Matt 4:1-11

Sidan førte Anden Jesus ut i øydemarka, så djevelen skulle freista han.  [2] Han fasta i førti dagar og førti netter, og til slutt vart han svolten.  [3] Då kom freistaren til han og sa: "Er du Guds Son, så sei at desse steinane skal verta til brød!"  [4] Jesus svara: "Det står skrive: Mennesket lever ikkje berre av brød, men av kvart ord som kjem frå Guds munn."

[5] Då tok djevelen han med seg til den heilage byen, sette han på det ytste hjørnet av tempelmuren  [6] og sa: "Er du Guds Son, så kast deg utføre! For det står skrive:

 

Han skal gje englane sine

påbod om deg,

og dei skal bera deg

på hendene,

så du ikkje støyter foten

på nokon stein." [7] Men Jesus svara: "Det står òg skrive: Du skal ikkje setja Herren din Gud på prøve."

[8] Så tok djevelen han med seg opp på eit svært høgt fjell og synte han alle verdsens rike og deira herlegdom  [9] og sa: "Alt dette gjev eg deg om du fell ned og tilbed meg."  [10] Då sa Jesus til han: "Gå frå meg, Satan! For det står skrive:

 

Herren din Gud skal du tilbe,

han og ingen annan

skal du tena." [11] Då gjekk djevelen frå han, og englar kom og tente han.

 

 

Kvart år er eg den heldige som får være med eit år i livet til nokre flotte ungdomar og så kjem konfirmasjonsdagen og eg kjenner meg både glade, triste og litt redde samstundes.

 

Eg er glad fordi vi har så flotte ungdomar her ute på øyane. Eg blir glad når eg ser kor mykje dei får til og kor flinke dei er. Sjølv om ikkje alle får til alt, så er det mykje dei klarer i lag. Og det er mykje flott vi opplevde i lag i dette året då dokke var konfirmanter. Om det var, matgruppa, friluftsgruppa, dramagruppa eller musikkgruppa, om det var turen til brusdalsheimen, nattkuppen eller Vintertreffet, om det var undervisningsdagar eller gudsteneste. Det var alltid kjekt å være i lag med dokke. Men eg må nok innrømme at det er vel gudstenestene i lag med dokke som eg kjem til å sakne mest. Nokre av dokke meinte at 8 gudsteneste det var litt vell mykje, sjølv om vi prøvde å tilby dokke litt av kvart i dei. Berre at det er sagt: Dokke slapp billig unna med 8. Eg måtte på 52 gudsteneste i løpet av 2 år  og ofte var det ikkje som vart og koseleg som her, der berre så vidt over 0 grader.  Eg trenger ikkje å være ein profet for å vite at eg i framtida kan være glad når dokke kjem til gudsteneste 2 eller 3 gongar for året. Men dokke kan være sikre på: Eg gler meg kvar gong eg ser ein av dokke.

Så eg er både glad for å sjå dokke her i dag og eg kjenner det litt trist for di eg kjem til å sjå dokke mykje mindre i framtida.

Dokke blir meir og meir voksne nå. Det er meir og meir dokke sjølv som tar avgjersler. Det er mange val avgjersler som dokke må ta etterkvart: Kva linje på skulen skal eg velje? Kva yrke skal eg velje? Skal eg bu heime eller pendle? Kor skal eg bu? Skal eg med på denne festen? Kva skal eg prøve? Alkohol? Narkotika? Kven skal eg bli kjæraste med? Skal eg gifte meg? Korleis er det med eigne barn? Korleis skal eg tene pengar for  sørgje for meg sjølv? og mykje meir … Det hjelper heller ikkje å  vike unna avgjerslene. Foreldre, lærare, familien og for ein gongs skuld også presten, vi kan i framtida berre være rådgivar. Og av til er det som er mest vanskeleg det å spørje om råd. Dumt er  berre den som ikkje spør. Men å spørje det må dokke gjer sjølv og vi skal prøve å svare og å hjelpe dokke så godt vi berre kan. Og dokke har ein til som dokke kan spørje: Uansett kor dokke er, korleis det går med dokke, om utfordringa er så komplisert at dokke ikkje tåler å snakke med nokon som helst: Gud er der alltid! Når dokke ber til han kjem han til å lytte på dokke og han vil prøver å hjelpe dokke. Ingenting er for stor for han og ingenting for liten. Han gler seg når dokke kjem til han med både glede og sorg.

Men det er mange ting i denne verda som kjem til å trekke dokke borte frå gud. Det er mange val som kan trekke dokke borte frå han. Det mange ting som kjem til å freiste dokke. Mange ting som kjem til å prøve å trekkje dokke borte frå gud. Og det som er ei freisting for den eine er ikkje noko freisting for den andre. Kva er det som freistar deg? Kva er det som trekjer deg borte frå gud? I gudstenesta då skal vi samlast og konsntrerast på høyre guds or, på å bed til han og på å syngje til han. Klarte snopet å gjer deg oppmerksam på dette? Det er mange freistingar som kjem og vi klarer å verne dokke frå alt. Så det einaste eg kan gjer er og be for dokke og å gi dokke i guds hand. Og difor skal eg nå tenne eit lys for kvar og ein av dokke.