Ein dag kjem ein engel til ei jente og fortel at ho er gravid. Ho skal føde guds son. Maria er ikkje gift ennå. Ho få vite at ho er gravid. Ho veit ikkje korleis kjærasten henna kjem til å reagere til og med sidan han ikkje er faren. Framtida henna og framtida til barnet er nok så uvisst. Ho og barnet kjem ikkje til å klare seg åleine. Men ho gir ikkje opp. Ho gir seg i Guds hand og ber:

 

Mi sjel høglovar Herren,

og mi ånd frydar seg over Gud, min frelsar.

 

For han har sett til si ringe tenestkvinne.

Frå no av skal alle ætter prisa meg sæl,

 

for store ting har han gjort mot meg,

han, den mektige,

heilagt er hans namn.

 

Hans miskunn varer frå ætt til ætt

for dei som har age for han.

 

Storverk gjorde han med sin sterke arm;

han spreidde dei som bar på hovmodstankar,

 

og støytte stormenn ned frå trona,

men lyfte dei låge opp.

 

Han metta dei svoltne med gode gåver,

men sende dei rike tomhendte bort.

 

Han tok seg av Israel, tenaren sin,

så han kom i hug sin lovnad til fedrane våre

 

og synte miskunn mot Abraham og hans ætt

-          til evig tid.

Preiketekst: Luk 1:46-55

 

Ein lovsong. Ein lovsong og så mykje takk i denne situasjonen.

Når var det sist du hadde grunn til å lovsyngje Gud? Når var det sist du følte behov for å takke Gud? kva er det som gjer at vi ikkje klarer å takke Gud oftare?

Når vi går med opne øyne gjennom livet finn vi mykje vondt som vi har grunn til å klage på og vi finn mykje godt som kan takke for. Og dei fleste her ute har mykje meir dei kan takke for enn dei har grunn til å klage over. Sjølv i denne situasjonen ho er oppi klarer Maria å takke Gud. Ho klarer å lovsyngje han fordi ho gir seg heilt helt og fullt i Guds hand.

Sund har blitt eit nok så uvanleg ord. Sund er noko som mange assosierer med kronisk dårleg samvit. Mange kjenner på ein måte at sund er noko som ikkje har noko med Gud å gjer, slik som dei opplever han. Når dei tenkjer på gud, tenkjer dei kjærleik, på skapninga og den gode Gud som dei husker frå søndagsskuklen då dei var små. Og det er ikkje feil det. Sund er ikkje som kjem frå gud. Sund det er noko som har med oss menneske å gjere. Sund, det er den avstanden som vi menneske skapar mellom oss og gud. Sund der det som trekker oss borte frå gud. Vi prøver å få kontroll over alt i livet vårt. Vi prøver styrer alt sjølv i livet vårt, men vi klarer ikkje. Det er så mykje som ikkje lar seg styre. Vi klarer ikkje å gi oss heilt og fullt i Guds hand. Maria har ikkje lengre kontroll over livet sitt. Det er ikkje ho som styrer lengre, det er gud.  Ho prøver ikkje å rømme frå gud og inn i sitt eige sjølvstyrte liv. Ho gir seg guds  hand og sjølv i denne vanskeleg situasjonen som ho er oppi slipp ho gleda fri og lovsyng gud.

Det ligg i oss menneske at vi prøver å rømme frå Gud. Vi må vende om med jamne mellomrom for å prøve å kome oss tilbake til Gud.  Og sjølv om det har blitt mykje rot og mykje uoppgjort mellom oss og Gud, kan vi likevel kome att til kan. Vi kan kaste bort alt det som hindrar oss i å kome til han. Og vi er hjerteleg velkomne hjå han. Han ser ikkje på kva vi har gjort. Han ser ikkje på alt som har gått galt. Han ser ikkje korleis vi kjem til han. Han ser kven som kjem: borna hans! Og han tar imot oss med opne armer og gir oss ein skikkeleg klem. Og sjølv om avstanden  mellom oss og gud er så stort som ein heil avgrunn, kan vi likevel kome til han. Jesus, barne som Maria var gravid med, har byggja ei bru til gud. Han døde for å dekke over denne avstanden. Gud ser ikkje på kor langt borte vi er, men han ser at vi kjem. Og han er nådig, vi kan kome med alt til han og han tar imot oss med opne armer. Uavhengig om der ein hektisk kvardag, behovet for å har kontroll, pengane, bilen huset, hytta eller kva det måtte være som trekker oss borte frå han og som gjer at vi ikkje klarer å gi oss heilt og fullt i hans hand. Vi kan ståle på nåden hans og kan kome att til han.