelen. Det får vi lese at det var Jesus tente oss og Judas som svikta han og ikkje omvendt. Det er Jesus som vaska føtene til læresveinane og som gav livet sitt for oss og det er difor vi feirar Skjærtorsdag (å skire = åvaske).

:

Det var straks før påskehøgtida, og Jesus visste at timen hans var komen då han skulle fara bort frå denne verda og til Faderen. Han hadde elska sine eigne som var i verda, og han elska dei heilt til det siste.

Då dei heldt måltid, hadde djevelen alt skote det i hugen på Judas, son til Simon Iskariot, at han skulle svika han. Jesus visste at Faderen hadde gjeve alt i hans hand, og at han hadde gått ut frå Gud og gjekk til Gud. Då reiser han seg frå bordet, legg av seg kappa og tek eit linklede og bind om seg. Så slår han vatn i eit fat og tek til å vaska føtene åt læresveinane og turka dei med handkledet som han har kring livet. Han kjem til Simon Peter, og Peter seier til han: "Herre, vaskar du mine føter?" Jesus svara: "Det eg gjer, forstår du ikkje no, men du skal skjøna det sidan." "Aldri skal du vaska føtene mine," seier Peter. "Dersom eg ikkje vaskar deg, har du ikkje noko saman med meg," svara Jesus. Simon Peter seier til han: "Herre, ikkje berre føtene, men hendene og hovudet med!" Men Jesus svara: "Den som har lauga seg, er heilt rein og treng ikkje vaska anna enn føtene. Og de er reine - men ikkje alle." For han visste kven som skulle svika han. Difor sa han: "De er ikkje reine alle."

Då han hadde vaska føtene deira og teke på seg kappa, sette han seg til bords att. Så sa han til dei: "Skjønar de kva det er eg har gjort for dykk? De kallar meg meister og herre, og det med rette, for det er eg. Når no eg, herren og meisteren, har vaska føtene dykkar, då skal de òg vaska føtene åt kvarandre. Det er eit førebilete eg har gjeve dykk: Som eg har gjort mot dykk, skal de òg gjera."